Heim Innspel Å gå over bekken etter vatn

Å gå over bekken etter vatn

LEIAR: I mange nynorskkommunar er vaksenopplæringa framleis på bokmål. Argumentet i alle år har vore at det ikkje har vore nok materiell tilgjengeleg på nynorsk. Er det argumentet godt nok i dag?

Kvam herad har som så mange andre kommunar gjort eit kommunestyrevedtak om at vaksenopplæringa skal bruke nynorsk i undervisninga. Og i motsetnad til mange andre kommunar har dei faktisk fått det til. Dei har brukt nynorsk som undervisningsspråk sidan 2005, og i dag er så godt som alt materiellet dei brukar, på nynorsk.

– Før var det lite å få tak i, så dei første åra vart det mykje klipping og liming og sjølvlaga materiell, seier lærar ved vaksenopplæringa i Kvam, Hildegunn Skeie Sandven, til LNK-avisa.

Men det var før. Rett nok fløymer ikkje marknaden over av nynorsk materiell til vaksenopplæringa, men noko finst. Gjennom arbeidet til den nynorske ressursgruppa til VOX har ein fått fram nok nynorsk materiell til å lose elevane trygt gjennom eksamen i både spor 1, 2 og 3. Og det er god kvalitet på det som finst av nynorsk materiell.

Så kvifor er det framleis nynorskkommunar som sver til bokmålsundervisning? Det kan tenkjast at VOX har ei oppgåve å gjere med å få informasjonen ut til kommunane; det er ikkje enkelt å bruke nynorsk materiell dersom ein ikkje veit det finst. Men kanskje må kommunane også gå i seg sjølv. Leitar dei etter nynorsk materiell, ringjer dei og etterlyser det? Eller er bokmålsbøkene blitt ei heilt grei sovepute?

For innvandrarane som kjem, er det avgjerande å lære seg nynorsk når ein bur i ein nynorskkommune. Integreringa kan bli vanskeleg dersom barna dine lærer nynorsk på skulen og du sjølv skal ut i eit arbeidsliv der både dialekten og skriftspråket er annleis enn det du lærte på vaksenopplæringa.

Men løysinga på problemet er kanskje ikkje så langt vekke som mange fryktar.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...