Heim Innspel Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom.

Lærarutdanningane er avgjerande både for at framtidige nynorskelevar får ei god opplæring og for at ein skal kunne oppnå ei reell jamstilling mellom nynorsk og bokmål.

I november lanserte Språkrådet ein rapport om norsk, og særleg nynorsk, i lærarutdanningane. Rapporten slår fast at lærarstudentar utan norsk i fagkrinsen som skal bli lærarar og som ikkje tek utdanning innanfor norskfaget, svært sjeldan får vurdert nynorskkompetansen sin i løpet av utdanninga.

Rapporten viser òg at fleirtalet av uteksaminerte lærarstudentar har utdanninga si frå lektorutdanning eller praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Dette er utdanningar der rammeplanen, i motsetnad til grunnskulelærarutdanningane, ikkje stiller krav om nynorskkompetanse hjå studentane. Resultatet er at nynorskelevane som skal ha opplæring på skriftspråket sitt i alle fag, får nyutdanna lærarar som ikkje er trygge i å skrive eller undervise på nynorsk.

Mållaget har gjennom mange år peika på at utdanningsinstitusjonane må gje lærarstudentane ei betre opplæring i nynorsk. Dei må òg få opplæring i nynorskdidaktikk, det å lære korleis dei kan lære elevane nynorsk.

Det blir ei viktig oppgåve for forskings- og høgare utdanningsminister, Oddmund Hoel (Sp), å få dette på plass. Den nye statsråden har brei kunnskap om feltet og bør bruke både kunnskapen og styringsretten sin til saman med lærarutdanningane å sørgje for betre nynorskopplæring av lærarstudentane.

Mållaget har ei heil rekkje konkrete tiltak:

• Norsk må vere obligatorisk fag på grunnskulelærarutdanninga 5–10, og rammeplanane for PPU og lektorutdanningane må òg stille krav til studentane sin nynorskkompetanse.

• Det bør innførast ein nasjonal deleksamen i norsk i lektorutdanninga, og reglane for fritak frå sidemål i lærarutdanningane må strammast inn.

• Nynorskdidaktikk må vere ein del av lærarstudentane si utdanning, og det må kome fleire tilbod om etterutdanning i nynorskdidaktikk for dei som allereie arbeider i skulen.

• Utdanningsinstituasjonar må synleggjere nynorsk på studiestadene.

• Eksponering er nøkkelen til meistring.

• Dessutan må universitets- og høgskulerådet som rådgjevande organ stille krav til nynorskkompetansen i dei nasjonale retningslinene sine til lærarutdanningane.

Slik kan vi sikre at vi utdannar lærarar som har kompetanse til å drive opplæring i og på nynorsk.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...