Heim Nyhende Omdømmeløft for norsk språk

Omdømmeløft for norsk språk

Eg håpar Språkåret 2013 blir eit omdømmeløft for norsk språk, seier Inger Johanne Sæterbakk.

– Korleis blir det å leie Språkåret?

– Eg håpar og trur at det blir spanande, utfordrande og artig. Eg synst det er veldig kjekt å ha fått denne utfordringa, og eg ser fram til å jobbe med dei andre tilsette på Aasentunet, og med folk rundt i organisasjonar og kultur-og samfunnsinstitusjonar i heile landet. Det er så mange gode krefter i sving allereie og det er mykje bra på gang, så det gjeld vel for meg å få koordinert det på ein god måte, og engasjere fleire til å bli med.

– Kva blir den viktigaste oppgåva i Språkåret?

– Alle brukar språk, og språk er like sjølvsagt for oss som luft og reint vatn. Eg opplever at folk er voldsomt opptekne av språk, utan at dei heilt veit det sjølv. Språkåret skal vere prega av overskot, skape engasjement og interesse, debatt og nyfikenheit. Eg ser på Språkåret 2013 som eit omdømmeløft for norsk språk, eg håpar me er meir stolte av språksituasjonen i dette landet når dette året er over.

– Det er ganske ambisiøse mål?

– Ja, det er ambisiøst, men det bør det også vere når ein skal setje av eit år til å feire språket. Eg tenkjer at det samstundes er eit realistisk mål, og det som er ekstra kjekt er at me skal feire heile det norske språket og den norske språksituasjonen, ikkje berre nynorsk. Det er så mykje bra folk, gode idear og eit så stort engasjement kring språk, at me kjem til å få det til.

– Kva gler du deg mest til i 2013?

– Eg gler meg til å observere alle dei engasjerte deltakarane på dei ulike arrangementa i Språkåret 2013, og til å samarbeide med mange engasjerte folk. Og så gler eg meg til eit par andre ting eg er engasjert i som skal føregå i 2013, blant anna landsleiren til Norges speiderforbund i Stavanger som skal bli tidenes landsleir.

– Kva forhold har du til nynorsk?

– Eg skreiv min første tekst på nynorsk i Ivar Aasen-året i 1996. Då skulle me skrive særoppgåve på skulen, og eg valde å skrive om Ivar Aasen. Då hadde me ikkje lært nynorsk enno, men eg bestemte meg for å skrive oppgåva på nynorsk likevel. Det var ei aldri så lita språkleg oppvakning for meg. Eg har alltid snakka nordnorsk og vore veldig opptatt av dialekta mi, så det passa godt for meg å skrive nynorsk. Personleg er eg glad for valfridomen i nynorsk, og har funne ein normal som ligg nære opp til dialekt mi. Eg skriv og mykje bokmål i samanhengar der eg ikkje representerer meg sjølv direkte, og synst også at bokmålet mitt har hatt godt av at eg skriv nynorsk.

– Kva er den viktiaste utfordringa til nynorsken framover?

– Det er nok kva som skjer med sidemålsundervisninga i skulen. Det legg eit viktig grunnlag for eksistensen til nynorsk som levande skriftspråk. Mange likar nynorsk, men me har alle ei utfordring med å gjere nynorsk relevant for fleire som bruksspråk. Sjølv er eg opptatt av at nynorsk skal vere eit språk for alle høve, ikkje berre høgtid, men for dei hielt daglegdagse tinga me skriv om. Eg håpar Språkåret 2013 kan spele ei viktig rolle her.

– Korleis kan Språkåret 2013 gjere oss meir språkbevisste?

– Eg synst det er godt oppsumert i prosjektrapporten; Året som skal gjere tilskoderar til deltakarar. Eg trur det er nøkkelen til å få med seg folk til å oppleve språk på ein ny måte, til å auke interessa og nyfikenheita kring språk. Språkdebatt er viktig, men eg meiner ikkje me skal bruke året til å fokusere på dei ulike frontane i debatten, eller kva som er rett og gale. Me må sjå på mangfaldet og leik med språk, for alle uansett alder og språkbakgrunn.

– No sist var du informasjonsrådgjevar i Tromsø kommune. Korleis blir det å flytte sørover igjen?

– Eg er vaksen opp i Trøndelag, men har alltid snakka nordnorsk og kjent meg veldig nordnorsk, så det var kjekt for meg å flytte til Nord-Noreg igjen for sju år sidan. Eg er veldig glad i Tromsø, men no var det på tide med ei forandring. Sjølv om det er utruleg teit å flytte herifrå når det er lyst heile natta og det er noko som skjer heile tida.

– Kva kjem du til å sakne mes med Nord-Noreg?

– Eg kjem til å sakne vennene mine, den levande byen og den uhøgtidlege veremåten. Men kan hende er eg tilbake igjen om eit par år. Det er jo ikkje så langt frå sør til nord som folk sørpå ofte trur.


Namn: Inger Johanne Sæterbakk

Alder: 30

Aktuell: Byrjar 1. juni som prosjektleiar for Språkåret 2013

 

Førre artikkelDet nynorske grunnfjellet
Neste artikkelKreativt tullball

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for...

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling...

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....