Heim Innspel Nasjonalt tilsyn frå eit utkantfylke

Nasjonalt tilsyn frå eit utkantfylke

KOMMENTAR: Skepsisen var til å ta og føle på då Lotteritilsynet vart opna i Førde i 2001. Var det mogleg å skape eit slagkraftig nasjonalt tilsyn i eit såkalla utkantfylke?

I 2005 kom Stiftelsestilsynet til, slik at vi no driv to fagtilsyn med Førde som base. I tillegg har vi fått fordeling av momskompensasjon som eit tredje fagfelt under same direktør og administrasjon.

For vel eit år sidan runda Lotteritilsynet sitt første tiår. Og vi kunne nytte det vesle jubileet til å slå fast at nasjonale fagtilsyn slett ikkje må liggje i dei sentrale stroka av landet. Sunnfjord var meir enn stort nok til at vi har klart å gjere både Lotteritilsynet og Stiftelsestilsynet til dei tunge, faglege ekspertorgana styresmaktene ønskte seg.

Men vi har teke distriktet vårt i bruk for å få det til. I dag har vi tilsette frå sju kommunar i Sogn og Fjordane. Mange har over tid nytta sjansen til å flytte til heimlege trakter for å jobbe i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Andre har sett det så attraktivt å jobbe i tilsynet at dei har flytta til Førde frå andre stader i landet.

Rekruttering av rett kompetanse er sjølvsagt ein nøkkelfaktor for at vi skulle lykkast. Vi trengde dyktige juristar, folk med kompetanse på økonomi, administrasjon, ikt og kommunikasjonsoppgåver – for å nemne noko. I starten hadde vi gjennomsnittleg 30 søknader til kvar utlyste stilling. Også til dei tunge leiar- og kompetansejobbane har vi tradisjonelt mange godt kvalifiserte søkjarar. Som direktør har eg hatt eit luksusproblem når eg skal rekruttere nye medarbeidarar.

Låg vi for avsides til for brukarane våre her i Sogn og Fjordane? På ingen måte. Vi har sjølvsagt over tid vore gode kundar på Widerøe sine fly til og frå Gardermoen. Eit lotteritilsyn må ut i marknaden for å kontrollere og kommunisere med store og små aktørar i marknaden.

Tilsyn med stiftelsar og fordeling av momskompensasjon er derimot i stor grad dokumentbaserte oppgåver som ikkje krev så mykje reising. Slik sett kan desse oppgåvene liggje kvar som helst i landet i vår teknologiske tidsalder.

Moderne teknologi har dessutan redusert reiseverksemda vår monaleg. Vi har i vesentleg grad gått frå Widerøe – til video. Lotteri- og stiftelsestilsynet var tidleg ute med å nytte video til å avvikle møte. Berre i 2011 sparte vi på denne måten 320 000 kroner i reiseutgifter, og det er vi svært godt nøgde med. Utnytting av videoteknologien gjer oss stadig meir tilgjengelege der vi held til.

Dessutan kommuniserer vi i aukande grad meir med våre store og samansette brukargrupper via elektroniske kanalar. Vi tok i fjor i bruk nye og moderne heimesider, og vi prøver oss fram med å bruke Facebook og Twitter for å kommunisere med brukarane. Dessutan har vi starta blogg for å nå ut med kunnskap vi sit med i fagtilsyna våre.

Skil vi oss ut på andre måtar som statleg tilsyn? Det må i så fall vere språkleg. Frå første stund var det min intensjon som direktør at Lotteri- og stiftelsestilsynet skal avspegle at vi er lokalisert i det som er kjerneområdet for nynorsken. Innafor dei krav som mållova set, har vi klart det. Vi skriv til dømes alltid årsmeldingane våre på nynorsk, vi søkjer alltid etter nye medarbeidarar på nynorsk osv.

Ja visst, det er mogleg å drive eit nasjonalt tilsyn frå eit såkalla utkantfylke. Kompetansen finst i rikt monn utover i landet. Dyktige medarbeidarar er dessutan villige til å flytte på seg om vi kan tilby utfordrande arbeidsoppgåver.

Atle Hamar er direktør i Lotteristilsynet

 

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for...

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling...

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....