Heim Innspel Kommentar: Ivar Aasen – språkets messias

Kommentar: Ivar Aasen – språkets messias

Eg skal prøve meg på ei samanlikning som nok ikkje vil falle alle like lett for brystet. Kan ein bruke omgrepet messias om Ivar Aasen?

 

 

Dei kristne har som regel berre éin messias, og uansett kva dei som ikkje kallar seg kristne, måtte meine, er kristendommen ein del av den norske kultur- og samfunnshistoria. Men kristendommen har prega nokre landsdelar meir enn andre.

Ivar Aasen skreiv i 1836: «Det herskede nemlig paa den Tid i vore Bygder en mærkværdig religiøs Begeistring eller Hellighedsaand (om jeg saa maa udtrykke mig)”. Aasen sjølv sakna opplysning og «mere Taalsomhed imot anderledes Tænkende”, men mykje av det Ivar Aasen las i sine unge år, var faktisk religiøs litteratur. «Saalenge min Fader levede, havde jeg nogenlunde Leilighed til min Yndlingsfornøielse, næmlig at læse; men vort Bogforraad var, som man kan slutte, saare lidet, og bestod blot af omtrent et halvt Snees gamle Andagtsbøger. Imidlertid eiede vi dog til alt Lykke en Bibel, der for mig var det dyrebareste af Alt, hvad jeg kjendte, da jeg af den kunde faa vide saameget Mærkeligt.”

Dette er interessant på fleire måtar. For det første ser vi ein gut som er svært glad i å lese; for det andre er det ein gut som svært tidleg får stor kunnskap om den kristne læra. «I saadan Tid havde jeg Andledning til at læse de fleste af Hans Hauges Bøger, og lignende, hvilket var vel nok, men jeg slap heller ikke til med noget andet.” Dette kan kanskje forklare korfor Ivar Aasen blei meir og meir kunnskapstørst etter kvart og blant anna lærte seg mange språk og mykje anna gjennom sjølvstudium når han endeleg fekk høve til det. Aasen kunne lett ha blitt planteforskar i staden for språkforskar.

Ivar Aasen var veldig klar over at han låg etter i utviklinga av den intellektuelle kunnskapen samanlikna med jamgamle som tidleg hadde tilgang til utdanning. Andre kjende «språkfolk» frå historia, som t.d. Henrik Wergeland (1808), P. A. Munch (1810) og Knud Knudsen (1812), har hatt det mykje lettare.

Kan hende var tanken på den enkle snikkarsonen i Bibelen både ei trøyst og ei legitimering av det som følgde? Ivar Aasen var ein svært beskjeden mann, og han understreka alltid at han kom frå ein gard, og at det var der han eigentleg høyrde heime – sjølv om han aldri flytta tilbake.

Ivar Aasen følte nok at han hadde eit kall. Han ville frelse Noreg med trua på eit norsk språk. Det var dette kallet og trua som gjorde at han klarte å gjennomføre dei mange og lange reisene til fots. Mange nynorskmotstandarar er misnøgde med arbeidet til Aasen, men dei tenkjer neppe på kor mykje han gjorde og ofra for å gje Noreg eit eige språk. Ivar Aasen reiste meir enn 400 mil – ikkje for å skape ei dialekt eller eit særspråk, men for å skape eit nasjonalt språk – eit språk for alle.

Aasen førde folkespråket ut av ørkenen og heim igjen. Det var dei som hylla landsmålet; og det var dei som var imot det. Kor mange gonger har ein ikkje prøvd å «korsfeste» nynorsken dei siste hundre åra? For nokon er Ivar Aasen nok ein språkets messias. Kanskje han inst inne tenkte dette om seg sjølv. Andre vil truleg velje å sjå på Aasen som det motsette. Ivar Aasen er i alle fall eit hatobjekt mange klarer å samle seg om.

Uansett, akkurat som med den «ekte» Messias, må ein på den eine eller andre måten ta stilling til Ivar Aasens «lære», om ein vil eller ikkje. 5. august er 200-årsdagen til Ivar Aasen. Det er ingenting religiøst over dette, men det er ein god grunn til å feire og ære ein av pionerane i den nyare norske språkhistoria. Ivar Aasen var nok ingen messias, men profet, det var han.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...