Heim Innspel Velkommen til Voss

Velkommen til Voss

I år er det 50 år sidan Donald Duck løyste det store Eggmysteriet og skapte ein intens språkdebatt her i landet. Det synte seg at den tidlege globetrottaren Tron Dreyerdal frå Voss hadde vitja ei fjellbygd i Andesfjella og lært ei indianarstamme å snakka vossadialekt. Eg skal ikkje insistera på at det er ein samanheng, men 30 år seinare vart Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) skipa, og har valt å feira dei første 20 åra sine på Voss. Tilfeldig? Neppe.

I april er det Landsting i LNK. Me opnar det heile med ein stor konsert i Voss kulturhus, der Per Inge Torkildsen presenterer Sigrid Moldestad med band, Twang Gang med rockabilly på nynorsk og fleire andre gode artistar. Konserten er open for alle og me ventar å sjå mange av Tron Dreyerdals etterkommarar denne kvelden.

Tema for landstingkonferansen gav seg mest sjølv. I Språkåret 2013 ønskjer LNK å laga ein statusrapport som syner kor sterkt nynorsk språk står i kommunane og i resten av samfunnet.

Ottar Grepstad stiller i sitt innlegg på landstinget spørsmål ved om nynorsk er eit stort språk i verda, men eit lite i norske kommunar? Kvifor bør kommunane vera opptekne av det nynorske språket? Er det i det heile bruk for ein organisasjon som LNK lenger? Ikkje uventa kanskje; eg meiner ja.

Nynorsk er det daglege bruksspråket i meir enn 100 kommunar og fylkeskommunar. Det er eit innarbeidd språk som har vist at det duger. Det byggjer på dialektane våre og er fri for den håplause kansellistilen som gjer at så mange offentlege bokmålsdokument er vanskelege å forstå. Dermed vert nynorsk eit meir tydeleg og eit meir demokratisk språk, eit språk som både kommunar og andre med rette kan vera stolte av.

På landstinget tek me og opp den store mediedebatten om kva rolle nynorsk skal ha på dette området. Kva rolle vil journalistikk på nynorsk ha framover. Papiraviser som konsekvent har nekta journalistar å skriva nynorsk får stadig lågare opplag, medan nynorsk nettjournalistikk er i framgang. Framtida.no som LNK driv saman med ABC Startsiden, hadde i fjor 210 000 unike brukarar.

Andre tema på konferansen vert norskfaget i skulen, sidemålsproblematikk, åtaka på mållova, og mange andre spennande saker.

Dag Solstad sa i samband med lanseringa av «Uskrevne memoarer» i sist veke at nynorsken er redninga for den norske kulturen. Aftenposten siterte Solstad slik: – Hadde vi ikke hatt nynorsk, ville vi sannsynligvis mistet hele kulturen vår. Rett nok er Solstad kjend for å spissformulera seg og vera ironisk, men her er han inne på noko, og slike samanhengar me ønskjer å få fram gjennom konferanseprogrammet.

Velkommen til Voss

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...