Heim Blogg Side 353

Vil ha utgreiing om momsfritak for aviser

0

Noregs Mållag meiner at momsfritaket for aviser fungerer som eit indirekte statstilskot til språkdiskriminering. No ber dei departementet om ei utgreiing.
Mållaget meiner at utgreiinga bør vurdere om forbod mot å bruke eit av dei to offisielle norske målformer på redaksjonell plass bør gje bortfall av momsfritak for riksdekkande aviser utan eksplisitt språkpolitisk definert føremål, som t.d. Aftenposten, VG og Dagbladet.

– Redaktørane er i sin fulle rett til å avgjerde kva språk avisa deira skal redigerast på. På same måten er staten i sin fulle rett til å sjå på korleis dei offentlege støtteordningane fungerer, seier nyvald leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård i ei pressemelding.

– Sjølv om momsfritaket i utgangspunktet skal stimulere til meiningsmangfald i norsk presse, så er den samstundes uløyseleg knytt opp til det norske språket. Den nye språkmeldinga Mål og meining slår fast at me har to offisielle språk og at regjeringa ventar at det blir opna opp for nynorsk i riksdekkjande aviser. Då må det vera naturleg å sjå nærare på korleis ein kan knyte språkbruk opp mot den offentlege støtta som desse avisene får, seier Øvregård vidare.

Nynorskstipend til spel og kaffi

0

Noregs Mållag har delt ut to stipend som skal hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på ulike samfunnsområde. Det eine går til utvikling av eit brettspel som skal styrkje nynorskopplæringa, det andre går til ein kaffiimportør.

Audun Blokkum arbeider som lærar i Bærum. Gjennom arbeidet sitt har han sett kor vanskeleg det er for mange elevar med bokmålsbakgrunn å lære nynorsk. Han har laga eit brettspel som kan brukast i klasserommet, og som lét elevane spela og leika seg til lærdom i grammatikk, ordlistebruk og ordtilfang på nynorsk.

Spelet er førebels berre laga i ein prototype og testa ut på nokre få elevar. Men no vil Blokkum få hjelp til grafisk utforming og produksjon av spelet, og på sikt prøve å selja det til skular over heile landet.

Zapatistgruppa i Bergen får stipendet til prosjektet Cafe YaBasta. Gjennom prosjektet vil dei importere og selja kaffi frå zapatistar i Mexico, og dei ønskjer å bruka nynorsk på etikettane på den kaffien som blir selt her i landet.

Cafe YaBasta vil setja søkjelys på kulturelle og språklege rettar og på zapatistane sitt arbeid med å opprette og drive skular med undervising i eigne språk. Dei samanliknar den kampen zapatistane fører med den norske målrørsla.

Stipenda er på 50.000 kroner og vart delt ut på landsmøtet i Noregs Mållag. Prispengane er ei løyving frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Dette er tredje året stipenda blir lyst ut. (©NPK)

Språkmeldinga utvider språkpolitikken

0

Kulturdepartementet skal ha eit overordna ansvar for språket, og Språkrådet får utvida sitt mandat. Denne samordninga av språkpolitikken er noko av det viktigaste som kjem ut av stortingsmeldinga Mål og meining, meiner LNK.

– I juli 2008 kom meldinga som heile det språkinteresserte Noreg venta på, stortingsmeldinga ”Mål og meining”. I går kalla statsråd Trond Giske dokumentet for den viktigaste kulturmeldinga i Noreg på mange, mange år. Det trur eg han har rett i, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland.

– Meldinga er spennande lesnad. Kulturministeren og Kulturdepartementet har våga å tenkja store tankar, og presenterer for første gong ein ny, overordna og heilskapleg norsk språkpolitikk.

– Meldinga drøftar korleis det norske språket står seg i ei verd der engelsk dominerer meir og meir – også i Noreg. Ho tek opp stoda for ulike språk i Noreg, og går djupt inn i  tilhøvet mellom dei to norske språkformene – nynorsk og bokmål. ”Mål og Meining” slår fast kor grunnleggjande viktig språk er for ein nasjon, og dokumenterer grundig språkstoda i dag. Meldinga inneheld fleire spennande og nye vinklingar på språkpolitikk: Eit heilt kapittel er til dømes sett av til å drøfta samanhengar mellom språk og makt. Meldinga har klare visjonar for kva språkpolitiske mål den raudgrøne regjeringa har – og ei rekkje konkrete framlegg til tiltak for å nå desse måla.

Høviskeland meiner at to av dei viktigaste tiltaka truleg er at språkpolitikken no skal samordnast: Kulturdepartementet vil få eit klart overordna ansvar, og Språkrådet får eit vidare mandat, nye  oppgåver og ressursar til å verta eit slags språkdirektorat. Meldinga er elles klar på at det norske språket vert rikare av at me har to ulike målformer som utfordrar kvarandre, påverkar kvarandre og syter for å halda engasjementet for det norske språket oppe, meiner LNK-leiaren.

– Den nye språkmeldinga er på 260 innhaldsrike sider. Men kapitlet om økonomiske og administrative konsekvensar er på berre ei side, og i den siste setninga står det å lesa: ”Det er i alle høve føresetnaden at alle tiltak som er varsla i denne meldinga, skal kunna dekkjast innafor dei til ei kvar tid gjeldande budsjettrammene.” Her stussar eg litt: Ei rekkje av dei tiltaka som er konkretiserte i meldinga vil kosta pengar – mange pengar. Statsbudsjettet som vart lagt fram i oktober i fjor hadde med friske pengar til fleire gode nynorsktiltak, mellom anna ein halv million ekstra til LNK. Men dersom regjeringa verkeleg skal følgja opp den gode viljen og dei store ambisjonane som ligg i ”Mål og meining”, er det nødvendig med store budsjettløft i åra som kjem.

Radøy best på gjeldsrådgjeving

0

Radøy kommune i Hordaland er best på gjeldsrådgjeving.

Berre 12 kommunar i heile landet har god sørvis på gjeldsrådgjeving, slår Forbrukarrådet fast. Best av alle er Radøy kommune.

Radøy får god utteljing i testen ved å gi rask tilbakemelding, tydeleg tidsfrist for tilbakemelding og personleg svar.

– God sørvis er et hovudsatsingsområde hjå oss. Målet vårt er at folk skal få hjelp same dag som dei vender seg til oss, seier rådmann Christian Fotland til Forbrukerportalen.no.

Les meir:
Radøy – ein seksstjerners kommune

Kommunane får strykkarakter for gjeldsinformasjon

0

Berre 12 kommunar i Noreg gir god nok informasjon til gjeldsoffer, ifølgje ei fersk undersøking frå Forbrukarrådet.

Forbrukarrådet har spekka informasjon som blir gitt på dei kommunale nettsidene, svar som blir gitt på e-post og telefon og kor lang tid det vil ta før folk får økonomisk rådgiving. Resultatet er nedslåande.

Terje Killi i Forbrukarrådet fortviler. Han meiner det er uheldig at kommunane ikkje kan gi eit betre tilbod i ein situasjon med økonomisk krise.

– Dersom ikkje økonomien betrar seg på kort tid vil fleire hamne i ein vanskeleg situasjon, seier Killi til NRK.

Blant anna er heile elleve av kommunane i Møre og Romsdal i botnsjiktet, ifølgje undersøkinga.

Georg Rønning i organisasjonen Fattignorge er ikkje overraska over at kommunen sviktar.

– Dette er rett og slett tragisk lesing. Dette handlar om lagnader til menneske som satsar på å få den hjelpa apparatet er betalt for å gi. Mange ender opp med større gjeld enn når dei begynte fordi ting tar så lang tid, seier Rønning. (©NPK)

Her kan du sjå resultata for ditt fylke.

Radøy best på gjeldsrådgjeving

0

Radøy kommune i Hordaland er best på gjeldsrådgjeving.

Berre 12 kommunar i heile landet har god sørvis på gjeldsrådgjeving, slår Forbrukarrådet fast. Best av alle er Radøy kommune.

Radøy får god utteljing i testen ved å gi rask tilbakemelding, tydeleg tidsfrist for tilbakemelding og personleg svar.

– God sørvis er et hovudsatsingsområde hjå oss. Målet vårt er at folk skal få hjelp same dag som dei vender seg til oss, seier rådmann Christian Fotland til Forbrukerportalen.no.

Les meir:
Radøy – ein seksstjerners kommune

Ny leiar i Noregs Mållag

0

Håvard Øvregård (34) frå Volda er vald til ny leiar av Noregs Mållag.

Den nyslåtte leiaren er oppteken av å få meir nynorsk i barnehage og skule, betre nynorskopplæring til innvandrarar og meir nynorsk i media.

– Når språkmeldinga vert vedteke i Stortinget tysdag er det berre å brette opp armane og arbeide. Då må me fylle alle dei gode intensjonane med gode tiltak, seier Håvard Øvregård.

Øvregård har vore nestleiar i mållaget dei sienaste åra, og tek no over leiarvervet etter stordabuen Hege Myklebust.

Målprisar
Under Noregs Mållag sitt landsmøte, som gjekk av stabelen i Oslo i helga, vart det og delt ut målprisar. Kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) fekk Målprisen for sitt arbeid med å trygge eksistensgrunnlaget og vekstvilkåra til nynorsken. Nobel-leiar Ole Danbolt Mjøs fekk Målblomen 2009 for å ha bruka nynorsk under utedlinga av Nobel-prisen dei siste seks åra.

Mjøs har kvart år lese grunngjevinga på nynorsk, og det for nær ein halv milliard menneske. Han er truleg den som når lengst ut i verda med nynorsk, heiter det i grunngjevinga frå Noregs Mållag.

Mykje meir nynorsk

0

Treningsgründer Yngvar Andersen (35) brukar nynorsk som marknadsføringsspråk for å skilje seg ut i jungelen av treningstilbod i Oslo.

Foto: Ingvild Grane
– Vi brukar nynorsken bevisst i marknadsføringa. Dei kundane vi vil nå, legg mykje meir merke til oss når vi brukar nynorsk, fortel den sporty sogningen.

På Lysaker brygge, akkurat på grensa mellom Oslo Vest og Bærum, ligg treningssenteret Mykjemeir i store, lyse lokale som vender mot Oslofjorden. I snøen utanfor travar dress- og draktkledde folk forbi i raskt tempo til og frå dei mange kontora i området.

Yngvar Andersen sit i ein stilrein, knalloransje stol i resepsjonen og ventar på sin neste kunde. Sidan treningssenteret Mykjemeir starta for snart tre år sidan, har dei fått ein kundemasse på om lag 250 personar. Det er kanskje ikkje så mykje, samanlikna med eit vanleg treningsstudio. Men ved Mykjemeir kan du ikkje sveitte over tredemøllene og løfte vekter på eigahand. Her kjem du berre innanfor dørene dersom du har avtale med ein av senterets i alt ni personlege trenarar.

På ein slik marknad gjeld det å skilje seg ut. Difor tyr Yngvar til nynorsk. Og nynorskprofilen er gjennomført. Det er ikkje berre namnet og reklamemateriellet som er på nynorsk. På heimesida til Mykjemeir må ein aktivt gå inn og trykke på ein knapp for å lese sida sitt innhald på bokmål. Det er eit bevisst val.

– Det er berre på offentlege nettsider at ein har valet mellom å lese innhaldet på nynorsk eller bokmål. Slikt gjer ein ikkje i det private, ler Yngvar.

– Ved å bruke nynorsk, skil vi oss ut. Folk legg merke til det.

Leikegrind for trening
For mange vil treningsgründeren vere eit kjent fjes frå Puls på NRK. Bak seg har han seks års erfaring som personleg trenar, og dessutan lang fartstid som utøvar både innan friidrett, langrenn, styrkeløft og ulike ballsportar. Treningssenteret Mykjemeir er resultatet av ein draum Yngvar har hatt i mange år:

– Eg hadde drøymd heile mitt vaksne liv om å skape ei leikegrind for god trening, seier han.

– Eg fann ut tidleg at eg ikkje hadde toppidrettsgenet, held han fram.

– Eg ville ikkje trene så mange timar om dagen, og berre tenkje på meg sjølv. På den tida las eg masse livsstilsmagasin frå USA, der trenden med personlege trenarar var kome like langt då som det har kome i Noreg no. Eg såg med ein gong moglegheitene som låg der, og eg tenkte: ”Ein gong skal eg revolusjonere personleg trening”, seier Yngvar og ler.

No har eg gjort det. Og det er eg utruleg stolt av, held han fram.

Treningsfilosofien hans går ut på knallhard, men riktig trening.

– Folk skal strekkast så langt som mogleg, med minst mogleg sjansar for å få treningsskadar. Dersom ein trener hardt, treng ein ikkje å bruke så mykje tid på trening, seier han.

– Flink til å motivere
Berit Normann (66) har trena med Yngvar i snart eitt år, og kjem til Mykjemeir på bryggkanten ein gong i veka.

– Yngvar får meg til å strekke meg lenger, seier ho.

Den spreke 66-åringen hadde trena aktivt heile livet, då ho for eitt år sidan fekk ein hofteskade.

– Eg måtte slutte å spele basketball, og det gjorde meg heilt fortvila, fortel ho.

Ein arbeidskollega tipsa ho om å prøve ein time med Yngvar på Mykjemeir, og Berit seier det er viktig for ho å ha ein trenar som kan vegleie ho i å trene riktig.

– Yngvar er utruleg flink til å motivere. Eg er så gammal at eg ikkje let meg lure av trenarar som berre seier ”flott” og ”godt” når eg trener dårleg. Slik er ikkje Yngvar. Han får meg til å yte mitt beste.

Det same seier Jeanette Brett (29). Ho er ein av deltakarane i Puls på NRK, og trener med Yngvar ein gong i veka.

– Han pushar meg til å strekke meg mykje lenger enn eg ville gjort dersom eg trena på eigenhand, seier ho andpustent frå tredemølla, der ho varmar opp til vekas møte med Yngvar.

Jeanette begynte å trene på Mykjemeir i januar. Etter å ha slitt med bekkenløysing i mange år, tek ho etter to månaders trening 85 kilo i markpress.

– Det er kanonbra! ropar Yngvar når ho rykkar opp ei tung vektstong for femte gong på rad.

– Innmari morosamt
Både Berit og Jeanette har lagt merke til senteret sin nynorskprofil, og trass i at Oslo Vest knapt kan kallast ei nynorskens vogge, stiller begge seg positive til målvalet:

– Eg synst nynorsk er nydeleg. Og så er det jo eit marknadsføringstriks, og. Ein legg jo merke til det, seier Berit.

– Eg synst det er innmari morosamt, seier Jeanette om marknadsføringsmålet.

– Det er jo ikkje så mange stadar her i Oslo som brukar nynorsk, held ho fram.

– Så du reagerer ikkje negativt på nynorsken?

– Nei, absolutt ikkje. Det kan heller vere ein fordel, som gjer senteret synleg.

Ein målpris frå heimkommunen Luster blei den store oppmuntringa til å satse på språket for Yngvar:

– Det er ikkje særleg mykje fokus på slikt i treningsbransjen. Det er mykje dårleg språk, mykje skrivefeil, og ingen ventar noko anna. Hos oss jobbar vi for at ting skal vere skrive godt. Målsetjinga er at all informasjon frå oss skal vere på nynorsk, seier han.

Investering i helsa
Og medan Jeanette blir pusha til enda eit rykk med vektstanga, er det umogleg å ikkje vedgå at treninga blir mykje meir effektiv med ein trenar som klappar, hoppar og ropar ”glimrande” når ein trener godt. Men det er ikkje gratis. For ei treningsøkt på 50 minutt kostar det 800 kroner. For 25 minutt kostar det 450.

– Det er jo kjempedyrt, men det er ei vurderingssak. Eg set helsa framfor alt, seier Berit Normann om prisen.

– For det er litt dyrt, Yngvar?

– Der må eg seie nei. Ein må sjå prisen opp mot andre ting. Viss ein samanliknar prisen med pengar ein elles kunne sett i banken, er det dyrt. Men det er ikkje så dyrt om ein set det opp mot andre ting ein kjøper og brukar pengar på. Men då må jo også treninga ha eit innhald som står seg. Elles er det ikkje verdt nokon ting.

Side Brok blir dokumentar

0

Etter tre års pause kjem Side Brok no både med ny plate og dokumentar, skriv Stavanger Aftenblad.

Rapgruppa Side Brok frå Hovdebygda i Ørsta er klare for rampelyset igjen, etter ein tre år lang pause. No kjem albumet «Ekte Men» som kjem i butikkane 11. mai, og dokumentarfilmen «Heimegutar». Filmen hadde verdspremiere som opningsfilm under den Norske Dokumentarfilmfestivalen 22. april. Filmen er basert på gjengen sine opp – og nedturar frå 2003 og fram til i dag.

Mest kjende er dei truleg for nynorskprofilen sin. Eit språkval som overraska mange. Som vaskeseddelen på den nye dokumentarfilmen oppsumerer det: «Publikum elska dei, men var hip-hop frå Hovdebygda spøk eller alvor?», skriv Stavanger Aftenblad.

Dei har tidlegare blitt nominert til Spellemannspris, vunnet Urørt, og fått prisen som Årets nynorskbrukar frå Nynorsk kultursentrum.

Leitar etter den nye Arne Garborg

0

Nasjonalt Garborgsenter og Det Norske Samlaget arrangerer romankonkurranse der premien er 100.000 kroner. Målet er å finne Arne Garborg sin arvtakar.
– Arne Garborg skildra si tids store omveltingar – religionen si rolle, skilnadane mellom lokal, nasjonal og europeisk identitet og maktforholda i samfunnet. Me håpar å finne hans arvtakar, heiter det i ei pressemelding.

Nasjonalt Garborgsenter og Det Norske Samlaget etterlyser no nye politiske romanar, som kastar lys over nyare tid, og som kan berøre spørsmål som : kva er dei viktigaste utfordringane i verda i dag?, kvar skjer dei største endringane i kultur og levemåte? og kva betyr den globaliserte verda for enkeltmennesket?.

Juryen består av representantar frå Nasjonalt Garborgsenter og Det Norske Samlaget. Vinnaren blir lansert under opninga av Nasjonalt Garborgsenter våren 2011, og boka vil bli gitt ut på Det Norske Samlaget.

Frist for å sende inn manus er 1. april 2010.

Saman om kart

0

Saman om kart

Av Toyni Tobekk 23.apr.2009

Ni kommunar i Nordhordland samarbeider om ein digital kartportal som skal gjere kvardagen enklare for private så vel som det offentlege.

Gjennom kartportalen norhordlandskart.no er det lagt til rette for eit utal mulegheiter for innbyggjarar og sakshandsamarar som treng vite om grenser, næringseigedommar, strandsoner og andre planrelaterte saker.

Felles regelsett og rutinar for planarbeid, oppmåling og liknande tenester, skal gi  sakshandsaming på like vilkår uansett kva for ein av dei ni kommunane ein bur i.

Finne lokalmiljøet
Karttenesta vil dessutan vere av stor privat interesse, meiner utviklarane.

– Folk som lurer på å flytte til ein av kommunane kan til dømes gå inn på kartet og sjå kor langt det er frå eit aktuelt byggefelt til ein barneskule, forklarar Harald Stanghelle, leiar i arbeidsgruppa for Nordhordlandskart. Stanghelle er IKT-rådgjevar i Radøy kommune, og han legg vekt på at eit tett samarbeid mellom IKT og dei kart-faglege er heilt avgjerande for å få ei slik teneste så god som muleg.

Sjølv om den digitale karttenesta tilsynelatande er lik den tenesta dei fleste fylka i landet kan tilby, så har nordhordlandsmodellen fleire fordelar.

– Vi kan vere kjappare i oppdatering og utvikling, og vi går djupare i det lokale, seier Stanghelle. Til dømes kan karttenesta i Nordhordland syne kor i kommuneplanen det er sett av næringstomter, noko som ikkje er vanleg på andre kart. Enno kan ikkje kartet fortelje kva tomter som til ei kvar tid er ledige, men planen er å lage eit eige temakart for næringsareal.

Utløyser midlar
Dei ni kommunane som utgjer Nordhordland digital er Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy. I kartportalen samarbeider dei med fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune og Statens kartverk, Bergen.  Etableringa av kartportalen i 2004 blei finansiert av KRD og næringslivet i regionen. Hordaland fylkeskommune bidrar med subsidiert drift av kartportalen og fylkesmannen yter tilskott frå tildelte skjønsmidlar til tiltaket.

Forutan å samarbeide om karttenestene har regionen felles GPS og anna spesialutstyr som kvar kommune kan bruke etter behov. Det er og med og held kostnadene nede både for kommunane og for brukarane.

Skal ha alt
Etter at nordhordlandskart.no vart utvikla har og Bergen og omland adoptert strukturen for portalen, fortel Stanghelle, og regionane samarbeider om den vidare utviklinga. Han ser ikkje bort frå at andre regionar kan la seg freiste av arbeidet dei har gjort.

Arbeidet med nordhordlanskart.no har tilført Digitale Nordhordland mykje kartkompetanse og styrkt fagmiljøet. Kommunane er blitt ein del av Geovekst, eit geodatasamarbeid mellom kommunane, Statens kartverk, Telenor, Statens vegvesen, Energiforsymingens Fellesorganisasjon, Kommunenes Sentralforbund, og Landbruksdepartementet.

– Vi ønskjer på sikt at alle interkommunale selskap skal ta del i samarbeidet, slik at vi best muleg kan utnytte kvarandre sin  informasjon gjensidig, seier IKT-rådgjevar Stanghelle.

I dag er det dessutan slik at mykje informasjon som ligg i portalen og andre kommunale register og arkiv er aktuell å få tilgang til i samband med eigedomsall eigedomssal, slik som grensegangar, eigedomsskatt eller vatn og kloakk. Tanken er at all slik informasjon skal kunne hentast ut frå kartportalen, fortel Stanghelle.

– Mest muleg automatisering, det er målet.

Samproduksjon gjev teater til fleire

0

Eit teatersamarbeid mellom teaterinstitusjonar på Vestlandet gjer aktuelle teaterproduksjonar tilgjengeleg for fleire.

– Me ønskjer å få spreidd framsyningane våre til flest mogleg, seier teatersjef ved regionteateret Sogn og Fjordane teater (SOFT), Terje Lyngstad.

– Ved å samarbeida om teaterproduksjonar med Den Nationale Scene og Hordaland Teater får me ned kostnadane på alle teatra, held han fram. Skulle regionteatra vore aleine med teaterproduksjonen og stått for kostnadene for hotell, teknikk, diett og reisekostnader ville det blitt dyre billettar.

Trass i finansiering frå stat og kommune, er kostnadane ved å turnera og spela teater for skulane i fylket gratis, som dei er pålagde å gjera, ei dyr affære for regionteatra. Dersom ikkje Den kulturelle skulesekken (DKS) i fylket kjøper produksjonen for turnering til skulane, vert kostnaden stor. Store fylke med få innbyggjarar som bur spreidd avgrensar talet på publikum. Sogn og Fjordane fylke har rundt 100.000 innbyggjarar, og det blir fort kostbart og krevjande dersom SOFT aleine skal stå for kostnadane ved å turnera rundt i fylket med teaterproduksjonar. Hordaland fylke har til samanlikning rundt 350.000 innbyggjarar.

Positivt med samarbeid
– ­Det er positivt at eit og same stykke kjem ut og når fleire folk både i Hordaland og Sogn Fjordane, seier informasjonssjef og pressekontakt ved DNS, Ole Klemsdal. – Me starta samarbeidet med SOFT allereie i 2006, med produksjonen Ras.

I 2008 kom Hordaland Teater med i samarbeidet.

– Eit slikt samarbeid mellom tre institusjonar kan bringa med seg utfordringar, seier han. Men det som er positivt er at ein får tilført noko nytt, i tillegg til at ein når ut til eit til eit større publikum som gjer at fleire får glede av produksjonen.

Ung målgruppe
SOFT, Hordaland Teater og Den Nationale Scene (DNS) i Bergen har samarbeidd om to større produksjonar. I november i fjor hadde DNS urpremiere både på Simons historie og Kulde, begge med manus og regi av Stig Amdam. Framsyningane har turnert både i Hordaland og i Sogn og Fjordane.

– Framsyningane vender seg til eit ungt publikum og tek for seg moralske og etiske spørsmål for ungdom, seier Lyngstad.

Simons historie handlar om den 20 år gamle Simon, som etter vidaregåande skule og førstegongsteneste vervar seg som soldat i den norske styrken i Afghanistan, medan Kulde tar for seg ei gruppe med ungdom som har høgreekstreme sympatiar.

– Me ynskjer ofte å samarbeida, men det er ikkje alltid me kan, seier teatersjefen. Men når ein har eit kunstnerisk prosjekt med så brennbare tema som Simons Historie og Kulde så samarbeidar me. Desse produksjonane er ifølgje Terje Lyngstad ein del av teatera sitt bidrag til å retta søkjelyset på mangfald og på at me lever i ei verd som er større enn berre den norske.

Medan SOFT turnerte med Simons historie i Sogn og Fjordane i januar var teateret på turne med Kulde i februar. Begge produksjonane var eit tilbod til 10. klassingar og elevar i den vidaregåande skulen.

Nominert til Gullsekken
Medan DKS i Hordaland kjøpte inn Simons historie for turnering gjorde ikkje DKS i Sogn og Fjordane det. På bakgrunn av DKS turneen vart Simons historie nominert til Gullsekken saman med fire andre produksjonar. Gullsekken er DKS sin årlege pris og i år fekk dei inn 25 produksjonar til vurdering. Simons historie, av Stig Amdam var nominert saman med Hun derre Jenny av Brageteateret, Kulde av Trøndelag Teater og Voff! Art! produsert av Sagliocco Ensemble. Trøndelag Teater sin teaterproduksjone Kulde gjekk av  med sigeren.

Skodespelarar i Simons historie var Eirik del Barco Soleglad, Ingvill Skjold Thorkildsen, Stine Varvin og Ragnhild Hjortøy.

Nynorsk produksjon
Manusforfattar av både Ras og Simons historie er Stig Amdam. Han er òg regissør for Simons historie. Begge desse er på nynorsk.

– Amdam er frå Møre og skriv på nynorsk, seier Klemsdal. DNS står ikkje i vegen for å nytte nynorsk på scenen. Les Miserables, som vart oppført på DNS i fjor haust, hadde nynorsk både som scenespråk og som programspråk.

– Amdam er ein spennande person. Medan han regisserer på dagtid, spelar han for tida i farsen Rett i lommen på kveldstid, avsluttar Klemsdal.

Framsidefoto: Frå Simons historie, fotograf: Tor Erik Mathiesen