Heim Innspel Framtida.no er 10 år!

Framtida.no er 10 år!

Framtida.no er det viktigaste som har skjedd for nynorsk nettjournalistikk sidan år 2000, ifølgje Språkfakta. Her er historia om korleis det vart til.

For min del starta det heile med ei feiloppringing.

Det er hausten 2009 og eg er på veg mot kassa på Rema 1000 Bjelland på Stord då telefonen ringer.

I andre enden er dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Vidar Høviskeland. Han ringde feil, og trudde han var kome til fylkesordføraren i Sogn og Fjordane, og ikkje meg, som hadde intervjua han eit par veker tidlegare.

«Ung til sinns»

Same dag hadde eg lese i Journalisten at Bladet Sunnhordland, der eg var nettansvarleg då, skulle vera med på å laga ei nettsatsing for ungdom saman med ti andre lokalaviser, ABC Startsiden, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Landslaget for lokalaviser (LLA).

Eg nytta høvet til å spørja om jobben, som seinare skulle visa seg å bli Framtida.no.

På det tidspunktet hadde prosjektet arbeidsnamnet «Ung til sinns». Kanskje ikkje det mest ungdommelege namnet, tenkte eg, men søkte likevel.

ABC for Framtida

Det byrja i det små med meg åleine som både prosjektleiar og journalist. I løpet av dei ti åra Framtida.no har vore på nett, har me utvida redaksjonen i fleire omgongar.

Me har hatt ein stor auke i talet på lesarar. I fjor sette me ny rekord med over 960.000 brukarar innom sidene i løpet av året.

Redaktør Svein Olav B. Langåker og Andrea Rygg Nøttveit og Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal i Framtida.no-redaksjonen. Ingvild Eide Leirfall var ikkje til stades då bildet blei tatt, men Framtida.no er drivande gode på Photoshop. Foto: Emilie Hansen

Men tilbake til soga om korleis Framtida.no vart Framtida.no.

Dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, og nynorskkommunane i LNK og den korsyngande og kulturinteresserte toppsjefen i ABC Startsiden, Espen Udland, hadde allereie funne saman i fleire andre tidlegare nynorskprosjekt. Denne gongen var også lokalavisene i LLA med – og Kulturdepartementet og Garborgsenteret støtta satsinga.

Eg starta i jobben som prosjektleiar og journalist 1. mars 2010 på kontoret til ABC Startsiden i Oslo. Stillinga innebar å vera innhaldsansvarleg for Startsida.no, nynorskversjonen av Startsiden.no, og å finna ut kva for ei nynorsksatsing prosjektet skulle vera.

Domenekupp

Ideen til namnet Framtida.no kom frå eit leiarutviklingskurs der eg blei utfordra til å skriva ned eitt ord om kva som motiverte og dreiv meg i jobben. Eg landa på ordet «framtida».

Domenet Framtida.no var ikkje ledig. Det eigde dåverande ordførar i Grimstad, Hans Antonsen. Han hadde først kjøpt det for å bruka det i Venstre-samanheng, men han var heldigvis ikkje vanskeleg å be når det skulle gå til eit nynorskprosjekt for unge.

Viggo Normann, Amy Vidler, Anton Babenko, Svein Olav Langåker, Dagfinn Reiersøl og Bård Øien har vore med på å laga Framtida.no. ( Foto: Tine Jacobsen, ABC Startsida)

I løpet av seks intense veker laga utviklarane til ABC Startsiden Framtida.no.

Me har dessverre ikkje klart å finna den første framsida vår, men dette er framsida då me var eitt år.

I fotspora til Vinje

Målet med Framtida.no har heilt sidan starten vore å visa fram og styrka engasjementet til unge, og å vera eit lokomotiv for nynorsk på nett.

Filosofien vår har vore å snakka MED ungdom, og ikkje berre TIL dei. Derfor har det vore viktig å rekruttera nye unge skribentar og å snakka med unge kjelder om saker som er relevante for ungdom over heile landet.

Andrea Øien Sæverud (t.v.) frå Hareid på Sunnmøre og Marit Lajord frå Vang i Valdres drog ut på journalistisk turne i Noreg.

Våren 2011 fekk Framtida.no støtte frå Vinjefondet til å tilsetja to reisande journalistar. Marit Lajord og Andrea Øien Sæverud fekk jobben med å jakta på engasjerte unge i Noreg. Me drog frå Svalbard i nord til Mandal i sør for å snakka med ungdom om saker som engasjerer dei.

Framtida.no starta både som eit nynorsk-prosjekt og eit demokrati-prosjekt. Målet har sidan starten vore å visa fram og styrkja engasjementet til ungdom og styrkja nynorsken.

Debatt har vore viktig for Framtida.no heilt sidan starten. Me har hatt både leiarar av ungdomsparti og ungdomsorganisasjonar og heilt vanlege ungdommar mellom dei som har skrive meiningsinnlegg for oss.

Fleire hundre ungdommar deltar kvart år i skrivekonkurransane våre.

I løpet av dei ti første åra har Framtida.no kursa over 2000 ungdommar i å leia og arrangera debattar, bokbad og andre arrangement i bibliotek og skular.

Frå ein Me snakkast-debatt i biblioteket i Austevoll i Sunnhordland.

Nokre milepålar frå ti år med Framtida.no:

2011: Stemmerett

Viljar Hanssen blei den yngste nokon gong som er valt inn i lokalstyret i Longyearbyen.

2011 var det første året det var forsøk med stemmerett for 16-åringar ved lokalval, og det var difor naturleg å snakka med dei unge førstegongsveljarane som deltok i forsøket.

Same året råka terroren Noreg og ungdomspolitikken hardt. 22. juli mista fleire engasjerte AUF-arar livet i terrotåtaket på Utøya og i Oslo.

– Det er mange, men ikkje alle ungdommane som er medlem i AUF, fortalde Viljar Hanssen, dåverande leiar i Svalbard til AUF til Framtida.no i mars 2011.

Nokre månadar seinare vart han skoten fleire gonger på Utøya, men vann livet – og valet på Svalbard.

2013: Språkfest

Dette året var det 200 år sidan sjølvaste Ivar Aasen vart fødd. Nokre månader før jubileet vart Andrea Rygg Nøttveit tilsett som språkjournalist, som ein av få i Noreg.

Men har vore opptatt av å skriva om meir enn berre nytt om nynorsken. 

Portrett av Ivar Aasen frå 1871. Foto: C. C. Wischmann / Ivar Aasen-tunet/ CC BY 3.0

Me har skrive om språk og makt, retorikk, språkmangfald og språkpolitikk. Og om då Grunnlova kom på nynorsk i 2014.

Me har skrive mykje om samisk kultur, identitet og språk, og intervjua fleire unge samar, både i Sápmi og andre stader.

Merk at Framtida.no ikkje anar kva som vart sagt mellom Marianne Balto og Egil Olli på Sametinget i 2009. Men tek du den nordsamiske setninga har du gode sjansar i quizen. Foto: Denis Caviglia.

2014: Vestlandskontor og debattprosjekt

Sommaren 2014 flytta eg til Vestlandet, og starta vestlandskontor på Stord i lokala til lokalavisa Sunnhordland på Stord, som då enno var verdas største nynorskby. På denne måten kom me oss nærmare ungdom i kjerneområdet til nynorsken.

Same året starta me på eit stort debattprosjekt der me kursa ungdommar i debatt.

2015: Med klimatoget til Paris og COP21

Heilt sidan før Paris-avtalen har me satsa ekstra på klimajournalistikk.

Under klimatoppmøtet i Paris 2015 (COP21) tok reportarane Andrea Rygg Nøttveit og Tora Hope tok klimatoget til Paris.

Dåverande leiar i Naturvernforbundet Lars Haltbrekken har fått følgje av Besteforeldrenes klimaaksjon til klimatoppmøtet COP21 i Le Bourget utfor Paris. Foto: Andrea Nøttveit

2016-2017: Forskning på timeplanen

Frå 2016 til 2017 jobba forskingsjournalistane Åsmund H. Eikenes og Runar B. Mæland i Framtida.no med støtte frå Vinjefondet og Fritt Ord. 

Gjennom dette prosjektet fekk me mellom anna møta kyborgen Torjus frå Valdres, nyforelska robotar som syng Adele og bli med i store dilemma som oppstår når me får sjølvkøyrande bilar.

– I framtida treng vi ikkje fysiske nøklar eller lommebok, spår 24 år gamle Torjus Bjørgo Nilsen om utviklinga innan biohacking.

17. oktober 2017 starta Framtida.no-redaksjonen Framtidajunior.no, ei splitter ny nettavis for barn mellom 7 og 13 år. Christian Wiik Gjerde og Janne Nerheim byrja som journalistar.

2018: Jordbærrepublikken

Framtida.no har blikket vendt mot det som skjer i ute i verda, men med små ressursar har me ikkje hatt høve til å reisa på mange reportasjeturar. Me har likevel vore i Barcelona, Belgia og Paris og fleire gonger til Sverige på reportasjeturar.

Og vinteren 2018 samarbeidde dåverande Framtida.no-journalist Ragnhild Sofie Selstø og Universitas-fotograf Amanda O. Berg om ein reportasjetur til Taiwan med støtte frå Fritt Ord.

Her fekk lesarane bli med til éi av dei mange hundretusen ulovlege bustadene på hustak i hovudstaden Taipei, me fekk treffa unge demokratiforkjemparar og representantar frå urbefolkninga som protesterte.

Tosiku Kusui og mamma Panai.
Tosiku Kusui (17) og mamma Panai Kusui. Panai demonstrerar mot taiwanske myndigheiter utanfor ein t-banestasjon i Taipei. Tosiku prøver å finne sin stemme i moras opprør. (Foto: Amanda O. Berg)

2019: Klima på dagsorden

Framtida.no har samarbeidd med fleire skular og lokalaviser om å setja klima og berekraft på dagsorden. I 2019 leia Framtida.no eit stort prosjekt for å setja klimarisiko og klimaløysingar i lokalvalet. Artikkelseriane fekk nærmare éin million lesarar både på Framtida.no og ei rekkje lokalaviser og hos ABC Startsiden og i tidsskriftet Energi og Klima.

Me har samarbeidd med Stord vidaregåande om Berekraftvekene i fleire år, og elevar der har fått testa ut berekraftig forbruk og kor fort det eigentleg går an å dusja. Elevane har då gjennomført fleire undersøkingar, og spurt kva klimatiltak elevane vil begynna med i morgon.

– Eg åt ei ferdigsuppe frå Rema 1000 som hadde gått ut for to veker sidan. Det gjekk heilt fint, fortalde Marius Hammersland Loureiro i fjor.

Framtida.no har mål om å ta generasjon alvor på alvor. Då har det vore naturleg med ei brei dekning av skulestreikane for klima, både i Oslo og andre stader.

Og på den andre skulestreiken fekk vår dyktige arbeidsvekereporter setje statsminister Erna Solberg til veggs.

– Me er ikkje einige i alle dei krava som er her, men me er einige i måla, som er å få ned utsleppa både i Noreg og globalt, sa Erna Solberg til Framtida.no etter å ha talt til klimastreikarane 24. mai 2019.

Framtida.no sin arbeidsvekereporter Mateo Jimenez Tilrem stilte statsminister Erna Solberg spørsmål saman med resten av ressekorpset.

Me har fleire prosjekt på gang. Akkurat no skriv me om korleis demokratiet vårt blir utfordra og korleis det kan utviklast vidare og utvidast i serien «Slutten på demokratiet?». Me har òg akkurat starta serien «Nesten vaksen» der me skriv om alt som er lurt å vita noko om for deg som held på å bli vaksen.

Titusen takk for at du les Framtida.no – og titusenar av takk til alle som har bidratt til den avisa me er i dag! Me håpar du vil følgja med oss vidare!

Er du spesielt interessert i historia vår? Les dei redaksjonelle rapportane våre frå 20192018, 2017, 2016, 2015, 2014, 2013, 2012 og 2011!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...