Heim Nyhende Bygdelivsmeklar skal snu vinden

Bygdelivsmeklar skal snu vinden

Emilie Asplin (31) er truleg landets einaste bygdelivsmeklar. Ho leiar prosjektet ”Vi snur vinden” som skal få fleire til å oppdage Vest–Telemark.

– Dette er eit pilotprosjekt i denne regionen, og truleg også på landsbasis. Målet er at fleire skal busetje seg i Vest–Telemark, seier Asplin, og viser til kommunane som står bak prosjektet: Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Ho meiner god omdømmebygging er avgjerande for å få resultat.

10 nye familiar
– Dersom ikkje omdømmet til regionen er godt, er det nesten ikkje vits i å drive med dette. Og kvar enkelt innbyggar må ha ein ambassadørrolle og fortelje korleis dei har det. Drammen har klart å snu eit dårleg omdømme til noko positivt.

Prosjektet ”Vi snur vinden” starta opp i 2007 og skal gå fram til og med neste år. Til no har om lag 10 familiar flytta til regionen som ei følgje av dette, samstundes som det er om lag 80 interesserte familiar i porteføljen. Om lag halvparten av desse er ute etter eit lite småbruk.

– Ein av dei største utfordringane med dette arbeidet er å frigjere småbruk. Over halvparten av dei som tek kontakt med meg er interessert i eit småbruk. Eg har stor respekt for at det kan vere vanskeleg å kvitte seg med eit bruk, men her i regionen er det mange som står tome og berre forfell.

I 2002 vart det gjennomført ei småbruksundersøking i regionen som viste at det var om lag 700 bruk utan fast busetnad. Då eigarane vart kontakta resulterte det i at litt over 100 av bruka vart selde.

Inspirasjonstreff i Oslo
– Den andre store utfordringa er å skaffe jobb. Mange frå regionen har flytta vekk, teke utdanning, fått ein spanande jobb og så vil dei attende til heimkommunen. Men så finst det ikkje så spanande jobbar her. Me må skape arbeidsplassar, men ikkje minst må me også synleggjere dei som finst, seier ho.

Asplin trekkjer også fram oppretting av næringshagar som eit godt tiltak for å fremje næringslivet.

– Fyresdal har til dømes gode erfaringar med det. Terskelen for å flytte ei bedrift vert lågare når det er eit miljø der frå før, trur ho.

Målet til prosjektet var opphavleg å få 50 familiar til å flytte til Vest–Telemark i løpet av dei tre åra. Det tvilar Emilie Asplin på at ein klarer.

– Det går jamt og trutt, men sakte. Men me er jo også på jakt etter dei som har tenkt grundig gjennom dette og som vil slå seg ned her. Og det tek ofte tid, meiner ho.

Prosjektet har drive marknadsføring av regionen, idédugnad innad i regionen og samlingar for interesserte som ynskjer å flytte til regionen. Blant anna skal det vere eit nytt Vest–Telemark treff på Smuget i Oslo 7. mai i år. Asplin meiner trass i prosjektperioden at ein treng opp mot fem år før ein får ein markert effekt av arbeidet.

(Framsidebilde: Arvid Hansen)

Omdømmebygging i kommunane er eit tema på landstinget i mai.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...