Heim Blogg Side 354

Språktest verkar ikkje for minoritetsbarn

0

Språktesten som skal avsløre dårleg språk-kompetanse hjå fireåringar verker berre på barn som er flinke i norsk.

– Språktesten som blei brukt er godt eigna til å teste barn som har norsk som morsmål. Dette verktøyet må tilpassast barn som er minoritetsspråklege.

Det seier Osmund Kaldheim, direktør i Inkluderings- og Mangfoldsdirektoratet (IMDi), til NRK.no.

Testen Språk 4 har vore i bruk sidan 2006 og har blitt gjennomført på fireåringar i 12 kommunar rundt om i landet. Språktesten skal avdekkje dårlege språk-kompetanse, spesielt hjå barn med minoritetsbakgrunn. I ein rapport IMDi la fram i går kjem det fram at testen eignar seg godt til å avdekkje sein språkutvikling hjå barn som har norsk som morsmål eller minoritetsspråklege barn som beherskar norsk godt nok til å kune avlegge testen på norsk. For fleirspråklege barn som ikkje greier seg så godt i norsk, er testen lite eigna, slår rapporten fast.

Fram til no har forsøksordninga med språktesting av fireåringar synelggjort at 10 prosent av barna som har norsk som mormål har behov for språkleg oppfølging. I gruppa fleirspråklege barn  har 1 av 4 fått tilbod om språkleg oppfølging.

– Dei 4-åringane som ikkje kan norsk, har to år på seg til å lære norsk før skulestart. Det er viktig at alle barn uavhengig av bakgrunn kan godt nok norsk ved skulestart til å ha læringsutbytte, seier Osmund Kaldheim i IMDi.

Språktestinga skal halde fram i 2009.

Kjelde: Språkkartlegging av 4-åringar, IMDi

Mediepris til Ingvill Tandstad

0

Journalist Ingvill Tandstad i NRK Østlandssendingen er tildelt Alf Helleviks mediemålpris 2009.

Ingvill Tandstad er 33 år gammal og jobbar som journalist og programleiar i radio og fjernsyn. Tanstad er opprinneleg frå Sykkylven på Sunmøre og er for tida tilsett ved NRK sitt største distriktskontor, NRK Østlandssendingen i Oslo. No får ho mediemålprisen for sin konsekvente nynorskbruk i eit elles bokmålsdominert mediemiljø, heiter det i pressemeldinga frå Samlaget.

Prisen vert delt ut av kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell på fredag.

Grunngjevinga for prisen: 
Ingvill Tandstad er ein motstraums journalist i hovudstadseteren. Innbyggjarane i Oslo kjem frå heile landet, og har ulik bakgrunn og identitet. Nemnda, samansett av leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Harald Stanghelle og Ingvild Bryn, ynskjer å leggje vekt på at det er viktig å fremje røyster i hovudstaden som ikkje har bokmål som talemål. Tandstad er ein pionér og eit førebilete, ikkje berre for innflyttarar frå nynorsktalande stader, men for den store gruppa av Oslo-borgarar som har ein nynorsk språkidentitet og som er interesserte i språk .

Nemnda ynskjer også å leggje vekt på kor viktig det er at born og unge i Oslo og Akershus vert eksponerte for nynorsk som ein naturleg del av språkbiletet i det offentlege rom.

Vil ha meir nynorsk i Utdanning

0

– Utdanning bør koma ut på nynorsk dei neste fire åra, seier leiar i Bergen mållag, Astrid Olsen.

Olsen, som er historikar og lærar understrekar at ho er seriøs i sitt forslag, og meiner det har med signaleffekten å gjera.

– Eg kjenner til fleire lærarar som skriv bokmål på tavla, sjølv om dei underviser på ein nynorskskule, seier ho. Dette gjev elevane inntrykk av at det ikkje er så nøye med språket deira. Mange er nok ikkje medvitne på det og gjer det ikkje av vond vilje, held ho fram.

Det er mange lærarar som slit sjølv om dei legg godviljen til. Men både lærarar og elevar møter bokmål i dei fleste medium i dag.

– Ein må lesa nynorsk for å halda språket ved like og for å læra nynorsk, understrekar Olsen. For lærarar som får fagbladet Utdanning i posten gjev det ei viss signaleffekt om at formidling og bruk av nynorsk ikkje er så viktig når mesteparten av det redaksjonelle innhaldet er på bokmål, avsluttar ho.

Best blant sine
– Me er ikkje nøgde med prosentdelen av nynorsk i bladet medgir ansvarleg redaktør i Utdanningsforbundet sitt fagblad Utdanning, Knut Hovland. Samstundes understrekar han at Utdanning er eit av dei fagblada i landet som har høgst nynorskprosent, sjølv om han per dags dato ikkje sit på konkrete tal.

– Når det er mykje nynorsk høyrer me ingenting, seier Hovland og etterlyser meir tilbakemeldingar når det er mange nynorske artiklar.

– Av dei seks til sju skrivande journalistane våre, er det ein fast journalist som skriv nynorsk, fortel Hovland. I tillegg er det ein deskjournalist som skriv nynorsk. Redaktøren oppmodar òg dei av frilansarane som beherskar nynorsk om å skriva dette. – Me har ei målsetjing om å ha nynorske artiklar i kvart blad, seier han.

Tel ikkje artiklar
Det ville vore naturleg at ein organisasjon og eit fagblad som representerer lærarar ville ha ei rimeleg fordeling av begge språk. Leiar i lærarmållaget, Ingar Arnøy, meiner laget kan oppmoda til meir bruk av nynorsk, men meiner dette ikkje er den øvste prioriterte saka til lærarmållaget.

– Det er redaktøren som avgjer den redaksjonelle språkforma, seier Arnøy. Vi tel ikkje artiklar i bladet Utdanning og på nettstaden utdanningsnytt.no, men syns det er flott at det blir skrive nynorsk, og vi vil oppmoda dei til å halda fram med det.

Arnøy kjenner til at det er blitt sendt brev til fagbladet Utdanning med oppmoding om meir nynorsk frå lærarorganisasjonar.

– Det er svært bra at det er lærarorganisasjonar som engasjerer seg og gjer dette, seier Arnøy. For lærarmållaget er språket til forbundet og bladet Utdanning eit svært lite problem i følgje lærarmållagsleiaren.

– Men det hadde ikkje skada med meir, men for lærarmållaget er det språkopplæringa i skulen som er primæroppgåva, avsluttar han.

Forventar meir nynorsk

0

Leiar i Mediemållaget Berit Rekve forventar at Utdanning merkar seg ut som særleg gode når det gjeld stoff på nynorsk

Mediemållagsleiaren har gått gjennom dei to siste utgåvene og eit par frå jul.

– Sjølv om det er ein eller to redaksjonelle artiklar på nynorsk, er ikkje dette nok til at dei kan seia seg nøgde. I tillegg til at mange av lesarane har nynorsk som hovudmål, er det like viktig at alle andre møter stoff om utdanningsfeltet på nynorsk. Dessutan meiner eg at alle lærarar skal ta ansvar for språket i skulen.

Rekve meiner det er særs viktig at fagpressa gjev nynorsken ein plass. Særleg med tanke på fagspråk og mangfald i tema som lesarar kan få presenterte på nynorsk.
– Utan at eg har detaljert oversyn, kan eg nok seia at det generelt er altfor lite nynorsk på redaksjonell plass, seier Berit Rekve.

– Vi er jo opptekne av at nynorsken skal ein plass i alle slags medium, men i fagpressa vert det særleg viktig òg med tanke på fagspråk og mangfald i tema som lesarar kan få presenterte på nynorsk.

Rekve meiner det som elles er særleg særleg leitt for dei som har nynorsk som hovudmål, er at Utdanning og andre fagblad vel å ha det meste av det redaksjonelle innhaldet på bokmål.

– Dei møter i for liten grad stoffet dei er interesserte i på målforma si. Det same gjeld jo media generelt og i organisasjonspressa. Vi skal sjå om vi i tida frametter kan løfta fram nynorsken og fagpressa i lag med dei andre medieområda vi arbeider med, avluttar ho.

Auka arbeidsinnvandring gir utfordringar

0

Arbeidsinnvandringa aukar, om enn ikkje like mykje som tidlegare år. Det syner nye tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

1. mars hadde 96 300 personar gyldig arbeidsløyve her i landet. Det er ein svak auke sidan årsskiftet, men likevel ein nedgang samanlikna med same periode i fjor. I løpet av januar og februar det blitt gitt 11 773 arbeidsløyve til utanlandske arbeidstakarar. Talet inneber både nye løyve og forlenging av eksisterande, melder UDI.   Til samanlikning vart det gitt  14 511 løyve på same tid i 2008.

Ein analyse utført av NAV peiker på at Noreg vil halde fram med å vere eit attraktivt land å arbeide i for utlendingar, gitt at finanskrisa ikkje berører Noreg like mykje som andre land.

Språket
Språkopplæring og husvære  er den største utfordringa for arbeidsinnvandrarane og kommunane som skal ta i mot dei, seier ordførar Sonja Edvardsen (Ap)  i Eid kommune.

– Både i førstegongsetableringa og i ein arbeidssituasjon er kommunikasjon og språk heilt sentralt, meiner Edvardsen.

Eid kommune har fleire innvandrar tilsette i mellom anna barnehage og reinhald, men skulle gjerne hatt fleire. Då må ein gjennom ein søknadsprosess der utlendingane konkurrerer med andre som har språket inne, og det kan vere utfordrande å ha eit så ulikt utgangspunkt. Innvandrarane som kjem for å jobbe må tileigne seg språket og kulturen for å kunne gjere ein god jobb.

Felles ansvar
Ordføraren er klar på at språkopplæring er eit felles ansvar mellom sentrale styresmakter og kommunane.

– Vi må få eit sterkare fokus på språkopplæring og meier pengar til å gjennomføre den. Systematisk språkopplæring må i gang med det same ein person har fått opphaldsløyve.
Også mangel på bustader er ein faktor kommunen opplever er med og set avgrensingar på kor mange innvandrarar ein kan få i arbeid.

– Bustadmangel er ein bremsekloss vi må få bukt med. Skal kommunane klare å gjennomføre dei oppgåvene vi er sette til, treng vi innvandrarar, seier Sonja Edvardsen.

FAKTA:

ARBEIDSLØYVE            
Fem største nasjonalitetar    

Antall

Polen    

41 045

Tyskland    

12 337

Litauen    

9 176

Storbritania    

4 716

Romania    

2 484

FEM STØRSTE NÆRINGAR            
Næring    

Antall

Bygge-, anleggs- og relatert verksemd    

22 467

Industriproduksjon    

16 000

Formidling og utleige av arbeidskraft    

13 258

Samferdsle-, handels-, hotell- og restaurantverksemd    

12 955

Jordbruk og fiske m/oppdrett    

4 746

Kjelde: UDI

(Framsidebilde: Flickr)

Arbeidsinnvandring er eit tema på landstinget i mai.

Målsak i Gvarv held fram

0

Rådmannen i Sauherad har innstilt på at opplæringsmålet ved Gvarv skole skal vere bokmål. Leiar i Utvalet for oppvekst og omsorg Heine Århus (V) var ikje nøgd med saksutgreiinga og har utsett handsaminga av saka.

Ifølgje avisa Telen meiner Århus at saksutgreiinga ikkje har godt nok faktagrunnlag om kor mange elevar i 1. – 7. klasse på Gvarv skole som har nynorsk og bokmål. Derfor brukte utvalsleiaren dobbeltstemma si og fekk saka utsett for vidare utgreiing.

Det var i fjor haust at politikarane i Sauherad ba om å få saka utgreidd, etter at rådmannen informerte om at kommunen kunne spare mykje pengar på å kutte ut dobbel undervisning.

Les også:
Duka for språkstrid i Gvarv.

Kommune i omstilling

0

Ein utanlandsk investor har vist interesse for å kjøpe den tidlegare felgprodusenten Fundo Wheels AS i Høyanger. Ordførar Kjartan Longva (Ap) har tru på at næringslivet i kommunen skal klare å omstille seg etter konkursen.

Kommunen er no på leit etter nokon som vil ta over drifta ved fabrikken. Ein utanlandsk investor har nyleg vist interesse for å kjøpe bedrifta.

– Dette er veldig usikkert, men det er ei utanlandsk bedrift som har vist interesse for ei mogleg drift av Fundo. Truleg veit me meir over påske, seier Longva.

Manglande etterspørsel etter felgar til Volvo, Audi og BMW førte til at felgprodusenten gjekk konkurs i januar. Heile Høyangersamfunnet er no berørt av konsekvensar frå finanskrisa. Med alle ringverknadene har totalt sett ein stad mellom 450 og 500 menneske mista jobben sin. Hydro i Høyanger har også varsla at 20 tilsette må gå.

Støtte frå regjeringa
Nyleg besøkte statsminister Jens Stoltenberg Høyanger. I den siste tida har også statsministeren besøkt andre industristadar som er råka av finanskrisa, deriblant Eramet sin fabrikk i Sauda.

– Det var veldig kjekt. Han var veldig godt orientert om det som har skjedd på Fundo. Og han sa jo at i det øyeblikket me har prosjekt som er lønnsame, så har me pengar.

– Regjeringa støttar Høyanger for å skape nye arbeidsplassar og ny vekst. Situasjonen i Høyanger er alvorleg både for lokalsamfunnet og ikkje minst for dei einskildpersonane og familiane dette gjeld, uttalte statsminister Jens Stoltenberg i ei pressemelding då regjeringa valde å gi kommunen 30 millionar i omstillingsmidlar.

Midlar ordførar Kjartan Longva meiner skal brukast til å gå gjennom potensielle prosjekt som kan bli aktuelle for å starte opp att drifta ved fabrikken. I tillegg ønskjer me å kunna ta  imot gründarar.

– Ein gründer har ofte ein god idé, men lite pengar, meiner Longva, og legg vekt på at han er overraska over kor kjapt omstillingsmidlane var på bordet.

No er ordføraren mest oppteken av kva som vil skje med Høyangersamfunnet medan ein ventar på nye tiltak og omstillingar.

– Det er spanande. Kva skjer medan me ventar? Flytter dei unge frå kommunen for å finne arbeid? Sit me til slutt att med dei eldste innbyggarane? Då er me i så fall komen inn i ein vond sirkel, slår han fast.

Må omstille seg
Høyanger kommune fekk i tillegg til omstillingsmidlane sju millionar i ekstraordinære skjønnsmidlar. Bakgrunnen for at regjeringa valde å gå inn i Høyanger med ei omfattande støtte, er ikkje minst dei store ringverknadane konkursen har gitt samfunnet.

– Regjeringa vil dessutan følgje utviklinga i Høyanger nøye, og vurdere behovet for å støtte på nytt om det er nødvendig, uttalte kommunal – og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa til Sogn Avis tidlegare i vår.

Og ordførar Longva har tru på ei endring.

– Eg er avventande. Men me skal klare å skape ny aktivitet og omstille oss, det har me også gjort før.

Høyanger kommune har dei siste åra hatt ein nedgang i folketalet på om lag 10 prosent. 1. januar 2009 var det 4. 327 innbyggarar i kommunen.

(Framsidebilde: Høyanger kommune)

Kleppa vil stimulere bulysta i distrikta

0

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) varslar eit eige program for å stimulere lysta til å bu i distrikta.

Programmet blir lansert som eitt av fleire tiltak i stortingsmeldinga om distrikts- og regionpolitikken, som departementet til Kleppa legg fram i dag.
– Vi har blant anna som ambisjon å sørgje for større handlingsrom lokalt, slik at lokale initiativ kan følgjast opp, seier Kleppa til NTB.
Kor mykje pengar som skal brukast på satsinga, vil ho ikkje seie noko om før statsbudsjettet for neste år blir lagt fram til hausten.

Meir trivsel
Eitt av tiltaka i stortingsmeldinga er ei eiga satsing på lokale tiltak for å sikre meir trivsel i lokalsamfunna.
Ifølgje statsråden er bakgrunnen for satsinga ei undersøking om motiva for flytting og busetnad.

– Undersøkinga viser at attraktive lokalsamfunn blir stadig viktigare for busetnaden i tillegg til arbeid og bustad, seier Kleppa.

Meir kunnskap
– Derfor vil vi setje i verk eit program for å auke kunnskapen om kva som gjer samfunn attraktive, og korleis ein kan arbeide lokalt for å fremje attraktiviteten. Kunnskap på dette feltet har mykje å seie for utviklinga av lokalsamfunn og kommunar, seier Kleppa.

Ho trekkjer fram utviklinga av gode stader å bu, både for innbyggjarar og tilflyttarar, som avgjerande for busetnadsutviklinga i mange distriktskommunar.

Unge
– Særleg er dei busetnadsvala som unge i etableringsfasen gjer, avgjerande. Det same gjeld busetnadsvala til innvandrarar, seier statsråden.

Ho varslar at departementet vil fremje prosjekt i kommunar og regionar som kan medverke til å vidareutvikle kunnskapen om faktorar som stimulerer bulysta blant folk, som fremjar inkludering og får fleire tilflyttarar til å bli buande i distrikta.

(NPK)

Verneområde med to sider

0

– Nasjonalparkane våre er viktige for kommunane si omdømmebygging. Men verneområda legg også hindringar i forhold til anna type aktivitet, meiner ordførar i Stryn kommune, Nils Petter Støyva (Ap).

88 prosent av arealet i Stryn kommune er verna eller bandlagt. Blant anna Jostedalsbreen nasjonalpark, som med sine 1315 kvadratkilometer er den 4. største nasjonalparken i landet. Nasjonalparken vart oppretta i 1991 og utvida i 1998. Jostedalsbreen er ein stor platåbre med mange brearmar og er den største breen på fastlandet i Europa. Nasjonalparken inneheld òg mange andre mindre brear.

– Eg trur nasjonalparkane vert ein viktigare del av merkevarebygginga til kommunane framover. I mange område vil det bli eit kvalitetsstempel med ein nasjonalpark, seier Støyva, og viser til USA der mange nasjonalparkar etter kvart fungerer som magnetar for reiselivsbedriftene.

– Me er i dag ein stor reiselivskommune, og nasjonalparken er viktig for oss. Samstundes ser me jo at verning og bandlegging av område gir avgrensingar. Blant anna var det fleire større planar for kraftutbygging i området på slutten av 1980 – talet og byrjinga av 90 – talet, men dei vart aldri realiserte. Eg har lenge vore ein talsmann for å mjuke opp verneregimet i forhold til nasjonalparkar for å få meir næringsaktivitet, meiner ordføraren.

Stryn kommune har blant anna hatt ynskje om å både flytte grensene for nasjonalparken og få bygd ein gondolbane slik at folk lettare kan kome seg inn i nasjonalparken. Utan at dei har lukkast med det.

– Slik det er no, er parken eit turområde for dei spreke. For andre som ikkje er så spreke, er det verre å få brukt området. Men når me no har fått ein nasjonalpark er det viktig å akseptere den og bruke den som eit trekkplaster, slår Støyva fast. 

Vekst og vern er eit tema på landstinget i mai.

– Eit unikt prosjekt

0

Kommunal – og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) meiner Diktarvegen er eit unikt prosjekt.

Ministeren uttrykte støtte til prosjekt som klarer å knyte kultur og næring saman då ho snakka om rv. 13 som verktøy for ein aktiv distrikts – og regionalpolitikk under Diktarvegkonferansen i Ulvik i dag. Ho meinte også prosjektet ville ha gode sjansar for å få støtte frå departementet.

– Me har gode erfaringar med å støtte prosjekt som skaper engasjement og nye arbeidsplassar i distrikta, meinte ho og la vekt på sitt eige engasjement for den mykje omtalte vegstrekninga.

– Diktarvegen er ein openbar kandidat til slike midlar, uttalte ho.

Kommunal – og regionalministeren gav også nokre hint om kva som vil kome i distrikts – og regionalmeldinga som vert lagt fram førstkomande fredag.

– Noko av det viktigaste er å utvide det lokale handlingsrommet. Diktarvegen er eit glimrande uttrykk for lokale krefter som ser lokale fortrinn, meinte ho

Diktarvegkonferansen starta opp i Ulvik i dag. Meininga med prosjektet er at spor etter fem kjende forfattarar skal lose deg langs rv. 13 frå Jæren, gjennom Ryfylke, Hardanger, Voss, Sogn og til Sunnfjord.

Målet er å etablere den første litteraturruta i Noreg, der forfattarane Arne Garborg, Rasmus Løland, Olav H. Hauge, Per Sivle og Jaob Sande og deira lokale senter skal vere ryggraden.

Her skal ein syngleggjere arbeidet deira på stoppunkt langs turistvegen, samarbeide om kulturprosjekt og pedagogiske opplegg, utvikle felles litteratunettverk, tilrettelegge fysiske utstillingar og å styrke ruta som indre stamveg. Ein legg no grunnlaget for å utvikle og formalisere diktarvegprosjektet til å bli ein ressurs for nærings – og utviklingsarebeidet i 16 kommunar, 5 regionar og 3 fylkeskommunar. Målet er å nytte kulturkapitalen etter dei fem forfattarane til noko positivt og utviklande for framtida.

Nyskapande vegprosjekt

0

I dag er det klart for seminaret om det som kan bli den første litteraturruta i Noreg. Spor etter fem diktarar skal gjere rv. 13 til noko meir enn berre rein topografi.

Dei fem diktarane Garborg, Løland, Hauge, Sivle og Sande skal på ulikt vis dra føremon av kvarandre og skapa nye og spennande opplevingar for dei reisande.

– Eit nyskapande samarbeidsprosjekt som dette, vil truleg få mykje merksemd. Dette vil koma kvar av dei fem diktarane til gode, seier styreleiar Torunn Ljone i Olav H. Hauge Stiftinga.

– Eg trur og fokus på diktarane, og små opplevingar langs vegen, vil få langt fleire tilreisande til å koma innom senteret og oppleva aktivitetane våre. For Haugesenteret, som er under planlegging, vil dessutan det å ha ein såpass konkret samarbeidsarena vera til svært god hjelp, seier Ljone.

Felles nytte

Det sørlegaste punktet for Diktarvegen er på Jæren kor det ligg føre planar for eit nasjonalt senter for Arne Garborg. Dagleg leiar for Nasjonalt Garborgsenter, Einar Schibevaag, ser at dei fem forfattarstiftingane har mykje å vinne på å jobbe jamsides med pedagogiske opplegg, marknadsføring og utveksling av kunnskap.

– Rv. 13 bind oss saman. Dette prosjektet kan gje synergiar til fleire kulturtiltak og å fremje nye kunstnartalent i bygdene våre, seier Schibevaag. Han kallar Diktarvegen ein vestlandsakse gjennom område med felles kulturelle tradisjonar og utfordringar.

Ikkje kommersielt fokus

I Ryfylke går rv. 13 gjennom forfattaren Rasmus Løland sitt rike. Dagleg leiar for Lølandstiftinga, Marny Skeie Henkel, har tru på at Diktarvegen kan skape noko nytt, noko unikt og annleis. Ein veg for undring, opplevingar og ettertanke, noko som ikkje først og fremst er kommersielt.

– Det trur eg trengst i ei verd der det er mykje kommersiell fokus. Kvifor ser så mange på «Der ingen skulle tru at nokon ville bu»? undrar Skeie Henkel.

Lølandstiftinga har allereie prøvd ut nokre tiltak som Diktarvegen kan hauste erfaring frå, gjennom mellom anna å dekorere den lokale ferja med Løland-sitat og ei skrivarhytte for diktarar, som skal opne no i mai.

Og nettopp det med hausting av erfaring frå kvarandre er eitt av goda dette veg-prosjektet kan gi dei ulike diktarforeiningane, meiner leiar for Per Sivle-laget, Jens Brekke.

– Å kunne informere saman om alt det som finst på rekkje og rad langs vegen er eit stort føremon. Det er voldsomt spennande å jobbe saman for å kanalisere litteraturinteresserte menneske langs denne aksaen.

Brekke synest tanken om til dømes ei GPS-navigering som gjer at folk kan finne installasjonar og aktuelle område verkar interessant.

Midt i blinken

– Idèen om Diktarvegen er midt i blinken for oss, seier leiar i Jakob Sande-selskapet, Margrete Reisæter.

Jakob Sande si heimbygd Fjaler i Sogn og Fjordane representerer endepunktet for Diktarvegen.

– Dette er utvikling av lokalsamfunnet og identiteten her og av Vestlandet. Det er med på å sette dei vakre fjordane og fjella tydelegare på kartet. Diktarvegen er et godt reisemålskonsept, både for nordmenn og utlendingar.


Fakta om Diktarvegen

* Diktarvegen skal gå frå Jæren i Rogaland, via Ryfylke, Hardanger, Voss og Sogn og ende i Sunnfjord i Sogn og Fjordane.
* Prosjektet har som mål å bli den første litteraturruta i Noreg.
* Fem forfattarar frå plassar kring rv. 13 skal syne att i Diktarvegen: Jakob Sande, Per Sivle, Olav H. Hauge, Rasmus Løland og Arne Garborg.
* Ein eigen konferanse om Diktarvegen blir arrangert i Ulvik 15. og 16. april 2009.

 

– Eit unikt prosjekt

0

Kommunal – og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) meiner Diktarvegen er eit unikt prosjekt.

Ministeren uttrykte støtte til prosjekt som klarer å knyte kultur og næring saman då ho snakka om rv. 13 som verktøy for ein aktiv distrikts – og regionalpolitikk under Diktarvegkonferansen i Ulvik i dag. Ho meinte også prosjektet ville ha gode sjansar for å få støtte frå departementet.

– Me har gode erfaringar med å støtte prosjekt som skaper engasjement og nye arbeidsplassar i distrikta, meinte ho og la vekt på sitt eige engasjement for den mykje omtalte vegstrekninga.

– Diktarvegen er ein openbar kandidat til slike midlar, uttalte ho.

Kommunal – og regionalministeren gav også nokre hint om kva som vil kome i distrikts – og regionalmeldinga som vert lagt fram førstkomande fredag.

– Noko av det viktigaste er å utvide det lokale handlingsrommet. Diktarvegen er eit glimrande uttrykk for lokale krefter som ser lokale fortrinn, meinte ho

Diktarvegkonferansen starta opp i Ulvik i dag. Meininga med prosjektet er at spor etter fem kjende forfattarar skal lose deg langs rv. 13 frå Jæren, gjennom Ryfylke, Hardanger, Voss, Sogn og til Sunnfjord.

Målet er å etablere den første litteraturruta i Noreg, der forfattarane Arne Garborg, Rasmus Løland, Olav H. Hauge, Per Sivle og Jaob Sande og deira lokale senter skal vere ryggraden.

Her skal ein syngleggjere arbeidet deira på stoppunkt langs turistvegen, samarbeide om kulturprosjekt og pedagogiske opplegg, utvikle felles litteratunettverk, tilrettelegge fysiske utstillingar og å styrke ruta som indre stamveg. Ein legg no grunnlaget for å utvikle og formalisere diktarvegprosjektet til å bli ein ressurs for nærings – og utviklingsarebeidet i 16 kommunar, 5 regionar og 3 fylkeskommunar. Målet er å nytte kulturkapitalen etter dei fem forfattarane til noko positivt og utviklande for framtida.