Heim Nyhende Satsar på dei unge

Satsar på dei unge

– Me er så vane med å velje frå ein meny dei vaksne har servert oss. På eit barnekultursenter bør det vere byggeklossar slik at me kan skape noko sjølve. Ein plass for kreativitet og kunnskap, seier skuleelev Bård Drange (16).

– Eg er samd med ordførar i Suldal kommune, Torkel Myklebust, i at ein må tenkje bredt. Dette er ein diskusjon som må gå ei stund, men me har ein visjon om at dette skal bli eit nasjonalt senter, uttalte direktør ved Ryfylkemuseet Roy Høibo på avsparkkonferansen for barnekultursenteret på Sand i Ryfylke. Han viste også til debatten om kva senteret skal innehalde. Om det skal bli eit barnekultursenter eller eit barnelitteratursenter?

– Mitt ynskje er at eit barnekultursenter skal utfordre det etablerte, det treng me. Senteret bør også setje dagsorden og provosere, meiner Ine Marit Torsvik Bertelsen, prosjektleiar for den Nordiske barne – og ungdomslitteraturkonferansen. Ho la også vekt på at den største utfordringa for barne – og ungdomslitteraturen er for få lesarar, og at debatten kring litteraturen ofte er prega av synsing.

– Ein snakkar om form, men ikkje om innhald. Når høyrde de sist ein diskusjon om barnelitteratur på litteraturen sine eigne premiss?

Det er Rasmus Løland-stiftinga og Ryfylkemuseet som står bak planane om eit nasjonalt senter for barnekultur i Ryfylke, og målet er å opna i 2011. Saka var oppe i kommunestyret i Suldal kommune på det siste møtet i 2008, og er teke med i handlingsprogrammet for 2009 – 2012. Det planlagde barnekultursenteret er og kome inn med ein merknad i statsbudsjettet, noko som i følgje Roy Høibo er viktig for å få statlege midlar i framtida.

Den gode historia
16-åringane Eli Bog, Bård Drange og Anita Svendheim fortalde på avsparkkonferansen om kva Løland og litteraturen hans hadde å seie for dei som unge lesarar. Dei sende også klare signal om kva dei kunne tenkje seg som innhald i eit barnekultursenter.

– Løland gav oss dei gode historiene, og har tru på lesaren og ser verda med våre auger, meinte dei og la vekt på at mykje ungdomslitteratur handlar om tema ungdommane ikkje kjenner seg att i, som til dømes abort, rusmisbruk og massiv festing kvar helg.

– Det er viktig å få dialog med barna om kva dei ynskjer og middelet til det er å bruke dei ulike mediene, meinte Bård Drange om  innhaldet på senteret. Han meinte også ei langsiktig satsing på eit barnekultursenter kan få langt større konsekvensar enn ei enkelt markering av ein forfattar.

Definisjonsdebatten : kultur eller litteratur
Leiar i Foreningen !Les, Ketil Kolstad meinte eit barnekultursenter kan spele ei viktig rolle ved å løfte opp barnekulturen.

– Lesing er basis for all læring. Det er vel så viktig å knekke lesekoden i naturfag som å lese skjønnlitteratur. Kan du ikkje lese får du vanskar, du møter tekst i heile samfunnet, meinte han og oppfordra til å lese for barna og fortelje dei gode historiene. Og ein må byrje tidleg skal ein ha resultat. Kolstad har besøkt Polen og organisasjonen All of Poland reads to kids foundation.

– Dei har fått enorme resultat av å byrje lesinga tidleg. Blant anna har dei påvist auka konsentrasjon, tekstforståing, ei styrka evne til reflektering og kritisk tenking og auka grad av fritidslesing.

Kolstad la også vekt på at barn og unge fortener å få formidla ein levande og aktuell samtidslitteratur dei kan kjenne seg att i .  Direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, meiner behovet for eit slikt nasjonalt senter absolutt er tilstades og håpar det kan stimulere til leseinteresse.

– Leseinteressa er viktig, det er dei unge som avgjer framtida til språket vårt, meiner han.
Fleire i salen under konferansen etterlyste ein tydelegare definisjonsdebatt rundt senteret, og fleire peika på at eit kultursenter burde famne over meir enn berre barne  – og ungdomslitteratur.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...