Heim Innspel Tid for å utfordre dei «nøytrale»

Tid for å utfordre dei «nøytrale»

Kor nøytralt er det å berre nytte bokmål i kommunen? Det er på tide å setje dei nøytrale kommunane på prøve.

Noko av det som eg synest er mest interessant med offentleg forvaltning, er at dei som arbeider der, skal gjere ein jobb for oss alle. Målet er ikkje høgast mogleg profitt, men best mogleg offentleg sektor. Pengane vi alle betalar inn, skal nyttast så effektivt som mogleg.

Ein flik av dette arbeidet er språk. Det er viktigare at ungane som treng hjelp frå barnevernet, får det raskt og godt. Men språk – og målform – er samstundes både eit middel til å vere i kontakt med innbyggarane og eit uttrykk for lokal kultur. Om du flyttar frå Lodalen til Lom for å arbeide i kommunen, kan du faktisk ikkje tru at du kan gjere det utan å ta omsyn til språket i Lom.

Men diverre er det nettopp det som skjer over heile landet. Av alle dei såkalla «nøytrale» språkkommunane, kor mange er eigentleg verkeleg nøytrale? Knapt ein einaste. For når ein kommune er “nøytral”, er det akkurat det same som å seie at «Her nyttar vi bokmål, nynorsk vil vi helst sleppe å tale om.»

Eg undersøkte sjølv tilhøva i Sunndal eit av dei åra eg var i lokalavisa Driva. Ikkje noko gale sagt om Sunndal kommune; dei er berre eit døme på korleis det står til. Eg fann eitt sakspapir til kommunestyret som var skrive på nynorsk. Ikkje for kvart møte, men for heile året. Då er ikkje kommunen nøytral.

Ei utfordring er at mange «nøytrale» kommunar tolkar det å vere nøytral som det same som å vere passiv. Men bør ein ikkje sjå nøytral som det same som å gje begge målformar like tilhøve? Å vere medvitslaus kan jo ikkje vere noko å trakte etter. Men det er slik dei nøytrale kommunane står fram. Det er betre å seie rett ut at «Nei, her skal vi halde tradisjonane tilbake til dansketida i hevd og nytte bokmål.» Okei, kan hende dei ikkje seier det heilt slik, men det kan synast som om mange nøytrale kommunar berre er nøytrale av di dei ikkje vil innrømme at dei nyttar nynorsk. Dei skjemmast.

Nå kan vi seie at det ikkje er så rart at dei skjemmast, men betre vil det vere å gje dei ei utfordring: Finn eit høve der kommunen aktivt kan nytte nynorsk, på same måte som han aktivt nyttar bokmål kvar einaste dag. Det kan vere ei språktevling i skulen, tilbod om språkkurs for dei på rådhuset som like gjerne kunne ha skrive nynorsk som bokmål, eller noko anna.

Språkstriden er som regel altfor humørlaus. Eg trur det er utruleg viktig å gjere noko med språket som er kjekt. Å skrive nynorsk skal til dømes ikkje vere ei plikt, men ei glede og noko som er heilt naturleg for dei store delane av landet der nynorsk er den heilt naturlege skriftforma.

Sjølvsagt er det utruleg sterke krefter i sving på vegner av bokmålet. Folk flyttar til sentrale strok. I klemz- og lizzm-språket er det ikkje Ivar Aasen som er i medvind.

Men samstundes er Odd Nordstoga ein av dei mest populære låtskrivarane i nyare tid. Hellbillies sel framleis plater i stort monn. Nynorsken er levande. Det er håp. Men dei som berre driv med straumen av bokmålskrivarar som ein medvitslaus lakei, dei må få opp auga.

Det ligg utruleg stor kraft i å få ei offentleg verksemd med på laget for å auke bruken av nynorsk i nøytrale kommunar. Det beste av alt; dei er jo nøytrale, så dei kan jo ikkje seie nei, heller – for det ville jo vere å favorisere bokmålet. Ved å ta nynorsken i bruk vil dei gjere ein jobb for heile samfunnet, til beste for oss alle. Kan hende kan vi faktisk vekke til live nynorsken i nokre av dei såkalla nøytrale kommunane. Det er lov å håpe, og det er lov å prøve.

 Ole Petter Pedersen, utviklingsredaktør Kommunal Rapport 

 

Førre artikkelRom for mangfald
Neste artikkelSpråkråd: Ny rettskriving

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn er for mange sjølve nynorskrøysta. Etter ei særs variert karriere i NRK kan ho no også smykke seg med tittelen som vinnar...

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...