Heim Innspel Forskingsdagane – Mat for mons

Forskingsdagane – Mat for mons

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival der alle typar forskings- og kunnskapsbaserte institusjonar blir inviterte til å vise fram si verksemd for allmenta på nye og spennande måtar. Som regel har ein eit nytt hovudtema kvart år, og i år er temaet «mat».

 

Fagfeltet mitt er språkvitskap. Eg har skrive om språk under temaet «kommunikasjon», «hav og vatn», «samfunn», «kjemi», «forskingas verktøy» og «evolusjon». Kva kan ein så seie om språk og mat? Det første eg kjem på, er «mat for mons», som då blir «ein gefundenes Fressen» for meg – akkurat det eg treng.

«Mat for mons» er eit fast uttrykk. Det som kjenneteiknar slike faste frasar, er ofte allitterasjon eller bokstavrim; det vil seie at fleire av orda byrjar med same bokstav. Liknande uttrykk med allitterasjon er «høg i hatten» eller «seig som sirup». Det er bokstavrimet som gjev uttrykka litt ekstra kraft – eller fynd. Derfor seier ein òg fyndord. Elles finst jo også «kraftuttrykk», men då går det meir på innhaldet, som gjerne kan vere litt grovare og gå over i banning. «Banna bein» og «fy, faen» er kraftuttrykk med bokstavrim. Ein ser då at vi menneske er opptekne av det poetiske i språket, sjølv når vi føler behov for å uttrykkje negative følelsar. Det finst nok dei som vil meine at nordnorske kraftuttrykk har ein eigen poesi.

«Mat» høyrer elles til ordklassen substantiv. Det er ikkje så vanleg å bruke ordet i fleirtal. Det er vanskeleg å seie «ein mat» og «fleire matar». Ein seier som regel «mat» og «mykje mat». Mens dei nordiske språka framleis har den generelle tydinga «noko ein kan ete», har det engelske ordet «meat» fått innsnevra tydinga til «kjøtt». Det tyske ordet «Mast» er husdyr som ein har tenkt å slakte. Her kan ein sjå at tydinga for så vidt er mat, men også med vekt på kjøtt.

Det engelske ordet for «mat» er «food», som svarer til norsk «fôr» og tysk «Futter». Her ser vi igjen korleis tydinga til eit ord kan endre seg i ulike språk og kulturar. Før brukte ein òg verbet «ete» på norsk på same måte som i engelsk og tysk, «eat» og «essen». Etter at hanseatane kom til Noreg i mellomalderen og lånte borte ein heil haug med nedertyske ord og uttrykk, var ikkje «ete» fint nok for mange. Då var det berre dyra som åt, mens menneske spiste. På tysk er framleis «essen» det vanlege ordet, mens «speisen» kan bli oppfatta som opphøgd språk.

Det er mykje som kan vere «mat for sjela». For meg er det gjerne alt som har å gjere med språk. Det er også språket som gjev meg «mat på bordet», sidan det er yrket mitt. Eg kan då avsluttingsvis nemne at hundrevis av språkvitarar møtest annakvart år ved ein norsk forskings- eller utdanningsinstitusjon for å diskutere ulike språklege tema. Desse møta blir kalla møta om norsk språk, forkorta til Mons. Der er det verkeleg mat for språkmonsane!

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Debatt: Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk

Mange norsklærarar seier sjølve at dei ikkje er godt nok rusta til å undervise i nynorsk som sidemål. Det er djupt alvorleg. Universitet og...

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...