Heim Innspel Solskin og song

Solskin og song

LEIAR: Vi kjem stadig tilbake til det, dette språklege mangfaldet vi har her i landet, som er «noen til ergrelse, andre til trøst», for å sitere Alf Prøysen. Rett nok snakka Prøysen om gatesongarar og ikkje om språket. Og det kan ofte kjennest som det er langt mellom «solskinn og sang og gittarklang for alle penga» for nynorskbrukarane rundt om i landet. Harselasen, spotten og latterleggjeringa heng laust og kjem like gjerne frå stortingspolitikarar som frå anonyme debattantar på nettet.

Dessverre er det slik at mykje av sidemålsdebatten, som i praksis er ein nynorskdebatt, til tider blir vel mykje prega av synsingar og tullprat. Argumenta som blir brukte, er gjerne tufta på myter, tru og rykte på båe sider av bordet. «Nynorsk passar så godt i dikt» er kroneksempelet på kva tøv som kan kome opp i det som burde vere nyanserte, balanserte og opplyste diskusjonar. Samstundes er dikt-argumentet eit relativt mildt og snilt argument samanlikna med det hatet og den grenselause irritasjonen nynorsken kan vekkje i mange ordskifte, spesielt på nettet, men òg i media og rundt kaféborda.

Ein av journalistane i herverande avis opplevde ein gong å bli teken hardt i armen og rista litt i av ein mann som la for dagen eit svært ektefølt sinne mot nynorskrørsla. Ho tok seg ikkje veldig nær av det, og verre ting har sjølvsagt skjedd mellom motstandarar. Men det er då verkeleg ikkje vanleg folkeskikk å drive slik.

Desto hyggelegare er det å kjenne på den vinden som ser ut til å blåse mildt over nynorsken om dagen. Etter at nynorskforslaget frå utdanningsministeren kom for ein dag for nokre veker sidan, har nynorsken opplevd å få god støtte frå fleire hald, og kanskje mest oppsiktsvekkande: frå VG.

«Det er et privilegium for et lite land å ha to sidestilte skriftspråk», seier VG på leiarplass. At dette kjem frå ei avis som i praksis ikkje let sine eigne journalistar skrive nynorsk, er overraskande, men likevel gledeleg. Det er lov å ha to tankar i hovudet på ein gong. Endå viktigare er det når debattredaktøren i VG seier ho har funne att språket sitt og ønskjer å bruke det meir. Dette er sjølvsagt vakre tonar i nynorske øyre og uansett eit langt betre grunnlag for viktige diskusjonar enn «spynorsk mordliste»-snakket, som berre er eigna til å spisse konfliktane.

Vi må ikkje vere redde diskusjonane. Alt er ikkje berre bra med språkpolitikken vår, men alt er ikkje berre elendig, heller. Det kan vere klokt av nynorskens våpendragarar å vere advokat for djevelen og skjele kritisk også til eigne argument. Nynorsken kan ikkje overleve på rein proteksjonisme.

 

 

 

Førre artikkelSpråkråd frå Språkrådet
Neste artikkelNoko med språk

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...