Heim Nyhende – Sjølvsagt med nynorsk Grunnlov

– Sjølvsagt med nynorsk Grunnlov

– Det burde vere sjølvsagt at jamstillingsvedtaket viser att i praksis også for den fremste juridiske teksten i landet, meiner rådet i Nynorsk kultursentrum.

 

 

I eit brev til kontroll- og konstitusjonskomiteen oppmodar dei no Stortinget til å vedta Grunnlova på moderne nynorsk og bokmål.

Dei 22 medstiftarane i stiftinga Nynorsk kultursentrum meiner det no er på tide at Stortinget lar mållova gjelde ikkje berre formelt, men òg i praksis og ber dei folkevalde om å vedta moderniseringsframlegga frå Graverutvalet.

– Å gjere Grunnlova tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk er å gjere grunnlaget for folkestyret tilgjengeleg for veljarane og for eit enda betre ordskifte om demokrati på norsk, skriv styreleiaren i rådet, fylkesmann i Møre og Romsdal og tidlegare stortingsrepresentant for Framstegspartiet Lodve Solholm; rådsordførar, fylkesvaraordførar i Hordaland Mona H. Hellesnes (V); og direktøren i stiftinga, Ottar Grepstad.

I rådet er mellom anna universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø, Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og fylkeskommunane Møre og Romsdal, Rogaland, Sogn og Fjordane og Hordaland representerte.

Stortinget skal behandle framlegga til revisjon av Grunnlova 6. mai, men så langt ser det ikkje ut til at nokon av moderniseringsframlegga får stor nok støtte. Både Høgre, Venstre og KrF har signalisert at dei ikkje ønskjer nokon språkrevisjon i det heile. Berre dei raudgrøne partia og Miljøpartiet Dei Grøne har så langt støtta framlegga frå Graverutvalet. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...