Heim Nyhende I startgropa

I startgropa

Den nye leiaren i Utdanningsforbundet gjekk sjølv i demonstrasjonstog på 70-talet for å få læremiddel på nynorsk.

– Det er viktig, det er dei lokale forholda det handlar om. Me må møte dei som står i klasseromma og verkeleg veit korleis stoda er, både det som er bra, og det som er mindre bra, seier ho.

Det veit ho også sjølv. Som lærar på Stranda vidaregåande skule frå 1983 og fram til 2002 veit ho kva lærarrolla krev. Mange år med erfaring frå læraryrket var det også godt å ta med seg inn i arbeidet som tillitsvald i Utdanningsforbundet. Som ny leiar flaggar ho ikkje dei nye, revolusjonerande sakene, men ho lovar å halde fram det arbeidet forgjengaren Mimi Bjerkestrand har drive. Ho er oppteken av ein god skule og ein god barnehage, og ikkje minst arbeidsvilkåra lærarane skal arbeide under.

– Ein må få på plass eit godt tilbod for etterutdanning i alle fag. Det blir også viktig for sidemålet og nynorsken. Og lærarane må få ei lønn dei fortener. Det blir spanande å sjå framover, eg er klar til å gjere ein god innsats.

Organisasjonen ho tek over leiinga i, er den nest største fagforeininga, med 156 000 lærarar og leiarar i skulen og barnehagen. Sjølv har ho vore andre nestleiar i Utdanningsforbundet sidan 2010 og tillitsvald på heiltid sidan 2002.

Å vere uthaldande kan kome godt med i ein leiarjobb. Eit hovudfag i kroppsøving er kanskje ein nøkkel til å halde ut. Ragnhild Lied er ikkje kjend for å gje seg og heller ikkje for å ta lett på oppgåvene.

– Eg har alltid hatt eit spesielt engasjement for idrett og friluftsliv. Kroppsøving skal ikkje vere eit fag som handlar om toppidrett, men eit fag der ein lærer mange ulike typar aktivitet, og ikkje minst noko borna kan meistre. Me må utfordre dei passeleg, ikkje for lite, men heller ikkje for mykje.

Ho har møtt elevane som ikkje vil, dei som ikkje har motivasjon, og dei som aldri tykkjer dei har fått det til.

– Du må møte elevane der dei er. Dei som sjølv meiner dei er taparar, må få oppgåver også dei kan meistre. Det er viktig at lærarane kan motivere, at dei har utdanning til å forstå elevane og vite korleis dei best kan legge undervisninga opp.

– Det er akkurat likt i mattefaget. Eg har møtt 16-åringar som seier matte ikkje ligg for dei; det var ikkje noko for mora heller då ho gjekk på skulen, seier dei. Det høyrest ut som om det er ein genetisk grunn til at dei ikkje klarer å lære matte. Det stemmer jo ikkje; alle kan lære matte, og basisgrunnlaget i faget treng du resten av livet.

Likevel meiner ho det er viktig å ta vare på breidda i undervisninga.

– Eg er redd ein ofte prioriterer dei tunge fagfelta. Matte og norsk er kjempeviktige fag, men det er ikkje nok med berre dei. Ein treng noko i tillegg.

Ho er ikkje spesielt glad i for mykje prat om prestasjonar, heller.

– Sjølvsagt må me snakke om prestasjonar, for det er det som gjev elevane motivasjon, og som gjev dei ei kjensle av å meistre noko. Men prestasjonsmåla ein brukar, blir ofte for smale. Det er like viktig å måle korleis ein fungerer i ei gruppe og i eit samarbeid, til dømes.

Prestasjonsmålingar kjem ein ikkje utenom i kroppsøving.

– Elevane skal kjenne litt på at ein spring fortare viss ein trenar. Men ein må ikkje berre springe rundt med ein peikefinger og slå fast at dei må trene for å unngå hjarteinfarkt som 30-åring. Me må snakke om alt det positive treninga fører med seg. Skal ein trene når ein ikkje har lyst, må ein vere motivert.

Den nye leiaren i Utdanningsforbundet slår også eit slag for sidemålet. Sjølv har ho alltid hatt nynorsk som hovudmål og meiner språket er ein viktig del av identiteten.

– Mange nynorskelevar kjenner på eit press når dei skal byrje å studere, mange skifter då til bokmål. Eg kjende på det sjølv, men klarte å stå i mot.

– Eg trur mange vil bli overraska viss dei tenkte over kor mange dialektar som ligg tettare opp mot nynorsk enn bokmål.

Ragnhild er oppteken av korleis ein skal legge opp nynorskundervisninga. At ho ber preg av noko positivt.

– Elevane må få positive opplevingar, også i sidemålsundervisinga. Læraren må formidle gode, positive haldningar. Mange påstår at elevane berre treng munnleg opplæring i nynorsk, men det er heilt feil. Me lærer ikkje nynorsk berre ved å høyre det, ein må skrive det òg.

– Skal ein bevare nynorsk, må ein ta vare på det aktive, verbale språket. Det er viktig at dei som skal lære nynorsk, må knekke den koden.

Ho vil ha fleire dialektar på barne-tv og ikkje minst ein slutt på at svenske og danske barneprogram blir dubba.

– Det er berre tull, sjølvsagt forstår dei både svensk og dansk.

Forgjengaren Mimi Bjerkestrand var tidlegare i haust ute og meinte ein burde halde på den skriftlege sidemålsopplæringa både i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. Ragnhild er ikkje usamd i det. Utkast til ny læreplan i norsk er på høyring, og Utdanningsforbundet skal også meine noko.

– Eg er heilt sikker på at det må vere eit krav om å ha eksamen i sidemål. Om alle må ha han, eller når han skal vere, er andre spørsmål som me må arbeide med. Det er òg heilt opplagt at ein må bruke meir tid på hovudmålet, men korleis dette skal leggast opp, må me sjå på.

Ho ser haldningane i skulen som øydelegg for nynorsken. Spesielt i Oslo-skulen har ho høyrt haldningar som ikkje er eit godt utgangspunkt for å auke gleda over språket. Lærarane må vere med å bygge opp forståinga og gleda over nynorsk, meiner ho bestemt.

Sjølv gjekk ho i demonstrasjonstog på 70-talet for å få nynorske læremiddel til rett tid.

– Dei kom alltid for seint, det er ikkje noko nytt i det. Ikkje har det blitt enklare, heller.

– Forventingane til å bruke læremiddel som er nettbaserte, aukar også. Skulane og lærarane må vere bevisste på dette og krevje det på nynorsk der det ikkje føreligg. Det er fagfolk og kommunar som må presse på her.

Ho har også registrert at nynorskorganisasjonane ynskjer å samarbeide for å legge til rette for ein nynorsk ressursbase for skular og barnehagar. Sjølv meiner ho Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet er naturlege midtpunkt i det arbeidet.

– Eg er jo vaksen opp i Volda, så Ivar Aasen-tunet kjenner eg godt. Dei har drive moderne frå starten av og vore kreative i korleis ein kan formidle ut til publikum.

Det er valkamp, noko ein også merkar i skulen. Under landsmøtet til Utdanningsforbundet sa den påtroppande leiaren dette om den politiske drakampen;

– Skal me rekruttera blant dei beste, må læraryrket bli meir attraktivt. Aller viktigast er gode lønnsvilkår og ein arbeidskvardag som gjev lærarane, både i barnehagen og skulen, tid og høve til å vere nettopp det politikarane ønskjer seg: flinke lærarar. Tidstjuvar og overflødige dokumentasjonskrav må bli historie. Mi utfordring til alle parti framfor stortingsvalet er derfor denne: Lat oss sleppe tomme løfter og enkelttiltak som ikkje monnar. Vis at de verkeleg vil satse på skule og barnehage.


Sjølvmelding:

Namn: Ragnhild Lied

Alder: 53

Bur: Stranda, pendlar til Oslo

Sivil status: singel

Les: saksdokument, forskingsrapportar, aviser og skjønnlitteratur.

Høyrer på: radio ( P2)

Førebilete: ingen særskilde, men likar godt blandinga av klokskap og godt humør.

Førre artikkelDrøymer på nynorsk
Neste artikkelRom for mangfald

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...