Heim Blogg Side 352

Ordførarar slår seg saman mot samanslåing

0

117 ordførarar organiserer seg no for å kjempe mot tvangssamanslåing av norske kommunar.

– Vi er ikkje ein «nei-tvil-alt-organisasjon», men vi meiner det er eit sterkt behov for ein balanse i diskusjonen om kommunestruktur, seier éin av initiativtakerne, Åmot-ordførar Ole Gustav Narud (Sp), til Nationen.

Saman med fleire andre har han arbeidd ei tid for å danne organisasjonen «Lokalsamfunnsforeningen – for lokaldemokrati og desentralisering». Narud meiner altfor mange er ukritiske til strukturendringar og kommunesamanslåingar.

– Men ei kommunesamanslåing vil openbert føre til sentralisering eller nedlegging av kommunar, seier Narud.

Blant dei 117 ordførarane som har meldt seg inn i foreininga, er alle dei store partia representerte. Arbeidarpartiet og Senterpartiet, som er to store ordførarparti, har flest innmelde, 40 ordførarar frå Ap og 38 frå Sp.

15 ordførarar frå Høgre har skrive under, 4 frå både SV og KrF, medan Frp og Venstre har 3 ordførarar som har skrive under. Kystpartiet og Raudt er representert med ein ordførar kvar. (NPK)

4 milliardar i frie inntekter

0

Kommuneproposisjonen for 2010 som vart lagt fram i dag, fredag, gir blant anna ei auke på fire milliardar i frie inntekter til kommunane.

Regjeringa legg opp til ei auke i kommunesektoren sine frie inntekter på 6,5 milliarder kroner i forhold til det  opphavlege budsjettet for 2009, skriv Kommunal Rapport.

Kommunane fiekk 1,2 milliard kroner av dette beløpet i samband med tiltakspakka tidlegare i år. No får kommunane i tillegg 1 milliard kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2009, og skatteanslaget vert justert opp med 300 millionar kroner. Til saman vert det 2,5 milliardar kroner som vil bli vidareført neste år. I tillegg får kommunane ytterlegare 4 milliardar kroner i frie inntekter frå neste år.

– Me er ikkje i mål ennå. Me er stolte over innsatsen vår, men me er ikkje nøgde. Me ønskjer å styre i fire nye år, og me vil bruke pengar på eldreomsorg og skuler i stadan for å lokke med skattelette, seier statsminister Jens Stoltenberg til Kommunal Rapport.

Les meir om kommuneproposisjonen her.

Nynorskpraktikantane er klare

0

Nynorskpraktikantane er klare

Av LNK NYTT 14.mai.2009

No er dei nye praktikantane ved Nynorsk Mediesenter klare. 19 – åringen Simon F. Solheim frå Florø er tidenes yngste.

I slutten av august tek desse til på det seks månader lange, intensive kurset i journalistikk og språk: Aleksander Vallestad frå Stord, Bjørn Ivar Austevik Voll frå Nedstrand, Mathias Oppedal frå Nærbø, Sara Myren Kornberg frå Folkestad og Simon Frammarsvik Solheim frå Florø, skriv Firdaposten.

Sjølv om søkartalet til utdanninga er lågare enn tidlegare er Magni Øvrebotten optimist.

– Vi er vane med at søkjartalet svingar. Det har det gjort i alle dei fem åra vi har drive på. At søkjartalet gjekk ned no er naturleg på grunn av all merksemda det har vore kring nedskjeringane i media. Men trass i tilsettingsstoppen i NRK vert nynorskpraktikantane rekna for interne søkjarar når dei er ferdige med seks månaders opplæring/praksis, seier ho til Firdaposten.

Blant dei nye praktikantane er også tidenes yngste ; 19 – åringen Simon F. Solheim frå Florø.

– Frå mitt tidlegare liv som redaktør veit eg at det stundom dukkar opp purunge folk som berre veit at dei skal bli journalistar og røynsla mi er at dei ofte vert gode. Det er kjekt å gje slike ivrige ungdomar ein sjanse, seier Øvrebotten.

Eksamen utan papir

0

Omlag 10 000 elevar i grunnskulen og den vidaregåande skulen skal ha digital eksamen i år. Det betyr eksamen heilt utan bruk av papir.

Utdanningsdirektoratet har enno ikkje eksakte tal på kor mange elevar som skal ha digital eksamen i vår, melder digi.no. Direktoratet reknar likevel med ei dobling på talet elevar sidan i fjor, då 5 000 elevar i grunnskulen og vidaregåande gjennomførte papirlaus eksamen.

Bestemmer sjølve
Det er kvar einskild skule som bestemmer om elevane skal ha digital eksamen eller ikkje, og dei endelege tala for kor mange elevar som har hatt denne typen eksamen er derfor ikkje klare før all eksamen er unnagjort og skulane har rapportert til direktoratet.

Fire prosent
Trass i den forventa doblinga i talet på elevar som får digital eksamen, er det langt at før Kunnskapsløftet når sitt mål om ein operativ digital skule. Ifølgje tal frå digi.no er det berre fire prosent av dei omlag 250 000 elevane i grunnskulen og vidaregåande skule som skal ha digital eksamen i år.

Godt nøgde
Åsnes ungdomsskole i Hedmark gjennomfører i desse dagar digital eksamen for andre år på rad. Både elevar og tilsette ved skulen er svært nøgde med ordninga. Faglærar Remi Eriksen seier til avisa Glåmdalen at erfaringane etter prøveåret i fjor var så gode at skulen ikkje nølte med å gjenta dette i år.

Elevane får eit passord som dei loggar seg på med klokka ni, og så får dei tilgang til oppgåva på PC-en, forklarar Eriksen. Når eksamenstida er ute, blir oppgåvene umiddelbart sendt til sensor. På førehand har elevane fått teste ut opplegget, slik at det ikkje er nytt for dei på eksamensdagen.

Juksar ikkje
Det blir heller ikkje meire juks når ein jobbar på denne måten, meiner læraren.

– Elevane har ikkje tilgang til noko anna enn oppgåva og dei hjelpemidla dei har lov til å bruke. Det er ikkje nettilgang på eksamen og dei har heller ikkje høve til å kommunisere med andre.

Det Norske Teatret må spara 8 millionar

0

Det kan blir oppseiingar ved Det Norske Teatret, etter at styret måndag vedtok at dei årlege personalkostnadene skal ned med 8 millionar kroner.
«Styret innser at redusering av bemanninga kan vera eit naudsynt verkemiddel for å nå styret sitt mål», heiter det i styrevedtaket.

Styret har også vedteke å kutta ordinære eigenproduksjonar på prøvesalen til teateret.

Det Norske Teatret gjekk med 6,2 millionar kroner i underskot i fjor. Underskotet kom av auka kostnader spesielt knytte til auka lønskostnader. Inntektene har auka kraftig sidan 2002, går det fram av ei pressemelding teatret sende ut då resultatet for 2008 blei lagt fram.

Av denne pressemeldinga går det også fram at teatret står framfor store økonomiske utfordringar knytte til vedlikehald og investeringar. (©NPK)

Andre saker om Det Norske Teatret:

• 50-års krig for meir nynorsk i NRK
• Nynorsk-kampanje avsluttar laurdag
• Morrisey høyrer heime i Odda!
• Nye dramatikarar i Løland si ånd
• Fokus vekk frå nynorsk
• Heidrar jubilant
• Seks millionar til nynorsken
• Bra budsjett for nynorsken
• Dialektprisen til Ingrid Bolsø Berdal
• Ber kongehuset snakke nynorsk
• 10 millionar meir til nynorsk
• Vil ha senter for Jon Fosse

Avgjerande lov

0

Stortingsrepresentant Britt Hildeng (Ap) meiner det er avgjerande at Stortinget no har vedteke at ein skal ha ein ny og allmenn språklov, der styresmaktene skal ha eit overordna ansvar for språkutviklinga i samfunnet.

«Erkjennelsen av at språk og språkutvikling er avgjørende for den enkeltes identitet og kulturtilhørighet, og av at språk og makt henger sammen ligger til grunn for at Stortinget nå tar dette overordnede ansvaret. Det er viktig å ha en språkpolitikk som bidrar til demokratisk makt over språket, og en strategi for omfordeling av den språklige makten.», skriv ho i eit lesarbrev i Vesterålen Online.

Blant anna meiner ho dette er er viktig for å gjere nynorsk meir reelt jamstilt med bokmål.

KLP kjøper Kommunekreditt

0

KLP betaler Esportfinans 870 millionar kroner for Kommunekreditt, skriv Dagens Næringsliv.

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) er godt nøgd med at KLP no vert ein sterkare aktør på marknaden, skriv Dagens Næringsliv. Ho meiner vidare avtalen vil føre til at utlånsrammene til kommunane aukar og at konkurransen vert skjerpa.

Det nye KLP Kommunekreditt vil framleis ha sitt hovudkvarter i Trondheim. KLP Bank, som er under etablering, vil også få hovudkontor i Trondheim.

Les meir i Dagens Næringsliv

Vil ha nynorsk opplæring

0

Dei fleste innvandrarar får opplæring på bokmål, det vil Anne Margrete Eidhammer gjere noko med.

Dei fleste innvandrarar får opplæring på bokmål, også i dei nynorske kjerneområda på vestlandet der ungane deira lærer nynorsk på skulen. No tek Anne Margrete Eidhammer opp kampen for å få meir ressursar til nynorskopplæring for vaksne innvandrarar.

«Stø kravet om nynorsk undervisningsmateriell i alle fag til framandspråklege». Slik lyder oppropet frå leiar i Vindafjord Mållag, Anne Margrethe Eidhammer, som sjølv er lærar.

— Folk argumenterer for bokmål fordi dei meiner det er lettare dersom tilflyttarane har tenkt seg vidare til byen og næringslivet. Syster mi, som underviser innvandrarar, seier at dette berre er tull, det er berre fordel å kunna to skriftspråk om ein bur i byen også, seier leiaren i Vindafjord Mållag.

Les meir i Grannar

Rundskriv om språkmeldinga

0

«Det skal leggjast spesielt til rette for at nynorsk blir meir reelt likestilt med bokmål.» Det heiter det i rundskrivet som no går ut til alle departementa om stortingsmeldinga Mål og meinig.

Stortingsmeldinga, som vart vedteken sist veke, har fleire punkt om jamstelling mellom nynorsk og bokmål. Dei fem språkpolitiske hovudmåla i meldinga er:

1. Norsk skal vera hovudspråket og felles nasjonalspråk i Noreg
2. Norsk skal vera eit samfunnsberande og fullverdig språk
3. Det skal leggjast spesielt til rette for at nynorsk blir meir reelt likestilt med bokmål
4. Det offentlege skal leggja vekt på å føra eit korrekt og forståeleg språk
5. Alle skal ha rett til språk, å få utvikla og tileigna seg det norske språket, bokmål og nynorsk, å få utvikla og bruka sitt eige morsmål eller førstespråk, inkludert teiknspråk, sitt eige urfolksspråk eller nasjonale minoritetsspråk, og alle skal få høve til å læra seg framande språk.

Heile rundskrivet finn du ved å trykkje på denne lenka.

Victor D. Norman vil flytte fleire ut frå Oslo

0

Professor og tidlegare Høgre-statsråd Victor D. Norman meiner finanskrisa skaper eit akutt behov for å flytte fleire statlege arbeidsplassar ut av Oslo.

Som arbeids- og administrasjonsminister i Bondevik II-regjeringa flytte Norman åtte statlege tilsyn ut av hovudstaden. Nær 1.000 arbeidsplassar vart flagga ut under til dels store protestar.

Under ein politisk debatt på NHO Trøndelags årskonferanse i Trondheim tysdag tok professoren frå Handelshøyskolen i Bergen til orde for ein ny flyttesjau.

– Å flytte høgkompetansearbeidsplassar ut i distrikta er ikkje omsorg for distrikta, det er omsorg for Noreg. Det handlar om regional utvikling, ikkje distriktspolitikk. Og finanskrisa har aktualisert dette. Tradisjonell konkurranseutsett industri slit og vil truleg byggjast mykje ned. Derfor er det så viktig at staten tek ansvar og flytter arbeidsplassar i skjerma sektor. Oslo-området klarer seg alltids. Det er distrikta som no er råka hardast, sa Norman ifølgje Dagens Næringsliv.

Han ønskte ikkje å konkretisere kva for arbeidsplassar han ser for seg som mest aktuelle, eller kor stort omfang han ser for seg.
På spørsmål om det ikkje vart vel mykje bråk rundt flyttevedtaket, seier Norman:

– Det vart ein del spetakkel, og den verkelege hovudmotstandaren var embetsverket. (©NPK)

– Gledeleg vedtak om språk

0

Norsk Journalistlag har innført eit nytt punkt i arbeidsprogrammet sitt om likestilling og mangfald. Mediemållaget tolkar dette som at NJ vil jobbe for meir nynorsk i avisene.

«NJ vil arbeide for medlemmenes mulighet til å utvikle journalistisk og språklig kvalitet og uttrykksfrihet, mangfold og integritet», heiter det i punktet som landsmøtet til Norsk Journalistlag vedtok å lemme inn i arbeidsprogrammet sitt.

Leiar i Mediemållaget, Berit Rekve, er glad for dette:

– Det er svært gledeleg at dei har gjort eit slikt vedtak. Vi vonar dette betyr at Journalistlaget vil gi tydlegare støtte til nynorskskrivande journalistar, seier ho til Noregs Mållag.

I utgangspunktet ønskte forslagsstillar Dag Hellesund frå Bergensavisen at punktet skulle høyre til under «Ytringsfridom» i arbeidsporgrammet, men det enda opp som ein del av «Likestilling og mangfald».

Undersøker haldningar til dialekt

0

NRK vil undersøke kva publikum meiner om dialektbruk i eteren.

Statskanalen skal i samarbeid med Høgskulen i Hedmark og Språkrådet gjennomføre ei undersøking der dei spør korleis publikum opplever auka bruk av dialekt og utanlandske aksentar på TV og i radio, melder Nationen.

– Vi undersøker kva folk faktisk forstår og kva dei synst om språkbruken, seier leiar av NRKs eige språkutval, Brynjulf Handgaard, til Dagbladet. Som ein hovudregel skal NRK sine nyhende framførast på nynorsk eller bokmål, men i seinare tid har også dialektar fått større rom i NRK.

Handgaard seier enkelte leiande språkfolk har reagert på dette. Samstundes understrekar han at NRK ser det som ein styrke å ha medarbeidarar med andre morsmål enn norsk.

Har fått svar
LNK si spalte Sommarsnakk stilte spørsmålet i 2007 og 2008: «Meir dialekt i NRK, bra eller dårleg?»

Dette er kva dei ulike svarte:

Per Egil Hegge, Aftenposten: Dårleg, fordi så mange trur at dei ikkje treng arbeide med språket når dei brukar dialekt.

Magni Flyum, Nynorsk kultursentrum: Dialektane speglar mangfaldet i Noreg og bør absolutt vere ein del av språkbiletet i NRK. Likevel meiner eg at NRK bør nytte ein stor del normert språk, både nynorsk og bokmål. Det ein høyrer og les i media er ein av dei viktigaste referansene folk har når dei utviklar språket sitt.

Kjetil haanes, Norsk Presseforbund: Det er bra for alle, ikkje minst for dei mange språksløve med dårleg utvikla språkøyre.

Geir Gråbein Nordby, Rammsund: Bra. Vi treng å byggje opp ei forståing for dialektar frå barndommen. Det blir for dumt om ein ikkje forstår menneske frå sitt eige land. Eg har ikkje inntrykk av at dette har vore noko problem til no, men vi kan stadig bli betre. Eg vil og gjerne leggje til at sidemål i grunnskulen er viktig, fordi ein må tenkje meir over gramatikken, sunt for hjernen å få trimma seg på det logiske planet. Den som meistrar logisk tenking, har eit friare sinn.

Kari Traa, kulekøyrar: Det tykkjer eg er veldig bra! Det er mykje meir dialekt i NRK no enn tidligare. Det gjer at austlendingane forstår oss dialektknotarar betre.

Oddvar grøthe, ordførar i Hemsedal: Eg synest dialektbruk i NRK og andre etermedia er positivt. Det er med på gje dei unge mot til å ta vare på dialekta si, og dermed ta vare på mangfaldet.

Arvid Fodnes, Målrock: Veldig bra.

Magnhild Meltveit Kleppa, kommunalminister (Sp): Bra, men med eit visst atterhald ! Nynorsk må høyrast, ikkje berre skrivast og lesast! NRK har eit ansvar for å gjera nynorsk munnleg kjent og normalisert!

Gunhild Berge Stang, Noregs Ungdomslag: I alle fall ikkje dårleg.

Bente Riise, redaktør i Syn og Segn: Dialektane er kanskje vårt viktigaste språklege arvegods, og det er viktig å sleppe dei til på eteren, men ikkje slik at nynorsken blir skadelidande.

Dersom dialektane tek for mykje over for nynorsk, vil det føre til at nynorsk står svakare om nokre år. Eg trur det er viktig at nynorsk får ein sterkare posisjon i både NRK, TV2 og nærradioane. Dialektane står sterkt nok, trur eg.