Heim Innspel Rom for mangfald

Rom for mangfald

Denne veka vart Kvam herad kåra til årets kulturkommune i Hordaland. Juryen sa at prisen vart «tildelt ein kommune som i særleg grad har markert seg med ein allsidig innsats for kulturlivet gjennom samarbeid, kreativitet og nytenking.» Det er ikkje eg som skal ha æra for denne prisen. Eg hadde begge føtene godt planta godt inne i boksen og ville ikkje ein gong søkja fordi eg meinte søknaden ville bli endå betre om to år.

Dette fekk meg til å tenkja på noko som skjedde tidlegare i haust. Eg er altfor glad i fotball til å bry meg om det norske herrelandslaget. Siste landskamp såg eg sommaren 2000, då Noreg deltok i EM og spela 3 kampar utan å skapa ein målsjanse. I dei tolv åra som har gått etter det, har eg fått med meg nok til å forstå at det framleis er langt mellom målsjansane, at Drillo framleis er mest oppteken av 11 mann i forsvar, og at alle som nappar i ei fotballdrakt innanfor 16-meteren, aller helst burde fått seg eit år i Sibir. Nei, eg skal ikkje dreia innlegget over på favorittemnet mitt, fotball, denne gongen. Trass i at eg meiner tida mi er for verdfull til å bry meg om norsk landslagsfotball, fekk eg med meg ein debatt i media tidlegare i haust der John Arne Riise vart kalla dei verste ukvemsord eit menneske kan kallast. Fyren må nærast vera ein kriminell av verste slag sidan han fekk så mykje peppar av ein sportskommentator i VG.

Av det eg kan tyda ut av ei rekkje overskrifter i media, så er Riise si verste lyte at han ikkje er som folk flest, og at han i tillegg har ei mor som ikkje er som mødrer flest. Det er heilt klart krevjande med folk som stadig bevegar seg i området utanfor boksen av det som er normalt. Dette utfordrar oss som står stødig inne i boksen, då me opplever at boksen ikkje er ein konstant størrelse lenger. Sjølv om Truls Dæhlie i VG får løna si fordi slike folk som John Arne Riise skapar overskrifter, fekk han altså no i haust nok. Denne Dæhli opplevde nok at Riise sprengde rammene for sin eigen boks, og dette gjorde nok til at han mista gangsynet. Sjølv stiller eg eit stort spørsmål ved at me som samfunn finn det akseptabelt at ein sportskommentator skal få lov til å setja grensene for normal oppførsel. Plutseleg var ikkje Riise berre litt sær, men ein person me ikkje skulle lika. Mange slengde seg på i debatten. Dersom me som menneske finn Riise sin oppførsel fråstøytande, så er me vel i stand til å reflektera sjølv over om me ynskjer han som rollemodell eller ikkje. Me har ikkje behov for media som moralvakt.

Hadde Kvam herad vorte årets kulturkommune om me ikkje bevisst hadde uttalt at innbyggjarane våre skal få lov til å utfordra rammene for boksen? Er det nokon kommunar som kan kårast til årets kulturkommune om personar som Truls Dæhli eller rådmannen i Kvam bestemmer at andre ikkje skal boltra seg utanfor boksen? Kan nokon kommune i det heile løysa velferdsoppgåva i framtida om me ikkje lèt ideane både innanfor og utanfor boksen møtast i myldring?

 Arild McClellan Steine er rådmann i Kvam herad

 

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Oslo kommune har to nynorskelevar i grunnskulen – får 11 millionar til språkdelte klassar på ungdomstrinnet

Mållaget er fortvila over at pengane til å sikra nynorskelevar i randsonene vert fordelt på alle kommunar. Saka vart først publisert på Framtida.no. Om foreldra til...