Støre vil ikkje reversere samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane om han kjem til makta.
Allkunne i vekst
Sidan starten for ni år sidan, har det vore ein vekst for det nynorske, digitale oppslagsverket Allkunne.
Tverrpolitisk støtte til digital ordbok
Politikarane i Møre og Romsdal støttar planane om ei digital ordbok som eit fellesprosjekt mellom Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda.
– Berre Venstre vil ta språkpolitikken tilbake til Stortinget
I 2009 sende Stortinget frå seg språkpolitikken, men der var ingen mottakar, meiner Nynorsk kultursentrum. Berre Venstre har programfesta at Stortinget skal vedta ei ny språklov, og partiet vil ha det gjort i 2019.
Desse politikarane får leike leksikonredaktør i valkampen
Nettleksikonet Allkunne har invitert politikarar frå alle parti til å vere gjesteredaktør før valet.
Stortingsvalet er i gang – i dag kan du førehandsstemme
For fire år sidan stemte tre av ti før sjølve valdagen.
Lyden av nynorsk manglar
Svært få av lydbøkene som kjem ut er på nynorsk. Lydbokforlaget trur det kan skuldast at det kjem ut lite krim og mykje lyrikk på nynorsk.
Utkantbutikkar får støtte for å overleve
Ei ny støtteordning kan gi utkantbutikkar betalt for å yte sørvistenester til lokalsamfunna. Så langt har 28 butikkar over heile landet fått støtte.
Folk frå Sogn og Fjordane arbeider lengst
og Fjordane arbeider lengst
Folk frå Sogn og Fjordane står lengst i arbeidslivet, viser nye tal frå Nav.
Får lokale namn på skilta
125 vegskilt på Sotra er feil, etter at Fjell kommune vedtok nye stadnamn på 1990-talet. No byter dei ut skilta.
Mæland seier nei til turistskatt
Næringsminister Monica Mæland oppfordrar kommunar til å finne si indre kremmarånd i staden for å be om turistskatt. – Lån pengar, bygg toalett, ta betalt, seier ho.
No er det snart ingen grunnar igjen til å skrive feil
Nesten éin av tre som brukar ordboka på nett, gjer det frå mobilen. No gjer Universitetet i Bergen det endå enklare, og gjev ut ein mobilapp for ordbøkene.

