Fordelar med tospråkleg oppvekst:
Den internasjonale tospråksforskinga har avdekt ei rekkje utviklingsmessige fordelar ved det å veksa opp med to språk frå tidleg alder. Her er nokre viktige funn.
1) Tospråklege born utviklar tidlegare metaspråkleg kompetanse enn einspråklege og er betre i stand til å læra seg andre språk seinare. Tospråklege born kan mellom anna tidlegare skilja mellom form og innhald i einskildord og setningar.
2) Tospråklege born utviklar evne til mentalisering (theory of mind) i snitt eitt år tidlegare enn einspråklege. Dette er evna til å forstå at andre menneske sit på annan kunnskap enn ein sjølv.
3) Tospråklege born utviklar såkalla utøvande kontroll (executive control) tidlegare og betre enn einspråklege. Dette er evna til å planleggja, setja i gang og avslutta handlingar og til å styra merksemd, og ho spelar ei særs viktig rolle for mellom anna akademisk læring.
Språklæring er kognitiv trening
Fleire av desse fordelane viser seg tidleg, allereie i førskulealder, men det er også haldepunkt for å seia at tidleg andrespråkslæring gir nokre av dei same fortrinna. Vidare aukar skriftspråkstrening effekten av tospråksfordelane.
Slike utviklingsmessige fortrinn spelar over på læring generelt, og statistiske undersøkingar frå land som t.d. Canada tyder på at tospråklege faktisk gjer det noko betre på skulen enn einspråklege.
Overføringsverdien til den norske språkkløyvde situasjonen
Det er ikkje openbert at desse innsiktene om tospråksfordelar har nokon overføringsverdi til den norske tospråksituasjonen. Trass alt kan ein hevda at bokmål og nynorsk er å rekna som to skriftspråksvariantar av det same språket, ikkje to skilde språk.
Men det har ikkje vore gjort noko for å finna ut av eventuelle overføringsverdiar. Og det er faktisk ein del haldepunkt for å tru at slike finst. Vi veit mellom anna at så nærskylde språk som katalansk og kastiljansk-spansk gir nett dei same gunstige utviklingsfordelane som andre språkpar der skilnadene er større. Det er vidare all grunn til å tru at språkstimulering på både nynorsk og bokmål bidreg til betre forståing av at språklege uttrykk kan ta ulik form, altså at det bidreg til større metaspråkleg medvit. Internasjonale undersøkingar viser dessutan at personar som er vande med språkleg variasjon, jamt over er betre til å kjenna att skylde ord (arveord, kognatar) frå andre språk enn dei som berre meistrar standardspråket i landet sitt.
Paradokset Sogn og Fjordane
Men den potensielt sterkaste indikasjonen på at den norske tospråksituasjonen gir fordelar, knyter seg til noko dei færraste ville tru: Dei gode skuleresultata i Sogn og Fjordane. Dette fylket ligg på toppen av resultatlista for nasjonale prøvar saman med Oslo og Akershus. Det oppsiktsvekkande med dette er at utdannings- og inntektsnivået i Sogn og Fjordane er lågt, og at fylket i liten grad er urbanisert. Utdannings- og inntektsnivå og urbanitet er kjent for å korrelera sterkt med skuleprestasjonar, og andre fylke med liknande demografisk struktur som Sogn og Fjordane kjem mykje dårlegare ut.
Det kan vera ei rekkje grunnar til at Sogn og Fjordane har så gode resultat. Men når det gjeld språksituasjonen, veit vi dette: Ikkje noko anna fylke har så høg nynorskprosent blant elevane i grunnskulen. Sogn og Fjordane hadde i 2011 97,3 %, Møre og Romsdal 52 % og Hordaland 39 %. Elevar med nynorsk som opplæringsmål blir massivt stimulerte på bokmål og sentralaustnorsk talemål gjennom storsamfunnet, og i praksis har difor nynorskelevar allereie ganske høg kompetanse i bokmål når dei møter det som sidemål på ungdomsskulen. Det motsette gjeld i svært liten grad for bokmålselevar.
Og sidan Sogn og Fjordane er det einaste så å seia reine nynorskfylket, er det ikkje utenkjeleg at dei gode skuleresultata kan sporast til språksituasjonen: Viss det å bli stimulert på både nynorsk og bokmål frå tidleg alder gir nokre av dei same utviklingsmessige fordelane som udiskutabelt tospråklege har, er det å forventa at det vil slå ut på læring generelt.
Meir forsking er muleg – og viktig!
Desse forholda kan vi testa eksperimentelt. Dersom vi gjennom samanliknande undersøkingar kjem til at regionale skilnader i skuleresultat kan knytast til skilnader i kognitiv utvikling med grunnlag i ulik språkstimulering, bør den kunnskapen leggjast til grunn for utforming av ein språklæringspolitikk der eksponering for og trening i begge dei to språkformene våre blir sett på som ein viktig ressurs i skule og barnehage.
Øystein A. Vangsnes
CASTL / Flere språk til flere
Universitetet i Tromsø