Landssamanslutninga av nynorskkommunar åtvarar mot fatale følgjer for norsk språk og kultur.
Om LNK
LNK skal arbeide for å skape positive haldningar til nynorsk språk og kultur og for at kommunane og styresmaktene tek desse sakene opp gjennom sine planverk.
LNK tek på seg å vere talerøyr for medlemene og spreie informasjon som styrkjer dialektane, nynorsk skriftspråk og dei kulturtradisjonane dette står for.
På desse sidene vil du kunne finne ut kva som skjer i LNK og kven medlemene våre er. Vi presenterer kursopplegga våre og det som ligg føre av trykt materiell og tilfang. Prinsipp- og arbeidsprogram for organisasjonen er lagt ut og vi har peikt på ein del internettsider som truleg er av interesse for medlemene våre.
LNK driv også viktige kultursatsingar som Framtida.no, Framtidajunior.no, Magasinett.no og Pirion.no
- LNK arbeider for auka bruk av nynorsk i offentleg verksemd
- LNK arbeider for auka nynorsk kompetanse i det offentlege, for å få fram praktiske hjelpemiddel for nynorskbrukarane og for å utvikle oppdaterte, rimelege og brukartilpassa opplæringstilbod i nynorsk offentleg språk
- LNK er ein kultur- og interesseorganisasjon for nynorskbrukarar i kommunal sektor og ein samarbeidspartnar for stat og private verksemder og organisasjonar, i arbeidet for nynorsk språk
- LNK tek opp og fremjar spørsmål som tek vare på interessene til medlemene, og driv haldningsskapande arbeid overfor departementa, bransjeorganisasjonar og andre
- LNK samordnar nynorskbrukarane sine rettar når det gjeld nynorsk i materiell til bruk i kommunen, i skulen og i informasjon retta mot publikum.
- LNK set søkjelyset på aktuelle saker gjennom kurs, konferansar og anna. Døme på slike saker er utvikling av nynorske hjelpemiddel, kommunalt informasjonsarbeid og språkbruk, reglane om parallellutgåver av skulebøker, fastpris-ordninga for bøker, reglane i utdanningslovene om målformer og målbruk, kulturarbeid blant barn, nynorskmateriell for framandspråklege.
30 kommunar har mista fleire hundre millionar
Regjeringa fasar ut kompensasjonsordninga som gav næringsliv i distrikta opp i 500 millionar kroner årleg. No krev Stortinget konsekvensutgreiing av utfasinga, skriv Nationen.
Regjeringa skal få råd om kulturturisme
Regjeringa har oppretta Samarbeidsråd for kultur og reiseliv for å auke satsinga på kulturturisme i Noreg.
Ferrante-feber gir Samlaget størst vekst blant forlaga
Samlaget er igjen inne blant Noregs ti største forlag, og er det av dei ti største forlaga som aukar mest.
Usemje om flytting av Språkrådet
Leiartale: LNK er snart 25 år!
Leiartalen til Solfrid Borge på landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar i Ulsteinvik 9. juni.
Ragnhild Sofie Selstø er ny journalist i Framtida.no
Han er den siste ordføraren i Haram kommune
Ordføraren i Haram kommune på Sunnmøre, Vebjørn Krogsæter (Sp), blir den siste ordføraren i kommunen etter vedtaket om samanslåing i Stortinget torsdag.
Etterlyser meir språkleg sjølvtillit i næringslivet
Språkdirektør Åse Wetås vil ha ei opprusting av nynorsk fagterminologi, mindre fordommar og meir nynorsk i næringslivet. – Eg er heilt sikker på at det går like fint å selje både bilar, IKT-teknologi og allvêrsjakker på nynorsk som på bokmål.

