Nesten heile årskull er i ferd med å forsvinne frå Bygde-Noreg. Bylivet freistar for mykje.
Språkrådet fryktar for norsk som fagspråk
Mindre enn ti prosent av publikasjonane frå dei tre største universiteta i Noreg er norsk. Det viser at universiteta manglar strategi og vilje i språkpolitikken, meiner Språkrådet.
Alle som jobbar med barn og nynorsk: Bli med på Falturiltuseminaret 2018!
Temaet i år er formidling til og med barn og ungdom, og formidling av bildebøker og teikneseriar. Dato: 7. og 8. november.
Regjeringa vil halde fram med differensiert arbeidsgivaravgiftI
Ein ny rapport viser at ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift er det beste verkemiddelet for å motverke befolkningsnedgangen i distrikta. Regjeringa er nøgd med resultata og ønsker å føre ordninga vidare.
Sp opnar for å oppheve fleire fylkessamanslåingar
Senterpartiet meiner avtalen mellom regjeringa og KrF om forslag til oppgåvefordeling til dei nye regionane er så svak at ingen fylke treng å bli slått saman.
Senterpartiet om regionmeldinga: – Eit makkverk
Oppgåvemeldinga til regjeringa betyr ingen stor overføring av makt, middel eller arbeidsplassar til fylka, meiner Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.
Mållaget til angrep på Forsvaret
Den nyaste utgåva av magasinet «Innsats» frå Forsvaret er blotta for nynorsk. Noregs Mållag stiller spørsmål om Forsvaret har kapitulert for bokmålet.
Mållaget kritisk til vurderingsordninga i ny læreplan i norsk
Noregs Mållag kritiserer forslaget om å slå saman halvårskarakteren i sidemål og hovudmål i 8. og 9. klasse og i Vg1 og Vg2.
Samlaget får 1 million til digital-satsing
Det Norske Samlaget får 1 av i alt 10 millionar kroner som regjeringa foreslår å fordele til tiltak i samband med Bokåret 2019.
Maria Parr og Foreningen !Les nominert til verdas største barne- og litteraturpris
Heile 14 norske forfattarar, illustratørar og ei foreining for leselyst er blant dei til saman 246 kandidatane frå 64 land som er nominerte til prisen.

