Det har vore ein god haust. Fleire yndlingsforfattarar har kome med nye romanar, og det har vore eit framifrå lesevêr på Vestlandet. Forlaga fôrar oss med nye bøker kvar veke, og Bergens Tidende gler seg over at tre av dei nominerte til Nordisk råds litteraturpris nesten er frå Bergen.
Oppe i all denne lukka slår Framtida.no opp at dei ikkje alltid er så lette å finna, desse bøkene. I alle høve ikkje dei som er skrivne på nynorsk. For nokre år sidan fortalde me i denne spalta om Norli Bokhandel i Oslo. Norli hadde plukka ut dei nynorske ungdomsbøkene og plassert dei i ei hylle som ein måtte leggja seg ned på butikkgolvet for å finna. Hylla var tydeleg merkt med NYNORSK, og ein vittig bokorm, mest truleg ein røykjar, hadde lagt til med tusj: DREPER!
Journalisten frå Framtida fann skuffande lite nynorsklitteratur på utstillingsplass. Etter å ha kjempa seg rundt stablar med kokebøker, over lad med hjerte/smerte og gjennom mørke bakgater med krim på alle kantar, kom ho omsider fram til dei obligatoriske hyllene med skjønnlitteratur. Der fann ho også nynorskbøkene. Dei finst altså, men ligg sjeldan på utstillingsplass.
Dersom Framtida hadde vore på Frogner (!), kunne eg ha forstått dette. Men journalisten hadde vitja bokhandlarar i Vindafjord, i Volda og på Stord. Stord, den største nynorskbyen i verda.
Under artikkelen på Framtida.no hadde ein lesar lagt til ein lakonisk kommentar : «Løysinga er enkel. Målfolk må byrja å skriva lågkarbobøker …» Eg gler meg alt.
Diktarvegkonferansen
Diktarvegkonferansen 2012 er i kjømda. 20. til 22. mars vert den fjerde konferansen i rekkja arrangert på Lofthus, og for første gong står tilskipinga på eigne bein. LNK-prosjektet Diktarvegen er slått saman med det interkommunale selskapet Fjordvegen, og det nye aksjeselskapet arbeider for tida med å få på plass det endelege programmet for konferansen. Alt no er det klårt at både statsrådar, sentrale politikarar frå storting, fylkeskommunar og kommunar, kunstnarar og forfattarar tek turen til Hotell Ullensvang i mars.
Målet med konferansen er å skapa eit handlekraftig nettverk av kompetansemiljø innafor kultur, næringsliv, kommunikasjon og offentleg forvaltning, på tvers av fylkesgrenser og tradisjonelle skiljeliner. Dei fem forfattarorganisasjonane som til no har vore grunnstamma i prosjektet Diktarvegen, inviterer med seg ei rekkje andre kulturaktørar, kommunar og andre interesserte i det nye selskapet. Diktarvegen Fjordvegen AS tek mål av seg til å verta den norske varianten av Route 66.
Til no har prosjektet vore knytt opp mot vegen mellom Jæren og Sunnfjord. Etter konferansen vil Diktarvegen verta evaluert, og dei røynslene prosjektleiinga har gjort seg etter tre år, vil bli distribuerte til alle medlemskommunane i LNK.