Heim Nyhende Mykje meir nynorsk

Mykje meir nynorsk

Treningsgründer Yngvar Andersen (35) brukar nynorsk som marknadsføringsspråk for å skilje seg ut i jungelen av treningstilbod i Oslo.

Foto: Ingvild Grane
– Vi brukar nynorsken bevisst i marknadsføringa. Dei kundane vi vil nå, legg mykje meir merke til oss når vi brukar nynorsk, fortel den sporty sogningen.

På Lysaker brygge, akkurat på grensa mellom Oslo Vest og Bærum, ligg treningssenteret Mykjemeir i store, lyse lokale som vender mot Oslofjorden. I snøen utanfor travar dress- og draktkledde folk forbi i raskt tempo til og frå dei mange kontora i området.

Yngvar Andersen sit i ein stilrein, knalloransje stol i resepsjonen og ventar på sin neste kunde. Sidan treningssenteret Mykjemeir starta for snart tre år sidan, har dei fått ein kundemasse på om lag 250 personar. Det er kanskje ikkje så mykje, samanlikna med eit vanleg treningsstudio. Men ved Mykjemeir kan du ikkje sveitte over tredemøllene og løfte vekter på eigahand. Her kjem du berre innanfor dørene dersom du har avtale med ein av senterets i alt ni personlege trenarar.

På ein slik marknad gjeld det å skilje seg ut. Difor tyr Yngvar til nynorsk. Og nynorskprofilen er gjennomført. Det er ikkje berre namnet og reklamemateriellet som er på nynorsk. På heimesida til Mykjemeir må ein aktivt gå inn og trykke på ein knapp for å lese sida sitt innhald på bokmål. Det er eit bevisst val.

– Det er berre på offentlege nettsider at ein har valet mellom å lese innhaldet på nynorsk eller bokmål. Slikt gjer ein ikkje i det private, ler Yngvar.

– Ved å bruke nynorsk, skil vi oss ut. Folk legg merke til det.

Leikegrind for trening
For mange vil treningsgründeren vere eit kjent fjes frå Puls på NRK. Bak seg har han seks års erfaring som personleg trenar, og dessutan lang fartstid som utøvar både innan friidrett, langrenn, styrkeløft og ulike ballsportar. Treningssenteret Mykjemeir er resultatet av ein draum Yngvar har hatt i mange år:

– Eg hadde drøymd heile mitt vaksne liv om å skape ei leikegrind for god trening, seier han.

– Eg fann ut tidleg at eg ikkje hadde toppidrettsgenet, held han fram.

– Eg ville ikkje trene så mange timar om dagen, og berre tenkje på meg sjølv. På den tida las eg masse livsstilsmagasin frå USA, der trenden med personlege trenarar var kome like langt då som det har kome i Noreg no. Eg såg med ein gong moglegheitene som låg der, og eg tenkte: ”Ein gong skal eg revolusjonere personleg trening”, seier Yngvar og ler.

No har eg gjort det. Og det er eg utruleg stolt av, held han fram.

Treningsfilosofien hans går ut på knallhard, men riktig trening.

– Folk skal strekkast så langt som mogleg, med minst mogleg sjansar for å få treningsskadar. Dersom ein trener hardt, treng ein ikkje å bruke så mykje tid på trening, seier han.

– Flink til å motivere
Berit Normann (66) har trena med Yngvar i snart eitt år, og kjem til Mykjemeir på bryggkanten ein gong i veka.

– Yngvar får meg til å strekke meg lenger, seier ho.

Den spreke 66-åringen hadde trena aktivt heile livet, då ho for eitt år sidan fekk ein hofteskade.

– Eg måtte slutte å spele basketball, og det gjorde meg heilt fortvila, fortel ho.

Ein arbeidskollega tipsa ho om å prøve ein time med Yngvar på Mykjemeir, og Berit seier det er viktig for ho å ha ein trenar som kan vegleie ho i å trene riktig.

– Yngvar er utruleg flink til å motivere. Eg er så gammal at eg ikkje let meg lure av trenarar som berre seier ”flott” og ”godt” når eg trener dårleg. Slik er ikkje Yngvar. Han får meg til å yte mitt beste.

Det same seier Jeanette Brett (29). Ho er ein av deltakarane i Puls på NRK, og trener med Yngvar ein gong i veka.

– Han pushar meg til å strekke meg mykje lenger enn eg ville gjort dersom eg trena på eigenhand, seier ho andpustent frå tredemølla, der ho varmar opp til vekas møte med Yngvar.

Jeanette begynte å trene på Mykjemeir i januar. Etter å ha slitt med bekkenløysing i mange år, tek ho etter to månaders trening 85 kilo i markpress.

– Det er kanonbra! ropar Yngvar når ho rykkar opp ei tung vektstong for femte gong på rad.

– Innmari morosamt
Både Berit og Jeanette har lagt merke til senteret sin nynorskprofil, og trass i at Oslo Vest knapt kan kallast ei nynorskens vogge, stiller begge seg positive til målvalet:

– Eg synst nynorsk er nydeleg. Og så er det jo eit marknadsføringstriks, og. Ein legg jo merke til det, seier Berit.

– Eg synst det er innmari morosamt, seier Jeanette om marknadsføringsmålet.

– Det er jo ikkje så mange stadar her i Oslo som brukar nynorsk, held ho fram.

– Så du reagerer ikkje negativt på nynorsken?

– Nei, absolutt ikkje. Det kan heller vere ein fordel, som gjer senteret synleg.

Ein målpris frå heimkommunen Luster blei den store oppmuntringa til å satse på språket for Yngvar:

– Det er ikkje særleg mykje fokus på slikt i treningsbransjen. Det er mykje dårleg språk, mykje skrivefeil, og ingen ventar noko anna. Hos oss jobbar vi for at ting skal vere skrive godt. Målsetjinga er at all informasjon frå oss skal vere på nynorsk, seier han.

Investering i helsa
Og medan Jeanette blir pusha til enda eit rykk med vektstanga, er det umogleg å ikkje vedgå at treninga blir mykje meir effektiv med ein trenar som klappar, hoppar og ropar ”glimrande” når ein trener godt. Men det er ikkje gratis. For ei treningsøkt på 50 minutt kostar det 800 kroner. For 25 minutt kostar det 450.

– Det er jo kjempedyrt, men det er ei vurderingssak. Eg set helsa framfor alt, seier Berit Normann om prisen.

– For det er litt dyrt, Yngvar?

– Der må eg seie nei. Ein må sjå prisen opp mot andre ting. Viss ein samanliknar prisen med pengar ein elles kunne sett i banken, er det dyrt. Men det er ikkje så dyrt om ein set det opp mot andre ting ein kjøper og brukar pengar på. Men då må jo også treninga ha eit innhald som står seg. Elles er det ikkje verdt nokon ting.

Førre artikkelSaman om kart
Neste artikkelNy leiar i Noregs Mållag

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...