Heim Innspel Målfolk på Eidsvoll

Målfolk på Eidsvoll

Fredag til søndag 4. til 6. april, tre dagar i strekk, heldt Noregs Mållag landsmøtet sitt på Gardermoen. Representantar frå fjern og nær var samla for å snakke om språk og språkpolitikk i Noreg.

Det var rundt 160 målfolk på hotellet, og dei kom ikkje berre frå Vestlandet, som mange vil tru; dei kom frå Tromsø i nord til Lindesnes i sør, og sjølvsagt var også alle dei austnorske lokallaga representerte. Éin av ordstyrarane snakka Oslo-mål, men var ikkje mindre engasjert i målsaka for det.

Kva snakkar ein så om på eit slikt landsmøte? Er det berre ein gjeng med bunadskledde raringar som likar brunost og traktorar? Sjølvsagt ikkje. Medlemmane i mållaget er først og fremst opptekne av demokrati og likestilling. Éi side av dette er retten til å bruke begge dei jamstilte målformene, bokmål og nynorsk; og dette inneber også retten til opplæring i begge målformene.
Det var ikkje tilfeldig at landsmøtet i 2014 blei lagt til Gardermoen. Det blei sjølvsagt ein tur til grunnlovsbygninga på Eidsvoll. Landsmøtet hadde blant anna også besøk av Martin Kolberg frå Arbeidarpartiet som snakka om den planlagde nye utgåve av Grunnlova. Av ein eller annan merkeleg grunn er det eit diskusjonstema om ein skal ha både ei bokmålsutgåve og ei nynorskutgåve – eller om ein faktisk skal halde seg til det opphavlege språket i Grunnlova, det vil seie dansk.

To hundre år etter at Noreg fekk si eiga grunnlov og ein sakte, men sikkert byrja arbeidet med å utvikle norsk som skriftspråk igjen – noko som resulterte i to sidestilte skriftspråk, finst ikkje Grunnlova på eit moderne språk. Dette er situasjonen i eit moderne Europa, der ein innanfor EU dagleg omset alle offisielle tekstar til alle medlemsspråka i unionen, sjølv om alle i medlemslanda – i alle fall teoretisk sett – kan lese engelsk. Sjølvsagt skal offisielle tekstar føreliggje på alle språka slik at dei kan lesast og brukast av alle.

Men her i Noreg er det altså eit diskusjonstema om Grunnlova skal vere tilgjengeleg for alle. Det er med andre ord ikkje ein sjølvsagt ting. Dette seier vel mykje om demokrati og likestilling i 2014, og det er éin grunn til at målsak engasjerer svært mange.

Dersom ein ikkje ønskjer å engasjere seg i eit konkret politisk parti, kan det derfor vere ein idé å vere støttemedlem eller vere aktivt med i eit lokalt mållag og arbeide tverrpolitisk for demokrati og likestilling ut frå eit språkleg og kulturelt perspektiv. Gjennom ord blir verda stor, og det er ikkje minst som individuelle språkbrukarar vi er deltakarar i samfunnet.

Jens Haugan
Hamar dialekt- og mållag

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...