Heim Innspel Ta meg på ordet

Ta meg på ordet

Det blir sagt at om du er veldig oppteken av korrekt språk, så har du for lite å gjere på, du bidreg rett og slett ikkje til verdiskapinga. All den tida du bruker på å korrigere folk som vil spørje eit spørsmål om kvifor vi har så dyre prisar her i landet, kunne du ha brukt på å pumpe opp olje eller gjort noko anna fornuftig. Det er vel ingen i dag som bryr seg om at det heiter høge prisar og å stille eit spørsmål. Vi forstår kva som blir sagt. Vi døyr ikkje av ein liten språkfeil.

På den andre sida er det språkår i år – det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd – og då får eg lyst til å seie eitt og anna om korleis vi bruker språket i dag, mest fordi eg berre går her og irriterer meg og ikkje har så mykje anna å finne på.

Du kan til dømes ikkje ta folk på ordet lenger. Det kan ligge ei anna meining bak. Du skal med andre ord ikkje ta alt du ser for god fisk, men heller med ei klype salt. Trafikkskilt kan du ikkje ta bokstavleg, eller rettare sagt biletleg. Då er du raskt ei fare for både deg sjølv og andre. Skiltet som forbyr forbikøyring, viser ein raud og ein svart bil, men det betyr ikkje at grøne bilar kan køyre forbi. Skiltet for gangfelt viser ein mann med hatt på veg over gata, og likevel kan kvinner, born og menn utan hatt gå. Skiltet for jarnbaneplanovergang utan grind viser eit lokomotiv der det kjem røyk ut av pipa. Det tyder ikkje at skiltet berre gjeld i westernfilmar.

Vi må altså tolke. Ein opplesar på radio sa nyleg at organiserte kriminelle slepp unna på grunn av pengemangel, men han sa ingenting om kven som mangla pengar. Sidan det var snakk om kriminelle, var det sikkert dei som mangla.

Vi slit, vi som bruker dialekt og lite brukte ord òg, ord som røyndom og lagnad. Skal vi bli forstått i dag, må vi heller bli fancy, trendy og up to date, vere okay og hip hop og rope yo og hallo når vi helsar.

Forvirringa er stor når vi snakkar, men større når vi les, særleg når det kjem til orddeling. Det er naturlegvis ikkje naturleg vis å dele naturlegvis i to. Det er ikkje sjølvsagt å skrive sjølvsagt som sjølv sagt, sjølv om du sjølv ville sagt det sånn. Dyre klinikkar er ikkje dyreklinikkar, sjølv om begge deler kan vere dyre å drive, og fiske bollar er berre normalt å skrive om det er bollar du er ute etter når du er ute og fiskar. Eit ekstraordinært årsmøte er alt anna enn ekstra ordinært, med mindre det er snakk om eit ekstra ordinært ekstraordinært møte.

Utfordringa er likevel størst når språket skal skildre smak og lukter. I ei tilfeldig valt avis kan du lese at raudvinen Trionfo mellom mykje anna er rein, avdempa og intens, og overraskande lang og konsentrert. Kvitvinen Trimbach Gewurztraminer er både energisk og tørr. Han har til og med den eigenskapen at han ropar på røykelaks. Ein annan kvitvin, La Clotte, har fin balanse. Det har søtvinen Weissburgunder Beerenauslese òg, i tillegg til at han er konsentrert. Det er sikkert difor han er suveren til sommarkos. I eit anna tilfeldig valt vekemagasin finst det omtalar av runde vinar og fyldige vinar, vinar som er tunge, alvorsfulle og maskuline, og vinar som er muntre, slanke og feminine. Det finst pene og frøkenliknande vinar, velbygde og solide vinar, fyrige, friske og freidige vinar, vinar som er robuste og uthaldande, og vinar med musklar og raffinement.

Eg skal ikkje gjere noko større nummer ut av desse språkfenomena, så lite har eg ikkje å gjere på. Det er eigentleg forferdeleg godt at det er eit kjempelite problem vi snakkar om, sånn passe stort, cirka bitte stort, omtrent, på ein måte.

Terje Lyngstad er teatersjef i Sogn og Fjordane Teater

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...