Heim Blogg Side 365

Riksveg 13 kan bli diktarveg

0

Fem forfattarstiftingar ønskjer å utvikle ein diktarveg langs Rv. 13. Små drypp av kultur og litteratur langs indre kyststamveg skal pirre nysgjerrigheita til dei reisande.

– Tenk så bra om vi kunne fått folk til å undre seg langs heile Riksveg 13, seier dagleg leiar i Lølandstiftinga, Marny Skeie Henkel. Lølandstftinga er ein av initiativtakarane til diktarvegen og den av dei som allereie har prøvd ut nokre av ideane i praksis.

Dei har fått den lokale ferja smykka ut med sitat og bilde frå Rasmus Løland si verd og har tatt venterommet på ferjekaien i bruk til kulturarrangement.

Dette var ifølgje Skeie Henkel den spede byrjinga til det som no har blitt eit samarbeid mellom  Nasjonalt Garborgsenter, Rasmus Løland-stiftinga, Olav H. Hauge-stiftinga, Sivle-laget og Jakob Sande-selskapet . Saman med I/S Fjordvegen og LNK  har desse søkt ABM-utvikling om midlar til å utvikle diktarvegen.  LNK si rolle i samarbeidet knyter seg til den nynorske profilen dette arbeidet vil ha.

Naturlege stoppestader

Ruta til diktarvegen vil gå frå Sandnes via Suldal i Rogaland, vidare til Hardanger, Voss og endar opp i Sunnfjord. Budsjettet er sett til 900 000 kroner.
Tanken er å bruke naturlege stoppestader langs Rv. 13 til å gjere diktarane tilgjengeleg for dei reisande. Ein tenkjer seg lyttedusjar på rasteplassane, bokkassar med utlånsbøker i venteromma på ferjekaiane, litteraturferjer og strategisk plasserte sitat og dikt. Mellom anna.

Veg-samarbeid

Dette arbeidet vil krevje samarbeid med etatar som ikkje jobbar med kultur til vanleg. Det har Lølandstiftinga allereie erfaring med.

– Vi har etablert eit samarbeid med Nasjonale Turistveger og Statens vegvesen i samband med litteraturferja her i Suldal og arrangement på venterommet. Det har fungert veldig bra, og vi jobbar no med å få til ei ordning med bokkassar kor folk kan leggje frå seg bøker dei ikkje treng meir slik at andre kan låne dei med seg.

– Vi vil at folk skal forstå at dei reiser langs Garborg-vegen når dei reiser frå Sandnes, langs Løland-vegen når dei er i Suldal, og så vidare, fortel Skeie Henkel.  – På denne måten håpar vi å få løfta desse fem forfattarane ut i eit vidare perspektiv.

Fakta – Diktarvegen:
Spenner over tre fylke og fem forfattarar:
Rogaland –  Arne Garborg i Sandnes og Rasmus Løland i Suldal
Hordaland – Olav H. Hauge i Hardanger og Per Sivle på Voss
Sogn og Fjordane –  Jakob Sande i Førde i Sunnfjord
Ytterlegare samarbeidspartar:  I/S Fjordvegen og LNK 
Har eit budsjett på 900 000. 450 000 er søkt i tilskot frå ABM-utvikling. Resten er tenkt finansiert ved fylkeskommunale tilskot og sponsormidlar

Glad for to-dagars eksamen

0

Kunnskapsdepartementet har bestemt at ein skal gå tilbake til ordninga med to-dagars norskeksamen. Noregs Mållag er fornøgde med vedtaket og seier det er ein siger for nynorsken.

Ordninga med hovudmål- og sidemålseksamen på ein og same dag var ny for 10. klasse våren 2008. Det vart reist til dels sterk kritikk av ordninga, både i forkant og i etterkant. Etter ei vurdering av denne eksamensformen no i haust, signaliserte Utdanningsdirektoratet at ordninga kunne stå for fall.

Når departmentet no har bestemt at ein skal gå tilbake til å ha norskeksamen over to dagar, er dette i samsvar med den nye språk- og kulturpolitikken i Noreg som handlar om å gjere alle elevane reellt tospråklege, seier leiar av Noregs Mållag, Hege Myklebust.

– Fagforbundet gjer ei viktig prioritering

0

Kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa er svært glad for avtalen som er inngått mellom LNK og Fagforbundet.

Tekst og foto: Einar Schibevaag
– Eg har alt merka meg samarbeidet som dei to organisasjonane har hatt eit par år. At Fagforbundet no vel å utvida samarbeidet viser at dei ser kor viktig eit språkleg mangfald er.

Foto: Einar SchibevaagInspirasjon
Kleppa meiner det bør inspirera andre til å følgja organisasjonen sitt eksempel. Når fagforbundet i den nye avtalen legg vinn på at midlane i stor grad skal nyttast på tiltak retta mot barn og unge, er det viktig.

– Språk og kultur er viktig i oppveksten. At LNK no kan fremja dette viktige arbeidet ytterlegare, gler meg mykje.

Meir enn 100 prosent
Det ligg og til grunn for den satsinga regjeringa no har gjort ved å auka løyvingane til LNK med meir enn hundre prosent frå 2008 til 2009.

– Det har vore ei bevisst handling for å gje organisasjonen rom til å auka satsinga i kommunane. At det kan presenterast gode tilbod som kan vera til hjelp og støtte for dei som arbeidar med desse målgruppene. Større fokus på kultur og identitet i kommunane er ei viktig sak i arbeidet for gode lokalsamfunn å vekse opp i.

Best i nynorsksatsing
Derfor innfører regjeringa no ein pris for beste nynorskkommune. Ein pris som skal inspirera kommunane til å setja desse spørsmåla på dagsorden og dermed søkje å strekkja seg mot den prisen som skal delast ut.

– På denne måten får me fram meir kunnskap og engasjement som kan vera til nytte for fleire kommunar, seier statsråden.

Prisen blir første gang delt i ut 2009.

Les også: Fagrørsla set språkpolitikk på dagsorden.

Fagrørsla set språkpolitikk på dagsorden

0

Fagforbundet inngår no ein ny avtale med Landssamanslutninga av Nynorskkommunar (LNK) for å styrkja nynorsken sin plass i samfunnet og i eigen organisasjon.

Sidan 2003 har Fagforbundet hatt eit nært samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Eit ønskje frå Fagforbundet har vore å gje medlemmane eit bokstavleg tala meir målretta tilbod.
– Nynorsk er fleirtalsform i meir enn 130 kommunar her i landet, og det skulle berre mangle om ikkje dei fagorganiserte i desse kommunane skulle få informasjon på si eiga målform, seier Jan Davidsen til lnk.no.

No går Davidsen og Fagforbundet endå lenger. Dei set klare mål for eiga verksemd som gjeld språk, og dei vil nytte 450 000 kroner per år dei neste fem åra på å styrkje tilboda for mellom anna dei som arbeider med dei yngste i barnehage og skule.

– Ved å gå inn på ein så langsiktig avtale kan me verkeleg setja desse kulturspørsmåla på dagsorden i eigen organisasjon, og me gir LNK ressursar på målretta tiltak for å nå slike målsetjingar, meiner han.

Avtalen som blei underskriven i går, listar opp fleire konkrete tiltak midlane skal nyttast til. Vidar Høviskeland i LNK fortel at Fagforbundet og LNK i lag har funne fram til dei prosjekta dei vil prioritera. Han trekkjer her fram mellom anna kulturavisa Pirion som rettar seg mot tilsette i barnehage og småskule.

Det einaste nettidskriftet på nynorsk for ungdom, Magasinett.no, kan med denne avtalen styrkjast og det skal setjast i gang eit prosjekt som tar sikte på å få fram fleire tilbod på biblioteka på nynorsk.

Nyt Norge – det nye matmerket

0

Nyt Norge blir namnet på den nye merkeordninga for norskprodusert mat.

– Dette vil bli eit skikkeleg krafttak for norsk mat og norsk landbruk. Samtidig er det eit forbrukarønskje, sa utviklingsdirektør Marit Jerven (t.v.) i KSL Matmerk ved presentasjonen av matmerket i Oslo.

Krava for å kunne setja merket Nyt Noreg på eit produkt, er at det er basert på norske råvarer, er produsert i Noreg, og at råvarene kjem frå garder som følgjer Kvalitetssystem i landbruket (KSL).

– Vi kallar ordninga eit krafttak for norsk landbruk og norsk mat, for det er det vi trur at det vil bli. Ordninga vil styrkja norsk matproduksjon i ein skjerpa internasjonal konkurranse og bidra til at forbrukarane vel norske produkt, sa Jerven.

Alt neste år kjem forbrukarane til å møte merket i butikkane. (NPK)

Lovar nynorskbøker i tide

0

Lovar nynorskbøker i tide

Av LNK NYTT 28.okt.2008

No lovar kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell (SV)nynorskbøker i tide hausten 2009.

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell lovar at paralellutgåvene på nynorsk skal koma til skulestart neste år, og lanserer handlingsplanen «Bøker i tide 09», skriv ABC Nyheter i ein borgarartikkel.

Les meir her.

Stort fleirtal for EU-medlemskap på Island

0

Vel 70 prosent av islendingane ønskjer no at Island skal søkje om medlemskap og innføre euro.

Delen som støttar EU-medlemskap er auka frå 55 prosent i februar til 69 prosent i oktober, viser ei spørjegransking, som den islandske avisa Fréttabladid har fått utført.

Medan berre 44 prosent ville byte ut kroner med euro i september, er delen no auka til nesten 73 prosent.

Ein skal likevel ikkje lenger tilbake enn til februar 2006 for å finne heilt motsette resultat. Den gongen var 66 prosent av islendingane mot EU-medlemskap. Berre 34 prosent var for. Sidan har ja-sida vakse raskt og jamt og snudd situasjonen på hovudet på mindre enn tre år. Sympatien for euroen har vakse i om lag same takt. (NPK)

Utsett for språkrasisme

0

Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal ved Sykehuset Innlandet er lei av det han kallar språkleg rasisme i jobben sin.

Rekkedal er nynorskbrukar i eit bokmålsdominert miljø, og har sett seg lei av at diktat han sjølv gjer på nynorsk kjem tilbake som notat på dårleg bokmål.

– Ikkje berre skal eg stå inne for formuleringar som eg ikkje har laga, men eg skal og stå inne for at eg er språkleg evnukk, seier Rettedal i eit brev sitert i Gudbrandsdølen Dagningen si nettavis i dag.

Brevet har han sendt til administrerande direktør Bente Mikkelsen i Helse Sør-Øst RFH, med kopi til Kyrkje- og kulturdepartementet. Her uttrykkjer han frustrasjon over det han opplever som språkleg rasisme. Legen meiner mållova gir han rett til å få nytte si målform i jobben, men at helseforetaket ikkje legg til rette for det. Mellom anna viser han til eit nytt modulbasert talegjenkjennings-system sykehuset har byrja bruke, kor det helseføretaket ikkje har kravd nynorsk modul frå leverandøren.

Rekkedal seier han ikkje har fått svar frå Helse Sør-Øst enno, trass i at brevet vart sendt 3. oktober. Etter at avisa tok tak i saken, har Helse Sør-Øst lova at Rekkedal skal få svar på brevet sitt.

Fire bokhandlarar i distriktet tevlar om pris

0

Distriktsbokhandelen i Rosendal, Øystese, Tynset og Hamar er blant kandidatane som tevlar om å bli Årets bokhandel.

Det er styret for Den norske Forfatterforening som deler ut prisen. Tidlegare har bokhandlarar i Oslo og Bergen stukke av med sigeren, men i år er Forfattarforeininga spesielt oppteken av bokhandlarar i distriktet.

Nationen har fått tilgang til dei aktuelle kandidatane frå distrikta og kan avsløra at dei fire er; Rosendal bokhandel i Kvinnherad, Huus bokhandel i Øystese, Tynset bokhandel på Tynset og Gravdal bokhandel på Hamar.

Kva urbane bokhandlarar desse fire konkurrerer mot, lukkast det ikkje Nynorsk Pressekontor å få greie på, men vinnaren skal kårast i november. (©NPK)

Nye millionar til styrking av nynorsken

0

Nye millionar til styrking av nynorsken

Av LNK NYTT 22.okt.2008

Regjeringa løyver 6 millionar kroner ekstra til nynorske læremiddel i 2009.

Saman med fleire andre tiltak skal ekstraløyvinga sikre at læremidla kjem på begge målformer i tide til skulestart.
Løyvinga kjem saman med fleire andre tiltak som skal bidra til å styrkje det nynorske skriftspråket både i skulen og den offentlege forvaltinga.

Til saman blir satsinga på nynorske læremiddel justert opp frå 17 til 23 millionar kroner. I tillegg skal det brukast meir pengar på kursing av lærarar og andre offentleg tilsette i nynorsk. Regjeringa vil dessutan halde eit strengare auge med både fylkeskommunane og forlaga slik at nynorskelevane får lærebøkene dei skal ha ved skulestart.

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell (SV), kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) og fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV) la saman fram opplegget sitt for nynorsksatsinga til regjeringa onsdag ettermiddag på Ivar Aasen-tunet Ørsta.

Kompetanseheving
I tillegg til ekstraløyvinga på 6 millionar kroner til produksjon av nynorske læremiddel i 2009 skal også nynorskkompetansen blant lærarar og førskulelærarar få eit løft.

Oppfølginga av lærebokinnkjøpa i fylkeskommunane skal også bli strammare.

– Vi vil lage ein bestillingsguide for fylkeskommunane og be om rapportering slik at vi er heilt sikre på at bøkene blir bestilte i tide. Likeins vil vi be forlaga om ein rapport, slik at vi er heilt sikre på at dei produserer utgåver på nynorsk samtidig med bokmålsutgåvene, seier Bård Vegar Solhjell til NTB.

Nokon garanti for at absolutt alle lærebøker ligg føre på nynorsk ved skulestart vil han ikkje gi. At det skal bli betre enn det har vore, føler han seg derimot temmeleg trygg på.

Klart språk i staten
Regjeringa lanserer også eit prosjekt for klart språk i staten. Offentleg tilsette får tilbod om kurs slik at dei skal meistre nynorsk betre.

– Nynorskkunnskapane er for dårlege blant dei som har nynorsk som sidemål. Resultatet er ofte eit tungt og klossete språk, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.

I den sitjande regjeringa er det ingen som ønskjer å fjerne den obligatoriske nynorskopplæringa i skulen.

– Vi skal framleis ha obligatorisk opplæring i eitt hovudmål og eitt sidemål i Noreg. Det har brei støtte, seier Solhjell.

Ny pris til nynorskkommunar
Ifølgje kunnskapsministeren er det Framstegspartiet og Høgre nynorskfolket har grunn til å frykte. I den sitjande regjeringa er det ikkje eingong nokon som leiker med tanken om å ta bort det obligatoriske sidemålet.

Regjeringa varslar meir pengar til fleire nynorskinstitusjonar i 2009 og vil inspirere kommunane til å følgje opp ved å etablere prisen «Årets nynorskkommune».

– Mange av dei 116 nynorskkommunane her i landet kan vere gode eksempel for andre. Eg vil, saman med Landslaget for nynorskkommunar, utarbeide kriteria for ein eigen nynorskpris, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Kleppa vil at kommunane skal rapportere betre om bruken av nynorsk og oppmodar samtidig kommunane til å bruke nynorsk som del av omdømmearbeidet sitt. Det skjer mellom anna gjennom nettsida Ry, der regjeringa håper at kommunar og regionar i Distrikts-Noreg vil ta i bruk nynorsk i omdømmebygginga. (©NPK)