Heim Innspel Verda er slik du seier ho er

Verda er slik du seier ho er

Det var ei litt merkeleg overskrift, tenkjer du kanskje. Men poenget er rett og slett at vi faktisk påverkar verda – eller vår oppfatning av verda – gjennom språket.

Den såkalla Sapir-Whorf-hypotesen byggjer på ein idé til bl.a. Wilhelm von Humboldt, som meinte at ulike språk kunne føre til ulik utvikling av tankar og tenking. Benjamin Whorf og Edward Sapir funderte meir på dette og kom fram til hypotesen at det som blir sagt av ein person på eitt språk, ikkje nødvendigvis kan bli forstått på same måte av ein person frå eit anna språksamfunn.

Eit enkelt døme frå norsk er kanskje ordet «kose». Det er ikkje alltid like lett å omsetje dette ordet til andre språk, og det er nok ein del turistar som lurer på kva ein eigentleg legg i ordet. Det same kan ein kanskje seie om «hytteliv». Det er ikkje for ingenting at Ylvis sin song/video «The Cabin» er morosam – eller eventuelt uforståeleg – for ulike språkbrukarar. Språk er ikkje berre grammatiske system, men også kultur.

Sapir-Whorf-hypotesen er ikkje heilt «stuerein» i dag, og eg tenkte å leie merksemda mot noko meir direkte og «fysisk» enn det språklege innhaldet, nemleg «syntaks», det vil seie oppbygging av setningar.

Ein kan sjå på språk som fleire modular som arbeider saman. For det første er det ein tanke eller noko som skjer i verda, ein ønskjer å formidle til nokon. Då treng ein ord som kan beskrive det ein vil seie. Orda må uttrykkjast som lydar eller eventuelt gjennom skrift eller andre teikn, og då er det visse reglar for korleis ein uttaler eller skriv/symboliserer orda. I tillegg finst det grammatiske, altså systemeigne, reglar for korleis orda kan kombinerast i ei setning.

Det ein ikkje kjem bort frå, er det faktum at ein reint fysisk ikkje kan seie, skrive eller symbolisere alle orda i ei setning på éin gong. Ein kan heller ikkje ta imot alle orda på ein gong. Vi seier at språket er lineært. Når eg skriv denne teksten, skriv eg eitt og eitt ord. Og du som les dette, vil mest sannsynleg lese eitt og eitt ord, eventuelt nokre ordgrupper om gongen. Dette veit vi. Men har det nokon konsekvensar for korleis vi kan snakke om verda?

Tenk deg at du ser Per og Kari som sit på ein benk og kysser kvarandre. Det du ser, er at dei gjer dette samtidig, og ein kan ikkje nødvendigvis vite kven som tek initiativet. Men når du skal fortelje dette til nokon, blir du nøydd til å velje anten Per eller Kari som første ord. Lineariteten i språket, altså det at eitt ord må komme før eit anna, tvingar deg faktisk til å velje eit perspektiv. Enda meir tydeleg blir dette om ein seier «Per kysser Kari».

No seier du kanskje at det ikkje spelar så stor rolle kven som kysser kven. Men kva om ein byter ut ordet «kysse» med «elske»? Om Per elskar Kari, tyder det jo ikkje at Kari elskar Per tilbake. Eller korleis er det når eitt land er i krig med eit anna? Er det slik at vi alltid gjev eit korrekt språkleg bilete av verda?

Det ligg mykje definisjonsmakt i språket. Kanskje burde ein tenkje oftare over korleis språket definerer verda – og ikkje minst korleis vi sjølve definerer verda gjennom språket.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...