Heim Innspel Kreativt tullball

Kreativt tullball

Det siste tiåret har vi som arbeider med kunst og kultur – særleg på konferansar med tettstadutvikling som tema – blitt tuta øyra fulle med at vi tilhøyrer den kreative klassen, ei gruppe som i følgje forskaren Richard Florida er nøkkelen til økonomisk vekst. Den kreative klassen utgjer i følgje Florida 30 % av folket og er først og fremst kunstnarar, supplert med ei brokete samling av it-folk, teknologar, mediefolk, arkitektar, lærarar, forskarar, leiarar, finansfolk, juristar og legar.

Eg har arbeidd med kunst som kjerneverksemd i over ti år, men har enno til gode å sjå på meg sjølv som ein frontsoldat i innovasjonen si teneste. Dei eg har rundt meg, ser neppe slik på meg heller. Eg trur faktisk ikkje at det finst nokon i vårt vesle fylke som ser på meg eller dei som arbeider ved Sogn og Fjordane Teater (SoFt), som nøkkelen til korleis framtida skal utvikle seg her. Om eg skal vere heilt ærleg, er det truleg fleire enn eg orkar å tenkje på, som snarare meiner at vi høyrer fortida til. Kva er det som ikkje stemmer her? Er det kartet til Florida, eller er det terrenget til SoFt?

La oss sjå på terrenget først. Det finst kunstnarar utanfor dei store byane, men dei er få, og arbeidsvilkåra er ikkje mykje å skryte av, sjølv om dei sikkert har blitt betre dei siste tretti åra. Dei som finst, arbeider innanfor institusjonar som SoFt, med ordna arbeidsvilkår som tariffesta løn og ei arbeidstid det går an å leve med. Eg skulle gjerne sagt at vi som hevar løn ved SoFt, tilhøyrer den kreative klassen, men eg slit med å tru heilt på det. Organisasjonsstrukturen til teatret er av den mest konserverande og konservative typen som finst. Teatersjefen er framleis eineveldig herskar på toppen av hierarkiet. Flat struktur er eit temmeleg ukjent omgrep. Innføring av ny teknologi går seint. SoFt var ikkje blant dei første som fekk heimeside på Internettet, for å seie det forsiktig. Elektronisk billettsystem vart innført først i år. Synspunktet om at alle tilsette er like viktige, sit langt inne. Særleg hos kunstnaren, som meiner ho er viktigast, og dinest hos teknikaren, som, sidan ho ikkje er viktigast, meiner at ho i alle fall er nest viktigast og difor viktigare enn han som sit i resepsjonen, som er minst viktig. Gamaldags altså, svært gamaldags.

På den andre sida kan vi jo glimte til, vi som arbeider med teater, òg. Det hender titt og ofte at publikum fortel at dei har fått opplevingar som rører, og som gir dei nye perspektiv i livet. Sjølv om opplevingane ikkje fører til økonomisk vekst, er det kanskje i desse stundene at teatret bidreg til å utvikle verdiar og kreative tankar og idear som skubbar verda eit lite stykke i rett retning.

Kva så med kartet? I følgje Florida er det fire fenomen ved den kreative klassen som er avgjerande for om det skal vere grunnlag for økonomisk vekst. Dess fleire personar innanfor kvart fenomen, dess betre. Dei fire fenomena er talet på kunstnarar, talet på personar med ulik kulturbakgrunn, talet på homofile og lesbiske og talet på menneske som bur i bykjernen.

I Sogn og Fjordane finst det så få kunstnarar, folk med annan kulturbakgrunn, homsar, lesbiske og byar at dei, sjølv om du legg alle saman i hop, berre kan teljast i promillar. Slik er det overalt utanfor Oslo. Likevel blir Florida trekt fram kvar gong det skal drøftast kva som kan skape vekst og utvikling i distrikta. Ver så snill, alle de som vil bidra kreativt til vekst og utvikling i Utkant-Noreg, ikkje kom dragande med Richard Florida ein gong til. Han høyrer heime i New York, ikkje i Førde.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...