Heim Blogg Side 359

Vil ha meir nynorsk i barnehagen

0

Mållaget ber barnehagar i nynorskkommunar å velja nynorske songar og barnebøker.

– Det er ikkje alltid samsvar mellom språkpolitikken i barnehage og skulen i same kommune påpeikar skulemålskrivar Ingar Arnøy i Noregs Mållag og leiar i Suldal Mållag Wenche Haugen Havrevoll til Stavanger Aftenblad.

Dei viser til at medan det før var skulespråket som la premissane for barns språkutvikling er det no mellom anna språkbruken på fritida som får stadig større påverknad. Mållaget vil difor at barna i nynorsk-kommunar skal møte nynorsk alt i barnehagen.

– Di fleire som kan nynorsk, di mindre vil skepsisen bli mot målforma, hevdar Arnøy, og viser til at eit samrøystes Storting har gjort vedtak om at alle i Norge skal ha moglegheiter til å bli tospråklege.

– Den beste måten å bli to-språkleg, er å ha nynorsken i botn, for bokmålet får me inn gratis. Dei som veks opp med nesten berre bokmål, blir i bestefall halvannan-språklege, seier Ingar Arnøy til Stavanger Aftenblad.

Vurderer omdømmeskule

0

15 kommunar og éin region deltok i fjor på ein statleg omdømmeskule. Kommunal og regionaldepartementet vurderer å vidareføre opplegget i 2009.

Omdømmeskulen skulle vere ein reiskap for kommunar som ønsker å arbeide med profilering, omdømeprosessar og stadutvikling. Interessa for å delta i fjor var stor, og seniorrådgjevar i regionalpolitisk avdeling, Judith Kortgård, seier tilbakemeldingane frå deltakarkommunane var gjennomgåande positive. Kravet til deltakarkommunane var at dei i løpet av dei tre samlingane som skulen la opp til måtte setje i gong eller vidareutvikle eige prosessar for omdømmebygging.

Medan det i fjor berre var særskilde kommunar som var inviterte til å delta, ser departementet for seg at ein neste gong vil gå ut med ein open invitasjon. KRD kan enno ikkje seie sikkert at det blir omdømmeskule i år, eller kva tid det kjem.

Omdømmeskulen er ein del av departementets satsing på omdømmearbeid i kommunar og regionar, Ry.

Omdømebygging er tema på Landstinget 2009.

Song for barnet i magen

0

I Gjemnes blir det laga songbok for det ufødde barnet, med songar på nynorsk og dialekt.

– Eit barn har levd med stemma til mor og hjarteslaga til mor lenge før det blir fødd. Når det kjem til verda, vil mors stemme vere kjend. Gjennom song før og etter fødselen kan mor og barn byggje viktige relasjonar, forklarar ein av initiativtakarane til den nye songboka, jordmor Marianne Klokset Aspås i Gjemnes kommune.

Jordmora har jobba med foreldre og barn i ei årrekkje og seier ho lenge har leita etter eit verktøy for blivande foreldrer som vil kommunisere med barnet sitt. No meiner ho å ha funne verktøyet, ei lita songbok som skal innehalde kjende songar på nynorsk og dialekt.

– Ved å synge for barnet trur vi at mor og far er med på å skape godt humør og harmoni, som igjen kan føre til produksjon av endorfinar, såkalla velvære-hormonar, fortel Klokset Aspås. – Barn elskar stemmer og foreldra må berre synge med den stemma dei har.

Gjemnes mållag er med og lagar songboka. Leiar i mållaget, Ingvild Ruland, fortel til LNK.no at det har vore viktig for dei at songane er vanlege barnesongar som folk kjenner frå før, som Kom skal vi klippe sauen og Byssan, byssan barnet. Like viktig er det at songane finst på nynorsk, ei målform som foreldra i området bør kjenne seg fortrulege med.

Den nye sangboka vil få eit lite og hendig format med songar foreldra kjenner frå før. Boka skal delast ut gratis til foreldra, anten  i samband med barselkontroll eller første kontroll etter fødsel.

Utvalet av dikt, songar, rim og regler er allereie gjort, no blir det jobba med illustrasjon og finansiering.

Fornøgd med opplagstala for lokalavisene

0

Fornøgd med opplagstala for lokalavisene

Av Nynorsk Pressekontor (NPK) 17.feb.2009

Lokalavisene tilknytt Landslaget for Lokalaviser (LLA) fekk ein nedgang i opplaget på 0,3 prosent frå 2007 til 2008, etter 16 år med framgang.

Avisene med under 6.000 i opplag har gått fram med 0,7 prosent, medan dei litt større lokalavisene har ein liten tilbakegang.

– Lokalavisene ser ut til å vera mindre påverka av endra lesevanar og turbulente tider. Avisene våre er og blir ein naturleg del av kvardagen til folk, seier Tomas Bruvik, styreleiar i LLA.

Årets opplagsvinnar er Stangeavisa for andre året på rad. Avisa kjem ut ei gong i veka med eit gjennomsnittleg opplag på 2.516 eksemplar. Den fem år gamle avisa auka med heile 509 eksemplar i fjor, ein opplagsvekst på over 25 prosent. Stangeavisa dekkjer Stange kommune i Hedmark og har fire medarbeidarar.

Andre aviser med stor framgang i fjor er Våganavisa som kjem ut i Vågan kommune i Lofoten. Opplaget enda på 2.067 aviser – fram 324 frå året før. Steinkjer-Avisa hadde eit opplag på 4.229, ein framgang på 312 aviser. Fanaposten auka med 280 aviser i fjor og enda på 4.683. På femteplass blant dei som auka mest er Sandnesposten som gjekk fram med 251 eksemplar til eit opplag på 4.222. (©NPK)

Utfordringa er å auke folketalet

0

Ein rapport frå Telemarksforskning viser at kommunane i rv. 13 – regionen har god næringsutvikling, men klarer i liten grad å trekke til seg nye innbyggarar.

Rapporten frå Telemarksforskning er bestilt av I/S Fjordvegen og har som mål å kartlegge dei viktige utviklingstrekka for kommunane langs rv. 13 frå Sandnes til Førde. Kartlegginga konkluderer med at dei fleste kommunane langs strekninga ikkje trekkjer til seg busetjing, trass i at det er god næringsutvikling og god vekst i arbeidsplassane.

Rapporten viser også til at betre kommunikasjonar til sentre med overskot på arbeidsplassar er den mest effektive måten å auke folketalet. Dermed kan ein bu i området og pendle ut av kommunen.

Folketal og arbeidsplassar
Trass i dette er den totale befolkninga i rv. 13 – regionen veksande, og har no passert 130.000 personar. Men det er kommunane Førde, Sandnes, Forsand og Strand som har betydeleg vekst i folketalet. Kommunane imellom slit derimot mykje meir.

Ifølgje kartlegginga er situasjonen aller verst i Eidfjord, med ein nedgang på 1,2 prosent årleg etter 2000. Ulvik hadde den største nedgangen i 2007 med 2,6 prosent.

Når det gjeld arbeidsplassutviklinga i kommunane kjenner ein igjen mykje av mønsteret som også ligg til grunn for utviklinga i folketalet. Kommunane lengst i sør, Sandnes og Strand, har hatt ein gjennomsnittleg vekst på 3,3 prosent dei siste sju åra. Førde i nord har også hatt ein sterk vekst, med 2,4 prosent gjennomsnittleg auke. Kommunane Balestrand, Granvin, Ulvik og Odda har derimot hatt sterk nedgang.

Når det gjeld nyetableringar i næringslivet er også biletet det same, med nokre få unntak. Eidfjord og Odda har høg etableringsfrekvens.

Ungdommen flyttar
Også her ser ein tendensen med at dei unge flyttar innover til byane. Blant kommunane i rv. 13 – regionen er det Førde og Sandnes som er attraktive for dei unge vaksne. Voss, Odda og Strand er over middels attraktive for ungdommen.

Noko annleis er det for barnefamiliane. Her er kommunar som Gaular, Granvin og Eidfjord mest populære. Tett fylgt av kommunar som Ulvik, Sauda, Strand og Forsand. Hjelmeland, Balestrand, Vik, Ullensvang og Odda er derimot lite attraktive for barnefamiliar.

Samla sett er det kommunar som både har betre næringsutvikling enn gjennomsnittet, og samstundes er attraktive for tilflyttarar som kjem best ut. Her finn ein Sandnes, Forsand, Strand og Voss. I andre enden totalt sett er Ullensvang, Vik, Balestrand og Ulvik.

Bryt gjerne lova igjen

0

Universitetet i Bergen får refs for å skrive for mykje nynorsk. Elin Folgerø Styve og Hilde Kvalvaag legg ikkje skjul på at dei er stolte over å bryte Mållova på denne måten.

I Universitetet si eigenrapportering til Språkrådet kjem det fram at utdanningsstaden let nynorsk få større plass enn det Mållova tillet. I følgje tal frå Bergens Tidende brukar Universitetet heile 88 prosent nynorsk i kortare tekstmateriell og 82 prosent i lengre. Skal dei rette seg etter mållova, må dei halde seg til maksium 75 prosent nynorsk språk i brosjyrar  og anna formidlingsmateriell.

Verre viss det var omvendt
Styve og Kvalvaag, som begge jobbar ved Universitetet si formidlingsavdeling, ser ikkje ut til å ta resultatet tungt.  Hadde det vore omvendt ville eg synst det var verre, seier Styve. Ho legg til at dei sjølvsagt vil ta eit eventuelt krav frå universitetsleiinga om å stramme inn på nynorskbruken, på alvor. Hilde Kvalvaag, som er forfattar ved sida av jobben på Universitetet, er friskare i kommentaren:

-Vi har ikkje noko imot å gjere dette igjen, meiner ho, og siktar til det nyleg oppdaga lovbrotet.

Krav at nye kan nynorsk
Styve framhevar at ho berre kan uttale seg på vegne av det redaksjonelle stoffet ved Universitetet. I eigenrapporteringa til Språkrådet blir det lagt stor vekt på brosjyremateriell, som hovudsakleg blir laga ved ei anna avdeling. I   redaksjonsavdelinga, som mellom anna står for forskingstidskriftet Hubro og nettavisa På Høyden, seier Styve at det har blitt ein naturleg tradisjon å skrive mykje nynorsk. Ved tilsetjing av nye arbeidstakarar er det eit krav at dei kan  nynorsk.

– Vi passar på at Hubro annankvar gong får forside på nynorsk og bokmål. Elles kan vi ikkje vere firkanta når vi jobbar redaksjonelt, påpeikar Styve, som er redaktør for Hubro.

Det var eit medvite val for mange år sidan at vi ville overoppfylle kravet om nynorsk, held ho fram.

Naturleg for  universitetet
Styve meiner vidare at det fell seg naturleg med mykje nynorsk på eit vestlandsuniversitet, sjølv om det ligg i urbane strok. Ho visste at dei ville skore høgt som nynorskbrukarar på Språkrådet sitt eigenrapporteringsskjema. At tala blei så høge, kom likevel overraskande.

-Får de kommentarar på at de skriv så mykje nynorsk?

– Eg har ikkje fått nokon reaksjonar. Det må i tilfelle vere maks ein i året. Det å lese og skrive nynorsk er naturleg både for oss og lesarane våre, meiner redaktøren.

Einaste minuset ho ser ved den omfattande nynorskbruken, er at folk som bruker bokmålsord ved søk på universitetet sine nettsider, kan vere uheldige og miste enkelte treff.

Kritiserer nynorskforbod

0

– Det er vanskeleg å skjøne at riksavisene kan innkassere fleire millionar kroner i året samstundes som dei utestengjer eit av skriftspråka våre, seier Bjarne Bjørnevik i Sunnmørsposten.

Debatten om å opne for nynorsk på redaksjonell plass i riksavisene held fram. Bjarne Bjørnevik argumenterer i eit lesarbrev i Sunnmørsposten mot det han meiner er eit nynorskforbud i pressa.

– Dersom staten ikkje tvingar riksavisene til å oppheve nynorskforbodet, kjem diskrimineringa til å halde fram, og målet om reell språkleg jamstelling vil mislukkast, skriv han og peikar på reaksjonen til sjefsredaktør Bernt Olufsen i Verdens Gang i den pågåande debatten.

– «VG ønsker å ha en enhetlig språklig presentasjonsform for å få en effektiv kommunikasjon med flertallet av leserne». Dette er eit gjennomgåande urimeleg argument, då det ikkje har vist seg at ei tospråkleg linje har straffa seg for dei riksavisene som har valt dette, som til dømes Vårt Land, Klassekampen og Morgenbladet.

Les meir i Sunnmørsposten.

Eit demokratisk framsteg

0

Fleire kommunar overfører no kommunestyremøta sine via web-tv. Professor Harald Baldersheim ved Universitetet i Oslo meiner dette er positivt for demokratiet.

Stord kommune er ein av mange kommunar som no sender kommunestyremøta direkte på nett.

Publikum kan dermed gå inn på kommunen sine nettsider og sjå direktesending frå kommunestyresalen, samstundes som tidlegare møte vert lagra.  Ordførar Liv Kari Eskeland (H) trur dette fører til at fleire fylgjer med i dei politiske debattane.

– Me byrja for vel eit år sidan med å sende møta på web-tv. Erfaringane me har gjort oss er at det er ganske mange som fylgjer med. Mange slår på maskinen på jobb og ser møtet der, seier ho som også trur dette kan stimulere til meir politiske engasjement blant ungdom.

– Det er begrensa med oppmøte på kommunestyremøta, så det er kjekt dersom dette kan føre til at fleire fylgjer med. Målet må vere at den politiske arenaen er så open som mogleg. Og dette må jo vere kjekt i undervisningssamanheng. Det er jo lettare å slå opp eit politisk møte på nettet enn å ta elevane med til møtet, meiner Eskeland.

Samstundes viser ho til at somme representantar kan føle direktesendingane noko skremmande, og i nokre tilfelle vegre seg mot å gå på talarstolen.

– Men eg trur det verkar skjerpande på politikarane, og til dømes er det lettare å rette opp feilsitering i avisene, sidan det no vert dokumentert.

Professor ved Institutt for Statsvitenskap ved Universitetet i Oslo, Harald Baldersheim, meiner overføringane over web-tv er eit demokratisk framsteg.

– Me har ingen systematiske tal på dette, men vårt inntrykk er at det er stor interesse blant innbyggarane. Denne interessa finn ein også i kommunar som har overføringar av kommunestyremøta på lokalradio, meiner han.

Han viser vidare til at kommunestyremøta tradisjonelt sett, og i dei fleste kommunar, er dårleg besøkte. Internett, derimot, opnar for at politikarane når nye målgrupper.
– Ikkje minst ungdommen, det er jo dei som soleklart bruker nettet mest, slår Baldersheim fast.

Duka for språkstrid i Gvarv

0

Rådmannen i Sauherad innstiller på at nynorskskulen Gvarv skal bli bokmålsskule frå hausten av. Eit rote åtak mot nynorsken, meiner Noregs Mållag.

Gvarv skule har nynorsk som hovudmålform, og har i dag fire grupper med elvar som har bokmål. I innstillinga til utvalet for oppvekst og omsorg i Sauherad skriv rådmannen at dette er ei kostbar ordning, og han tilrår at skulen frå 1. august i år går over til å bli rein bokmålsskule. Vidare tilrår han ei rådgjevande folkerøysting i mars.

Politikarane i Sauherad ønska i går ikkje å handsame saka og fekk saka utsett for ytterlegare utgreiing. Påstanden om at ein overgang til bokmålsskule kan gje ei innsparing på 1 million var for dårleg dokumentert, meinte Venstre-politikar Heine Aarhus.

Leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust, meiner det er like truleg at det vil bli språkdelingsgrupper på skulen sjølv om den blir ein bokmålsskule. Ho meiner og det er uheldig at rådmannen legg seg opp i kva som er opplæringsspråket på ein skule og seier mållaget har bede fylkesmannen i Telemark  om å vurdere åtferda til rådmannen.

Kjelder: Varden, Noregs Mållag

Hardangerbønder ønskjer råderett

0

I Hardanger vert det etterlyst større fullmakt til å rå over lokale ressursar.

På eit folkemøte i regi av kommunaldepartementet på Lofthus i januar peika fleire på at bygdenorge sit på naturressursar som kan gje vekst, men at forvaltinga ofte vert styrt frå sentralt hald.

– Ei slik forvalting er ingen tente med dersom ein ynskjer at folk skal bu der og halda  kulturlandskapet  i hevd, sa fruktbonde Harald Opedal.
Meir enn 250 personar hadde funne vegen til Lofthus ein vêrrik januarkveld for å gje kommunalministeren råd når den raudgrøne regjeringa skal forma ut ein ny regionalpolitikk. Ein begeistra kommunalminister kunne informera at det ikkje på noko møte hadde møtt fram så mange og engasjerte menneske som her i Hardanger.

Røter
Røtene er sterke i Hardanger, kunne Kjetil Sørlie frå Norsk Institutt for by- og regionforsking (NIBR) informera dei frammøtte. Om lag 40 prosent av dei som vel å flytta tilbake til Hardanger gjer det på grunn av at dei har røter til regionen. Det er ikkje betre vegar og tilbod om arbeid som er viktigast når flyttevalet blir gjort.

Sørlie understreka dette med å fortelja at når dei same personane som har flytta til regionen har budd i lokalsamfunnet i 7 år er kvaliteten med staden og miljøet blant dei viktigaste grunnane til at dei  vel å halda fram som harding.

Berre 9 prosent av denne gruppa seier at dei angrar på flyttevalet. Det  tyder på at når ein flyttar ut av sentrale strok er det ei gjennomtenkt og medviten handling.

Landbruket
Landbruket har vore i tilbakegang i bygde-noreg, men det spelar ei langt større rolle for det totale busetjingsmønsteret enn me er klar over. Den siste tida har mange avvikla bruka sine. Ein trend som må stoggast. Landbruket har ikkje den samme rolla som tidlegare i bygdene våre, men det er grunnfjellet for busetjingar, og i Hardanger er den langt på veg den næringa som har bygd opp merkevara, meinte fruktdyrkar Arne Lofthus.

Viss landbrukssubsidiane skal vera ein stimulans for busetjinga på Lofthus og andre bygder, er det eit paradoks at 80 prosent av overføringane går til 20 prosent av bøndene, og dei finn du ikkje mange av der.

Tilleggsnæringar
Me brenn for å utvikla gardane og bygdene våre. Men bygdene kan ikkje berre leve av dei tradisjonelle næringane på garden,  meinte Harald Opedal.

– Diverre rår me ikkje over ressursane garden sit på som kunne vore avgjerande viktig når me må kompensera for manglande økonomi i den tradisjonelle næringa.

Opedal hevda at kulturlandskapet er ein utruleg og viktig ressurs. Den ressursen har bøndene i Hardanger forvalta på ein framifrå måte i generasjonar.

Men får me bruka han slik me sjølv ynskjer no, spurde den unge bonden og svara sjølv: Folkevalde og byråkratiet i byane er i ferd med å gjera regionar som Hardanger til museum. Å få utvikla ressursane våre er avgjerande skal kulturlandskapet slik me kjenner det  haldast ved like. Å produsera rullepølsa og visa fram bunader er ikkje nok for å utvikla Hardanger.

Vinterutfordring
I Hardanger er det vinteren som er utfordringa, ikkje sommaren. Skal nye generasjonar finna bygda interessant må gode møteplassar og begeistring skapast. Derfor er det viktig at eldsjelene går saman og finn kreative løysingar som gjer kafeen og trimstova drivverdige.

Det er klart at nye generasjonar ynskjer dei same tilboda som ein har i sentrale strok, sa Opedal, som sjølv har stått i bresjen for triveselskapande tiltak på Lofthus

Å ha skoen på
Men det er ikkje lett å vera engasjert når dei som skal hjelpa gründaren drep planane. Dei passar ikkje inn i strategiane eller skjemaa. Å halda seg borte frå Innovasjon Noreg når ein ville skapa noko kunne i det minste ført til at dei ikkje drap idegnisten lokalt, meinte Opedal.

Og han fekk støtte frå fleire.  Helga Byrkjeland frå Nøring ans peika på at mangelen på kunnskap om å starta opp ei verksemd er skremmande liten hos dei gründeren skal ha kontakt med. Ikkje minst kor mange krav og pålegg som blir stilt, uansett om bedrifta til har to eller hundre tilsette.  Krava er dei same.

Det er først når ein prøver seg som næringsetablerar at ein får innsikt i kva styresmaktene krev av ein.  Kvar etat kjenner berre sitt skjema og kva for kollone som skal fyllast ut, sa Byrkjeland.

Staten støvsuger
Regionen har fått tilført statlege arbeidsplassar gjennom Statens Kartverk til Kinsarvik. Men kva er det me nå  ser. Den same staten støvsuger regionen for tilsette gjennom sentralisering av statlege etatar, hevda Sp-politikar Olav H. Opedal.

Og han ramsa opp ei rad offentlege kontor som er rasjonalisert og sentralisert.  Politiet, Nav, Mattilsynet, Likningskontoret, Arbeidstilsynet osv osv. Viktige kompetansearbeidsplassar som no forsvinn frå kommunane og blir samla i sentral strok.

Viktige arbeidsplassar som kommunane våre ikkje har råd til å miste. Kor blir det av den vidare utflyttinga av arbeidsplassar, spurte Opedal.

Manglar samarbeid
Hardangerkommunane har etablert ungdomsråd i alle kommunane, og Alexander Røynstrand frå Granvin ungdomsråd hadde merka seg at dei folkevalde i regionen snakka mykje om å samarbeida meir på tvers av kommunegrensene.

– Men det er mest prat og lite handling. De lyt skjerpa dykk, sa Røynstrand, med klar adresse til dei mange leiande folkevalde som sat i salen.

Trolldom
Kommunal- og regionalminister Kleppa var komen for å lytta, ikkje for å gje svar. Ho lova ikkje mykje, men meinte det var kome mange og gode innspel som ville vise att når meldinga var klar. Ho peikte på at  dei unge sitt engasjement i regionen var noko  ho spesielt hadde merka seg.

Og meldinga skal  bli meir konkret, kvitterte ministeren.

Men trylla kunne ho ikkje, lova ho dei frammøtte.

-Eg forstår mange av dei problemstillingane som er komne fram om større råderett over eigen areal, bruk eller vern.  Det er ein viktig debatt og eg tar med meg innspela som er komne, lova ho.

Nynorsk + minoritetsspråk = bra

0

Homlia skole har erfart at minoritetsspråklege elevar er ein ressurs for nynorskundervisninga.

Det som kjenneteiknar minoritetsspråklege elevar er at dei er svært språkleg kompetente og bevisste, og er motiverte for å lære fleire språk. I tillegg har dei færre kulturelle fordommar generelt og spesielt mindre innlærte fordommar mot nynorsken. Det fortel lærar Pål Wiik ved Holmlia skole, ein Oslo-skole der 70 prosent av elevane er minoritetsspråklege.

– Desse barna og ungdommane vekslar mellom å snakke norsk og morsmålet sitt, utan å blande dei. Ofte beherskar dei fleire framandspråk i tillegg til norsk.

Wiik meiner skulen må nytte seg av at desse elevane er språkmektige. For nynorsken sin del bør det og slå positivt ut at desse elevane ikkje har fått dei same haldningane til språket med seg heime frå og frå samfunnet elles, meiner han.

Holmlia skole har jobba med prosjektet Sidemålsløftet sidan 2005 og har gode erfaringar med nynorskundervisning i skuleklassar kor den språklege variasjonen er stor.

Testar som blei gjort av åttandeklassingane på Holmlia i 2007 viste at minoritetsspråklege elevar skåra nesten like bra som dei andre elevane på nynorsktestar.

Nynorsk i riksavisene

0

Debatten om riksavisene bør opne opp for nynorsk som redaksjonelt språk held fram. Til helga vert det debatt på Litteraturhuset i Oslo.
I Dagens Næringsliv tok medlem i Språkrådet, Tor Fuglevik, den 15.01 til ordet for at aviser som ikkje tillet journalistane å skrive nynorsk burde miste pressestøtta, inkludert momsfritaket. Det utspelet fekk debatten om nynorsk i riksavisene til å blomstre opp igjen.

– Det er vanskeleg å skjøne at riksavisene kan innkassere fleire millionar kroner i året samstundes som dei utestengjer eit av skriftspråka våre. Dersom staten ikkje tvingar riksavisene til å oppheve nynorskforbodet, kjem diskrimineringa til å halde fram, og målet om reell språkleg jamstelling vil mislukkast, skriv Bjarne Bjørnevik i ein kommentar i Sunnmørsposten.

Dette vert også tema til debatt på Mediemållaget sitt årsmøte i helga. Laurdag 7. februar ynskjer Mediemållaget velkomen til debatt om nynorsk, momsfritak og redaksjonell fridom i Litteraturhuset i Oslo. Der blant anna Tor Fuglevik, styremedlem i Språkrådet, og Elin Floberghagen, leiar for Norsk Journalistlag stiller til debatt. Debattleiar er Guri Kulås.