Heim Innspel Språkråd: Ny rettskriving

Språkråd: Ny rettskriving

Her får du tips om ordbruk i den nye rettskrvinga for nynorsken. Tipsa er henta frå Språkrådet.no

1 tyda og tyding blir ofte misbrukte

Aldri: Kva tyding har dette for samfunnet?

Men: Kva har dette å seia for samfunnet?

Aldri: Dette tydde eit stort framsteg.

Men: Dette var eit stort framsteg.

Slik kan vi bruka tyda/tyding:

Signalet tyder at trafikken må stansa.

Det er ikkje så lett å få tak i tydinga av dette ordet.

    

2 denne, dette, desse

denne, dette, desse kan i visse samanhengar gje eit stivt eller upresist språk. Bruk heller den, det, dei, han, ho, eller ta opp att substantivet.

Døme:

«Tyskarane i Bergen hadde særrettar, men desse fall bort etter kvart.»

Betre: desse rettane

«Eremitasjen er det største kunstmuseet i verda. Det ligg i Vinterpalasset. Dette er bygd i barokk stil.»

Meir presist: Vinterpalasset

«Det er ikkje grunn til å klaga på telefonrekninga så låg som denne er no.»

Betre: ho

3 den

den skal normalt ikkje brukast med tilvising til substantiv i nynorsk. Det vanlege tilvisingspronomenet er han for alle hankjønnsord og ho for alle hokjønnsord – så sant pronomenet ikkje strir mot det naturlege kjønnet.         

Døme: «Ytringsfridommen er til liten nytte om han (bm. den) ikkje blir nytta i praksis.»

«Saka er vanskeleg, og vi må difor drøfta ho (bm.den) grundig.

Merk: Vi kan sjølvsagt bruka den i nynorsk, men då som peikande pronomen: 

Ikkje den har eg sagt, men den!»

4 st-passiv kan vera godt språk etter modale hjelpeverb

Binders kan brukast til så mangt.

Spørsmål kan sendast til Språkrådet.

Bruk ikkje st-passiv i presens        

Aldri: Saka undersøkjest no i departementet.

Men: Saka blir no undersøkt i departementet.

Aldri: Varene vrakast på grunn av dårleg kvalitet.

Men: Varene blir vraka på grunn av dårleg kvalitet.

Hugs at det finst verb som likevel skal bøyast med -st i alle tider, til dømes å minnast – eg minnest. Slike verb står i ordlista.    

5 Nynorsk har ofte laust samansette verb der bokmål har fast samansetning

høyra til, leggja fram, liggja føre, svara til, skriva under, skriva ut      

Merk: Det heiter berre leggja fram (ikkje framleggja).

Men: dei framlagde sakene

6 nokre

nokre blir brukt når vi veit at det er fleire av noko (engelsk some)

Vi vart verande der nokre dagar.

nokon – i uttrykk med spørsmål, tvil og nekting (engelsk any)

Det spørst om det kjem nokon fleire.

somme – om lag som nokre, men mindre med tanke på talet.

Somme dagar er veret grått.

7 Bokmål hvilken

Nynorsk har her fleire uttrykksmåtar:

kva       –  Kva dag er det i dag?

kva for  –  Kva for bøker har du?

(Kva slag)

ein/ei/eit/nokre legg vi til når vi vil konkretisera noko som kan teljast.

Kva for ei bok er det?

Kva for nokre bøker har du?

Ofte er det godt språk å skriva berre kva.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...