Heim Blogg Side 360

Rv 13 – ei litteraturrute

0

Spor etter fem kjende forfattarar skal lose deg langs Rv 13 frå Sandnes til Førde. No vert det oppstartkonferanse om Diktarvegen.

Målet med prosjektet er å gjere Rv 13 om til den første litteraturruta i landet. Her skal ein kunne få oppleve dei fem forfattarane : Arne Garborg frå Jæren, Rasmus Løland frå Ryfylke, Olav H Hauge frå Hardanger, Per Sivle frå Voss og Sogn og Jakob Sande frå Sunnfjord medan ein køyrer riksvegen. Felles for desse forfattarane er at dei har sin eigen organisasjon og at det er på plass eller vert arbeidd med etablering av naturlege fysiske samlingspunkt rundt kvar av dei.

Det er sett ned ei styringsgruppe for prosjektet og LNK har teke jobben med å samordne prosessen. Prosjektet har no søkt Statens senter for arkiv, bibliotek og museum (ABM – utvikling) om 450.000 kroner til å arrangere oppstartkonferansen som går av stabelen i Ulvik i april og til å etablere eit felles litteraturnettverk på nett for forfattarane.

I følgje søknaden til ABM – utvikling ynskjer prosjektet å gi forfattarane høgare status gjennom spreiing av kunnskap om livsverka deira, gi Rv 13 eit meir spanande innhald og ikkje minst å gi skrivande ungdom inspirasjon frå ”dei gamle heltane”.

Samarbeid er viktig

– For eit litteratursenter i emning er det sjølvsagt av stor verdi å verta med i eit slikt
samarbeidsprosjekt. Det er lettare å nå ut med bodskapen når ein samarbeider om tiltak. Dessutan skapar det eit større fagleg miljø, noko som er naudsynt for dei som arbeider ved små institusjonar, seier styreleiar i Haugestiftinga i Ulvik, Torunn Hovland Ljone og legg vekt på at små drypp av prosa og poesi langs vegen vil skapa interesse for, og aktivitet rundt forfattarane.

Ho meiner også desse opplevingane vil freiste fleire til å ta turne langs Rv 13, noko som igjen kan føre til oppgradering av standarden på vegen og kanskje at større deler av vegen får turistvegstatus.

For prosjektet Diktarvegen handlar om meir enn litteratur. Tre fylkeskommunar og dei 16 kommunane langs Rv 13 har etablert selskapet IS Fjordvegen som arbeider for å gi riksvegen status som ein indre stamveg. Samstundes har 16 strekningar i Noreg fått status som nasjonale turistvegar. Tre av desse er langs Rv 13. Både turistvegen og Fjordvegen er teken med i samarbeidsprosjektet.

Konkret håpar prosjektleiinga fleire tiltak kan bli sett ut i livet, som til dømes: synleggjere forfattarane langs vegen, gjere dei synlege på dei seks ferjene og på rasteplassar langs ruta, samarbeide om kulturhendingar, ta i bruk lyddusjar og GPS – navigering fram mot dei ulike tuna og husa, utvikle nettportalar, bøker og fysiske utstillingar.

Skal legge rammene

På oppstarkonferansen i Ulvik i midten av april kjem innleiarar som kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa, Knut Vareide frå Telemarksforskning, samferdsleminister Liv Signe Navarsete, Jørn Lekve frå Sparebanken Vest, Arve Tokvam frå Nynorske Litteraturdagar og forfattar Edmund Austigard. Målet er å konkretisere innhaldet i prosjektet og rammene for det vidare arbeidet.

Styringsgruppa for prosjektet vert leia av Arne Kleppa frå IS Fjordvegen, med seg har han: dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, dagleg leiar i Løland–markeringa, Marny Skeie Henkel, Mona H. Hellesnes frå Ulvik Herad og Margrete Reisæter frå Jakob Sande – selskapet.

Fjørtoft vert kulturminne

0

Programvert og nynorskbrukar Ragnhild Sælthun Fjørtoft vert no heidra som kulturminne etter snart 40 år i NRK.

Les meir her.

Rv 13 – ei litteraturrute

0

Spor etter fem kjende forfattarar skal lose deg langs Rv 13 frå Sandnes til Førde. No vert det oppstartkonferanse om Diktarvegen.

Målet med prosjektet er å gjere Rv 13 om til den første litteraturruta i landet. Her skal ein kunne få oppleve dei fem forfattarane : Arne Garborg frå Jæren, Rasmus Løland frå Ryfylke, Olav H Hauge frå Hardanger, Per Sivle frå Voss og Sogn og Jakob Sande frå Sunnfjord medan ein køyrer riksvegen. Felles for desse forfattarane er at dei har sin eigen organisasjon og at det er på plass eller vert arbeidd med etablering av naturlege fysiske samlingspunkt rundt kvar av dei.

Det er sett ned ei styringsgruppe for prosjektet og LNK har teke jobben med å samordne prosessen. Prosjektet har no søkt Statens senter for arkiv, bibliotek og museum (ABM – utvikling) om 450.000 kroner til å arrangere oppstartkonferansen som går av stabelen i Ulvik i april og til å etablere eit felles litteraturnettverk på nett for forfattarane.

I følgje søknaden til ABM – utvikling ynskjer prosjektet å gi forfattarane høgare status gjennom spreiing av kunnskap om livsverka deira, gi Rv 13 eit meir spanande innhald og ikkje minst å gi skrivande ungdom inspirasjon frå ”dei gamle heltane”.

Samarbeid er viktig
– For eit litteratursenter i emning er det sjølvsagt av stor verdi å verta med i eit slikt
samarbeidsprosjekt. Det er lettare å nå ut med bodskapen når ein samarbeider om tiltak. Dessutan skapar det eit større fagleg miljø, noko som er naudsynt for dei som arbeider ved små institusjonar, seier styreleiar i Haugestiftinga i Ulvik, Torunn Hovland Ljone og legg vekt på at små drypp av prosa og poesi langs vegen vil skapa interesse for, og aktivitet rundt forfattarane.

Ho meiner også desse opplevingane vil freiste fleire til å ta turne langs Rv 13, noko som igjen kan føre til oppgradering av standarden på vegen og kanskje at større deler av vegen får turistvegstatus.

For prosjektet Diktarvegen handlar om meir enn litteratur. Tre fylkeskommunar og dei 16 kommunane langs Rv 13 har etablert selskapet IS Fjordvegen som arbeider for å gi riksvegen status som ein indre stamveg. Samstundes har 16 strekningar i Noreg fått status som nasjonale turistvegar. Tre av desse er langs Rv 13. Både turistvegen og Fjordvegen er teken med i samarbeidsprosjektet.

Konkret håpar prosjektleiinga fleire tiltak kan bli sett ut i livet, som til dømes: synleggjere forfattarane langs vegen, gjere dei synlege på dei seks ferjene og på rasteplassar langs ruta, samarbeide om kulturhendingar, ta i bruk lyddusjar og GPS – navigering fram mot dei ulike tuna og husa, utvikle nettportalar, bøker og fysiske utstillingar.

Skal legge rammene
På oppstarkonferansen i Ulvik i midten av april kjem innleiarar som kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa, Knut Vareide frå Telemarksforskning, samferdsleminister Liv Signe Navarsete, Jørn Lekve frå Sparebanken Vest, Arve Tokvam frå Nynorske Litteraturdagar og forfattar Edmund Austigard. Målet er å konkretisere innhaldet i prosjektet og rammene for det vidare arbeidet.

Styringsgruppa for prosjektet vert leia av Arne Kleppa frå IS Fjordvegen, med seg har han: dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, dagleg leiar i Løland –markeringa, Marny Skeie Henkel, Mona H. Hellesnes frå Ulvik Herad og Margrete Reisæter frå Jakob Sande – selskapet.

Radøy – Ein seksstjerners kommune

0

I 2007 sette Radøy kommune i Hordaland seg som mål å bli mellom dei beste i landet på nett. I 2008 fekk dei seks stjerner for dei nye nettsidene sine.

– Vi rykka rett opp i elitedivisjonen med ein gong, seier ein svært nøgd ordførar i Radøy kommune, Jon Askeland (Sp), om resultatet frå Kvalitet 2008. Kommunen fekk eit gjennomsnittleg resultat på 80 poeng, og vart nest best i Hordaland, berre slått av Fjell kommune.

– Vi har ambisjonar om å vere ein moderne kommune som er tilgjengeleg 24 timar i døgeret. Nettsida vår skal vere levande og sørvistorget vårt jobbar med å leggje ut stoff der kvar dag.

Arbeidsveke
Det gode resultatet har ikkje kome av seg sjølv, men er eit resultat av eit målretta prosjektarbeid som kommunen sette i gong i 2007. Ein prosjektleiar vart tilsett, kommunen sette av midlar til den nye heimesida og prosjektorganisasjonen som skulle jobbe fram nye løysingar fekk ei brei samansetjing.

Ein periode var to skulelevar i arbeidsveka i sving med å oppdatere den meir grunnleggjande informasjonen på nettsidene. Sørvistorget har heller ikkje jobben med å halde sida levande åleine. Dei har derimot ansvar for å syte for at alle etatar, også ordføraren, leverer stoff som kan publiserast. Kommunen jobbar ut frå ei målsetjing om at det er betre med mange saker med lite tekst, enn få og lange saker.

– Heimesida vår skal vere så à jour som råd er, seier Askeland.

Møte på nett
I dag har nettsidene til Radøy mellom 200 og 300 brukarar dagleg. I tillegg opplever dei at lokalavisene i regionen er flittige brukarar av nettstaden.

– Når vi legg ut ei nyheit så ser vi ofte at den dukkar opp på avisene sine nettsider same dag eller i papiravisa seinare.

Trass i det gode resultatet, i Radøy er dei ikkje klåre for å kvile på laurbæra riktig enno.

– Vi ser framleis  for oss fleire mulegheiter for utviding av tilbodet, seier ordføraren. – Kommunestyremøta sendt live via nettsidene og fleire brukarar innom dagleg, det er noko av det vi jobbar mot i nær framtid.

Les også: – Må bli betre på nett

– Må bli betre på nett

0

Neste tjue prosent av norske kommunar har nettsider som berre får ei og to stjerner i kvalitetsvurderinga Kvalitet 2008. Kommunenes sentralforbund (KS) meiner målet må vere at kommunane skal ha eit seksstjernes tilbod innan 2010.

– Alle kommunar og fylkeskommunar bør kunne tilby elektronisk sjølvbetening til brukarane sine og vere fullgode e-kommunar innan 2010, fortel Svein Erik Wilthil i KS. – Det er ikkje eit mål vi kan setje på vegner av kommunane, men vi kan oppfordre alle kommunar til å gjere det.

Kvalitetsvurderinga som Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) utfører kvart år måler kor gode offentlege nettstader er på brukartilpassing, tilgjengelegheit og nyttig innhald. Resultatet blir målt i form av stjerner, kor ei stjerne er dårlegast og seks er best. I Kvalitet 2008 fekk 12 kommunar ei stjerne og 73 fekk to stjerner. Berre 16 kommunar fekk seks stjerner.

Lovpålagt frå 2011
Wilthil i KS ser at det kan verke noko urealistisk at alle kommunane skal kome opp på eit seksstjerners nivå i løpet av eit år, men meiner samsundes at det er rimeleg at brukarane skal ha så høge forventningar til kommunen sin. Snart blir det nemleg eit krav til alle offentlege nettstader at dei skal tilfredsstille alle kriteria i kvalitetsvurderinga.
Ifølgje diskriminerings og tilgjengelegheitslova frå 2008 skal alle ”nye IKT-løsninger som underbygger virksomhetens alminnelige funksjoner, og som er hovedløsninger rettet mot eller stillet til rådighet for allmennheten”, ha universell utforming innan 1. juli 2011.

Iks er løysinga
– Utordringa for mange små kommunar i Noreg er at dei ikkje har nok kompetanse og ressursar til å halde dei nettsidene de ønskjer å tilby brukarane.  For slike kommunar er interkommunalt samarbeid ei god løysing, meiner Wilthil.

KS har òg eige opplegg dei tilbyr kommunar som ønskjer å bli betre på nett. Gjennom strategiplanen eKommune 2012, eit eige IKT-forum og Tenester på nett har interesseorganisasjonen tilbod som kan hjelpe kommunane å auke den digitale kompetansen sin og dra nytte av informasjons- og erfaringsutveksling.

Ikkje berre svart
Wilthil meiner det ikkje er grunn til å svartmåle IKT-situasjonen fullstendig, trass i det dårlege resultatet frå Kvalitet 2008.

– Samanlikna med mange land det er naturleg å samanlikne seg med, er vi i verdstoppen når det gjeld å ta i bruk ny teknologi. Utfordringa no framover blir å hjelpe dei små kommunane og løfte dei på botnsjiktet opp på eit akseptabelt nivå.

FAKTA: KVALITET 2008
Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) vurderer 700 offentlege nettstader ut frå kriteria:
•    brukartilpassing
•    tilgjengelegheit
•    nyttig innhald
Norske kommunar fekk gjennomsnittleg skår på 54 prosent i fjor, noko som svarar til tre stjerner av seks mulege.
Kvalitetskriteria og resultata for alle kommunane er tilgjengelege på nettstaden Noreg.no/kvalitet

Nynorsk ikkje noka sak i Oslo-aviser

0

I Aftenposten og VG bed ikkje journalistane om å få skrive nynorsk, seier klubbleiarane i dei to avisene.
Ifølgje Bt.no er ikkje nynorsk ei sak i dei to store avisene. Klubbleiar i Aftenposten, Gunnar Kagge, seier det heller ikkje er opp til journalistane å leggje seg opp i det redaktøren bestemmer. Praksisen med nynorskforbod finn ein også i aviser som Dagbladet og Dagens Næringsliv.

I Bergens Tidende er det derimot fritt fram for journalistar som ønskjer å bruke nynorsk.

Sender brev
Språkrådet sendte førre veka eit brev til Kultur- og kyrkjedepartementet kor dei gav uttrykk for at praksisen mange aviser har med ikkje å tillate nynorsk som redaksjonsspråk er uheldig. Rådets leiar, Sylfest Lomheim, har tidlegare uttalt at det å nekte journalistane å bruke nynorsk er språkleg diskriminering og ein umoderne praksis. Språkrådet vel likevel ikkje å tilrå økonomiske sanksjonar overfor avisene, slik rådets styremedlem Tor Fuglevik tidlegare har tatt til orde for.

Studentparlament stemde ned norsk

0

Studentparlamentet (SP) ved Universitetet i Oslo (UiO) vil ikkje lenger verne om det norske språket i internasjonalisering av studier, skriv Universitas.

– Norsk språk er under press, sa Venstrealliansen sin representant Jens Kihl på møtet i Studentparlamentet (SP) ved Universitetet i Oslo (UiO), skriv studentavisa Universitas.

Etter ein lang debatt vart det klart at universitetsstudentane sitt øverste organ ikkje ynskjer å verne det norske språket med eit eige punkt i handlingsplanen for internasjonalisering av studier. Sosialdemokrat og tidlegare hovudstyreleiar i Studentsamskipnaden i Oslo, Egil Heinert, meinte ei endring av den globale språksituasjonen var på sin plass.

– Eg er generelt for eitt verdsspråk: Det er engelsk, etter dagens forhold. Og eg skjønar ikkje kvifor me absolutt skal prøve å bevare norsk som akademisk språk, seier han til Unversitas.

Les meir i studentavisa Universitas.

Satsar på dei unge

0

– Me er så vane med å velje frå ein meny dei vaksne har servert oss. På eit barnekultursenter bør det vere byggeklossar slik at me kan skape noko sjølve. Ein plass for kreativitet og kunnskap, seier skuleelev Bård Drange (16).

– Eg er samd med ordførar i Suldal kommune, Torkel Myklebust, i at ein må tenkje bredt. Dette er ein diskusjon som må gå ei stund, men me har ein visjon om at dette skal bli eit nasjonalt senter, uttalte direktør ved Ryfylkemuseet Roy Høibo på avsparkkonferansen for barnekultursenteret på Sand i Ryfylke. Han viste også til debatten om kva senteret skal innehalde. Om det skal bli eit barnekultursenter eller eit barnelitteratursenter?

– Mitt ynskje er at eit barnekultursenter skal utfordre det etablerte, det treng me. Senteret bør også setje dagsorden og provosere, meiner Ine Marit Torsvik Bertelsen, prosjektleiar for den Nordiske barne – og ungdomslitteraturkonferansen. Ho la også vekt på at den største utfordringa for barne – og ungdomslitteraturen er for få lesarar, og at debatten kring litteraturen ofte er prega av synsing.

– Ein snakkar om form, men ikkje om innhald. Når høyrde de sist ein diskusjon om barnelitteratur på litteraturen sine eigne premiss?

Det er Rasmus Løland-stiftinga og Ryfylkemuseet som står bak planane om eit nasjonalt senter for barnekultur i Ryfylke, og målet er å opna i 2011. Saka var oppe i kommunestyret i Suldal kommune på det siste møtet i 2008, og er teke med i handlingsprogrammet for 2009 – 2012. Det planlagde barnekultursenteret er og kome inn med ein merknad i statsbudsjettet, noko som i følgje Roy Høibo er viktig for å få statlege midlar i framtida.

Den gode historia
16-åringane Eli Bog, Bård Drange og Anita Svendheim fortalde på avsparkkonferansen om kva Løland og litteraturen hans hadde å seie for dei som unge lesarar. Dei sende også klare signal om kva dei kunne tenkje seg som innhald i eit barnekultursenter.

– Løland gav oss dei gode historiene, og har tru på lesaren og ser verda med våre auger, meinte dei og la vekt på at mykje ungdomslitteratur handlar om tema ungdommane ikkje kjenner seg att i, som til dømes abort, rusmisbruk og massiv festing kvar helg.

– Det er viktig å få dialog med barna om kva dei ynskjer og middelet til det er å bruke dei ulike mediene, meinte Bård Drange om  innhaldet på senteret. Han meinte også ei langsiktig satsing på eit barnekultursenter kan få langt større konsekvensar enn ei enkelt markering av ein forfattar.

Definisjonsdebatten : kultur eller litteratur
Leiar i Foreningen !Les, Ketil Kolstad meinte eit barnekultursenter kan spele ei viktig rolle ved å løfte opp barnekulturen.

– Lesing er basis for all læring. Det er vel så viktig å knekke lesekoden i naturfag som å lese skjønnlitteratur. Kan du ikkje lese får du vanskar, du møter tekst i heile samfunnet, meinte han og oppfordra til å lese for barna og fortelje dei gode historiene. Og ein må byrje tidleg skal ein ha resultat. Kolstad har besøkt Polen og organisasjonen All of Poland reads to kids foundation.

– Dei har fått enorme resultat av å byrje lesinga tidleg. Blant anna har dei påvist auka konsentrasjon, tekstforståing, ei styrka evne til reflektering og kritisk tenking og auka grad av fritidslesing.

Kolstad la også vekt på at barn og unge fortener å få formidla ein levande og aktuell samtidslitteratur dei kan kjenne seg att i .  Direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, meiner behovet for eit slikt nasjonalt senter absolutt er tilstades og håpar det kan stimulere til leseinteresse.

– Leseinteressa er viktig, det er dei unge som avgjer framtida til språket vårt, meiner han.
Fleire i salen under konferansen etterlyste ein tydelegare definisjonsdebatt rundt senteret, og fleire peika på at eit kultursenter burde famne over meir enn berre barne  – og ungdomslitteratur.

Vil avskaffe nynorskforbodet

0

Momsfritak og pressestøtte blir berre gitt til norskspråklege aviser i Norge, ikkje til dømes til engelskspråklege. Men ein del av norsken blir likevel ekskludert i dei store avisene, argumenterer professor Gunnar Skirbekk i ein kronikk på Bt.no i dag.

Skirbekk meiner sjefredaktørane må gå nokre rundar med det normative grunnlaget for pressestøtta «der både forbodet mot bruk av nynorsk blant journalistane og sensureringa av lesarinnlegg på radikalt bokmål inngår».

Les heile kronikken i Bt.no.

Domene-strid i Wikipedia

0

Skal bokmålsutgåva av Wikipedia sidestillast med nynorsk-utgåva når det gjeld domene-namn? Det er ein diskusjon Wikipediabrukarar kan ta stilling til og stemme over fram mot 8. februar.

Bokmålswikipedia har domenenamnet no.wikipedia.org, medan nynorskutgåva har nn.wikipedia.org. Til samanlikning har svensk wikipedia sv.wikipedia.org. Spørsmålet no er om bokmålsutgåva skal få «førenamnet» nb i staden for no. Nb står for norsk-bokmål, nn for norsk-nynorsk, medan no berre signaliserer norsk.

Avstemminga om dette starta i går og varar fram til 8. februar. På Wikipedia er det oppretta eigne argumentsider kor synspunkt for og mot endring av domenenamnet er lista opp. Eitt av argumenta for å byte til nb er mellom anna at «Nynorsk anses som en mindreverdig målform når bokmål og riksmål bruker en språkkode som egentlig skal representere alle norske målformer.»

Les meir:
Heile saka hjå Digi.no.
Argumentliste 1
Argumentliste 2

Norsk nettleksikon er utsett

0

Lanseringa av «Store norske leksikon» på internett er utsett til 25. februar. Eigarane investerer 25 millionar i leksikonet.

Gratisversjonen av Aschehoug og Gyldendals «Store norske leksikon» på nett skulle etter planen vore lansert ved nyttår, men opninga er no utsett til 25. februar.

Direktør i De norske bokklubbene Kristenn Einarsson, som har ansvaret for det tekniske opplegget, seier til Aftenposten at det tek tid å få alt klart. Bokklubben investerer bortimot 25 millionar kroner dei første tre åra for å få leksikonet opp å stå.

Leksikonet er basert på artiklar frå fagfolk i kombinasjon med bidrag frå frivillige. Det gir leksikonet eit konkurransefortrinn i høve til det opne nettleksikonet Wikipedia, trur Einarsson. Men «Store norske leksikon» er avhengig av annonseinntekter for å overleve, og det kan bli krevjande.

– Utfordringa ligg i om vi greier å skape dei annonseinntektene som er venta i dette året. Det er klart at verda rundt oss er ein annan enn då vi bestemte dette tidleg i haust. Det blir det store spenningsmomentet i høve til lanseringa. Vi treng annonseinntekter for å halde fram, eller vi må skaffe oss inntekter på anna vis, seier Kristenn Einarsson. (NPK)

Lekselesing aukar skilnader

0

Ifølgje ei undersøking frå SSB bidreg foreldra si deltaking i lekselsing til auka faglege og sosiale skilnader mellom barna.

Barn med godt utdanna foreldre får mest hjelp med leksene og står dermed sterkare sosialt og fagleg, kjem det fram av undersøkinga som baserer seg på ei spørjeundersøking blant 4 000 barn i Nederland.

Det heiter vidare at det er mindre skilnad i prestasjonane blant elevar i klassar som ikkje får lekser enn det er i klassar som har lekser.

Elisabeth Lundervold Sørdal har skrive masteroppgåve om lekser i skulen. Ho kjenner seg att i resultata frå SSB si undersøking og stiller spørsmål ved om elevane er betre tente med å gjere alt leksearbeidet ferdig på skulen.

Les heile saka i Kommunal Rapport.