Heim Innspel Det nynorske grunnfjellet

Det nynorske grunnfjellet

Det kom ei fin melding for oss nynorskingar i Sogn og Fjordane her om dagen: Fylket vårt er «det nynorske grunnfjellet». Det er direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum som seier dette, etter at han har laga ein rapport med språkfakta frå Sogn og Fjordane på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ikkje noka bombe, seier eg, som bur i Sogn og lever med mykje nynorsk rundt meg. Alle kommunane har nynorsk tenestemål, og 97 % av kyrkjesokna brukar nynorsk liturgi. 14 000 elevar i grunnskulen har nynorsk, medan rundt rekna 384 har bokmål, og berre 10 % av elevane på vidaregåande byter til bokmål. På landsplan er det 50 %.

Men det er sjølvsagt mørke skyer på språkhimmelen. Vågsøy, som er ein småby på kysten med driftige fiskeoppdrettarar, har 23 % bokmålselevar, mest halvparten av alle i fylket. Flora, den eldste byen, har òg over 100 bokmålselevar, 6-7 %. I vekstområda ser me sterkare innslag av bokmål, det gjeld òg i næringslivet i desse områda. Men Førde, fylkessenteret, har berre 3 bokmålselevar. Det er eit oppsiktsvekkjande tal.

Grepstad understrekar at situasjonen er så spesiell at Sogn og Fjordane fylkeskommune har «god grunn til å be om å vere representert og bli teken med på råd i viktige forum der nasjonal og regional politikk blir drøfta som kan få følgjer for språkleg praksis». Det er nemleg vedteke at det skal satsast spesielt på nynorsk nasjonalt. Fylkeskommunen, som har ansvar for nynorsk som ein del av strategien sin, skal drøfta situasjonen for nynorsk på tingseta i juni. Kulturutvalet har bedt om at fylkeskommunen tek leiinga i arbeidet med å få til eit nynorsk forum i fylket, og at det blir sett i gang eit arbeid med ein språkbruksplan for administrasjonen. Så får me sjå kor det går.

Det skjer mykje på dette området i fylket vårt no. Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått eit stort forskingsprosjekt på 11 millionar, der ein skal prøva å finna forklaring på kvifor elevane i Sogn og Fjordane gjer det så godt på nasjonale prøver og eksamenar. Det passar liksom ikkje med internasjonale undersøkingar om korleis elevar i utkantstrok greier seg i utdanningssamfunnet. Eitt av prosjekta går ut på å undersøkja om det har noko å seia at elevane i Sogn og Fjordane er reelt tospråklege: Dei har nynorsk i skulen og er trygge på nynorsk i kvardagen sin. Samstundes møter dei bokmål på skjermen og fjernsynet og i avisene og på kiosken. Spørsmålet er om dette gjev elevane ein fordel, at dei blir meir fleksible, opnare for nye læringsmål i skulen.

No får me lata forskarane studera på dette nokre år. Det hadde unekteleg vore kjekt om dei kunne slå fast at det er ein stor fordel å vera elev i Sogn og Fjordane, med det norske mindretalsmålet nynorsk som trygt grunnfjell.

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...