Heim Nyhende Hardangerbønder ønskjer råderett

Hardangerbønder ønskjer råderett

I Hardanger vert det etterlyst større fullmakt til å rå over lokale ressursar.

På eit folkemøte i regi av kommunaldepartementet på Lofthus i januar peika fleire på at bygdenorge sit på naturressursar som kan gje vekst, men at forvaltinga ofte vert styrt frå sentralt hald.

– Ei slik forvalting er ingen tente med dersom ein ynskjer at folk skal bu der og halda  kulturlandskapet  i hevd, sa fruktbonde Harald Opedal.
Meir enn 250 personar hadde funne vegen til Lofthus ein vêrrik januarkveld for å gje kommunalministeren råd når den raudgrøne regjeringa skal forma ut ein ny regionalpolitikk. Ein begeistra kommunalminister kunne informera at det ikkje på noko møte hadde møtt fram så mange og engasjerte menneske som her i Hardanger.

Røter
Røtene er sterke i Hardanger, kunne Kjetil Sørlie frå Norsk Institutt for by- og regionforsking (NIBR) informera dei frammøtte. Om lag 40 prosent av dei som vel å flytta tilbake til Hardanger gjer det på grunn av at dei har røter til regionen. Det er ikkje betre vegar og tilbod om arbeid som er viktigast når flyttevalet blir gjort.

Sørlie understreka dette med å fortelja at når dei same personane som har flytta til regionen har budd i lokalsamfunnet i 7 år er kvaliteten med staden og miljøet blant dei viktigaste grunnane til at dei  vel å halda fram som harding.

Berre 9 prosent av denne gruppa seier at dei angrar på flyttevalet. Det  tyder på at når ein flyttar ut av sentrale strok er det ei gjennomtenkt og medviten handling.

Landbruket
Landbruket har vore i tilbakegang i bygde-noreg, men det spelar ei langt større rolle for det totale busetjingsmønsteret enn me er klar over. Den siste tida har mange avvikla bruka sine. Ein trend som må stoggast. Landbruket har ikkje den samme rolla som tidlegare i bygdene våre, men det er grunnfjellet for busetjingar, og i Hardanger er den langt på veg den næringa som har bygd opp merkevara, meinte fruktdyrkar Arne Lofthus.

Viss landbrukssubsidiane skal vera ein stimulans for busetjinga på Lofthus og andre bygder, er det eit paradoks at 80 prosent av overføringane går til 20 prosent av bøndene, og dei finn du ikkje mange av der.

Tilleggsnæringar
Me brenn for å utvikla gardane og bygdene våre. Men bygdene kan ikkje berre leve av dei tradisjonelle næringane på garden,  meinte Harald Opedal.

– Diverre rår me ikkje over ressursane garden sit på som kunne vore avgjerande viktig når me må kompensera for manglande økonomi i den tradisjonelle næringa.

Opedal hevda at kulturlandskapet er ein utruleg og viktig ressurs. Den ressursen har bøndene i Hardanger forvalta på ein framifrå måte i generasjonar.

Men får me bruka han slik me sjølv ynskjer no, spurde den unge bonden og svara sjølv: Folkevalde og byråkratiet i byane er i ferd med å gjera regionar som Hardanger til museum. Å få utvikla ressursane våre er avgjerande skal kulturlandskapet slik me kjenner det  haldast ved like. Å produsera rullepølsa og visa fram bunader er ikkje nok for å utvikla Hardanger.

Vinterutfordring
I Hardanger er det vinteren som er utfordringa, ikkje sommaren. Skal nye generasjonar finna bygda interessant må gode møteplassar og begeistring skapast. Derfor er det viktig at eldsjelene går saman og finn kreative løysingar som gjer kafeen og trimstova drivverdige.

Det er klart at nye generasjonar ynskjer dei same tilboda som ein har i sentrale strok, sa Opedal, som sjølv har stått i bresjen for triveselskapande tiltak på Lofthus

Å ha skoen på
Men det er ikkje lett å vera engasjert når dei som skal hjelpa gründaren drep planane. Dei passar ikkje inn i strategiane eller skjemaa. Å halda seg borte frå Innovasjon Noreg når ein ville skapa noko kunne i det minste ført til at dei ikkje drap idegnisten lokalt, meinte Opedal.

Og han fekk støtte frå fleire.  Helga Byrkjeland frå Nøring ans peika på at mangelen på kunnskap om å starta opp ei verksemd er skremmande liten hos dei gründeren skal ha kontakt med. Ikkje minst kor mange krav og pålegg som blir stilt, uansett om bedrifta til har to eller hundre tilsette.  Krava er dei same.

Det er først når ein prøver seg som næringsetablerar at ein får innsikt i kva styresmaktene krev av ein.  Kvar etat kjenner berre sitt skjema og kva for kollone som skal fyllast ut, sa Byrkjeland.

Staten støvsuger
Regionen har fått tilført statlege arbeidsplassar gjennom Statens Kartverk til Kinsarvik. Men kva er det me nå  ser. Den same staten støvsuger regionen for tilsette gjennom sentralisering av statlege etatar, hevda Sp-politikar Olav H. Opedal.

Og han ramsa opp ei rad offentlege kontor som er rasjonalisert og sentralisert.  Politiet, Nav, Mattilsynet, Likningskontoret, Arbeidstilsynet osv osv. Viktige kompetansearbeidsplassar som no forsvinn frå kommunane og blir samla i sentral strok.

Viktige arbeidsplassar som kommunane våre ikkje har råd til å miste. Kor blir det av den vidare utflyttinga av arbeidsplassar, spurte Opedal.

Manglar samarbeid
Hardangerkommunane har etablert ungdomsråd i alle kommunane, og Alexander Røynstrand frå Granvin ungdomsråd hadde merka seg at dei folkevalde i regionen snakka mykje om å samarbeida meir på tvers av kommunegrensene.

– Men det er mest prat og lite handling. De lyt skjerpa dykk, sa Røynstrand, med klar adresse til dei mange leiande folkevalde som sat i salen.

Trolldom
Kommunal- og regionalminister Kleppa var komen for å lytta, ikkje for å gje svar. Ho lova ikkje mykje, men meinte det var kome mange og gode innspel som ville vise att når meldinga var klar. Ho peikte på at  dei unge sitt engasjement i regionen var noko  ho spesielt hadde merka seg.

Og meldinga skal  bli meir konkret, kvitterte ministeren.

Men trylla kunne ho ikkje, lova ho dei frammøtte.

-Eg forstår mange av dei problemstillingane som er komne fram om større råderett over eigen areal, bruk eller vern.  Det er ein viktig debatt og eg tar med meg innspela som er komne, lova ho.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...