Heim Innspel Kina og nynorsken

Kina og nynorsken

Kva har Kina og nynorsken felles? Tja, det er vel i utgangspunktet ikkje så mykje. Så korfor vel eg likevel ei slik overskrift?

 

Ein kunne jo alltids ha skrive om talespråk og skriftspråk i Kina versus Noreg, men det gjorde eg allereie i Språkåret 2013. Det er for så vidt spennande nok i seg sjølv. Men korfor tenkjer eg på Kina og nynorsken i dag, 6. mai 2014?

6. mai 2014 er ein ny merkedag, ein festdag, i norsk språkhistorie og språkpolitikk. 12. mai 1885 stemde Stortinget med 78 mot 31 stemmer for at «det norske Folkesprog», les: Ivar Aasens landsmål, skulle sidestillast med »vort almindelige Skrift- og Bogsprog», som den gongen var det danske skriftspråket. Dette var starten på utviklinga av dei to norske skriftspråka nynorsk og bokmål.

No i 2014, 129 år etter det historiske jamstillingsvedtaket – og i samband med grunnlovsjubileet, stemde Stortinget med 168 stemmer mot 1 stemme for at Grunnlova skulle komme på begge målformene. Her er det ikkje snakk om berre eit fleirtal; det var alle utanom éin representant som gjorde eit nytt historisk vedtak og stemde for likestilling og demokrati. Det skulle jo elles berre mangle når Stortinget tidlegare hadde vedteke at ein skulle ha to jamstilte skriftspråk i Noreg.

Men det er faktisk ikkje så lenge sidan svært mange politikarar ikkje ville høyre snakk om noka grunnlov på nynorsk. Det er nok heller ikkje å ta for hardt i å påstå at dei fleste politikarane nok bryr seg «litt mindre» om nynorsk som målform. «Nynorskingar», dvs. veljarar og stemmer, er derimot ein viktig faktor i politikken. Det var ein faktor som ein tydelegvis ikkje kunne sjå bort frå. Ein må derfor rekne med at mange stortingsrepresentantar først og fremst stemde «politisk korrekt» i denne saka.

Det er då eg tenkjer på Kina – og Dalai Lama. Dagen før Dalai Lamas besøk i Noreg stemmer altså politikarane «politisk korrekt», og det er rimeleg å gå ut ifrå at mange stemde mot si eiga overtyding, dvs. at ein del av dei kanskje helst såg at nynorsken mista statusen som offisielt skriftspråk. Når det gjeld Dalai Lama, finst det derimot også berre eitt politisk korrekt val. Landet som tildelte fredsprisen til Dalai Lama, burde jo sjølvsagt ta imot den same mannen når som helst og kvar som helst med den respekten og æra han fortener – det gjeld for så vidt alle offisielle gjester. Men den gongen ei.

Her er det altså politikarar som vel å høyre på Kina i staden for å vere politisk korrekte – eller i det minste høflege og vise vanleg folkeskikk. Men det er dei same mekanismane som rår. Kinesarane er for mange og for viktige for den norske staten. Det er då eg føler ei skar i gleda på denne dagen som jo er ein delsiger for nynorskens eksistens. Vi «nynorskingar» er tydelegvis ein maktfaktor på same måte som kinesarane, og eg veit ikkje om eg trivst med dette perspektivet. Arbeidet framover vil måtte bestå i å vise at politikarane valde rett når det gjaldt å gje etter for kravet om Grunnlova på begge målformene. Og politikarane må forstå at dei av same grunn heilt offisielt burde ha teke imot Dalai Lama. Det handlar om likeverd, likestilling og demokrati i Noreg som i verda. Dette er ikkje berre politisk korrekt – det burde vere heilt sjølvsagt i alle samanhengar.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...