Heim LNK Om LNK Handlingsprogram 2009 - 2011

Handlingsprogram 2009 – 2011

PRINSIPPROGRAM

LNK skal leggja til rette for at medlemene kan vera aktive nynorskbrukarar og medvetne i språkspørsmål.
LNK skal arbeida for å sikra nynorsk som eit jamstilt og fullgodt bruksspråk innanfor alle delar av det offentlege, både som administrasjonsspråk og som fagspråk.
LNK skal vera ein pådrivar i høve til sentrale styremakter og andre samarbeidspartar kommunane har, for å få dei til å ta språkjamstillinga på alvor. LNK skal vera ein konstruktiv, positiv og framoverretta samarbeidspart.
LNK skal vera ein organisasjon som tek opp saker på vegner av medlemene.

ARBEIDSPROGRAM

1. Arbeid overfor medlemene våre

  • styrkja språkopplæringa i kommunar og stat
  • reforhandla samarbeidsavtalen mellom LNK og Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • setja av meir midlar til marknadsføring av ”På saklista”- kursa
  • senda eit eksemplar av kursheftet til alle medlemer
  • tilby kurs i ”Klart språk” – i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • tilby kurset ”Smart på skjerm” – om den integrerte databrukar/nettbrukar – i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • bruka meir tid på å presentera kursprogramma under rekrutteringsferder/medlemsbesøk
  • be om møte med fornyingsminister og kommunalminister om saka
  • arbeida for å setja språkspørsmål og språkpolitikk inn i ein vidare kulturell samanheng, syna samanhengar mellom språk, identitet, kultur og samfunnsutvikling. Dette punktet har gått som ein raud tråd gjennom mykje av det arbeidet LNK har gjort, mellom anna på konferansesida:
  • tema for konferansedelane av landstinga og Nordsjøkonferansane
  • temaval for LNK-avisa
  • arbeida for å betra kompetansen kring informasjonsarbeid i kommunane
  • arbeida for at medlemene får meir kunnskap om omdømmebygging – og satsar på språk som ein naturleg del av omdømmebygginga
  • Valprosjektet ”Me har noko med det”/oppfølgjarprosjektet (m/LLA)
  • Vidareføring av valprosjekt retta mot ungdom ”Mot til å meine” (m/Garborgsenteret og LLA)
  • Bibliotekprosjekt (m/seks kommunar i Nordhordland)
  • Diktarvegen RV 13 (saman med fem forfattarselskap/stiftingar)
  • LNK i Europa – arbeidsrekruttering
  • utvikla nynorsk bruksspråk innanfor alle sektorar – arbeid med nynorsk i IKT-sektoren og nynorsk  for barn og unge bør framleis vera viktige satsingsområde
  • vidareutvikla samarbeidet med ABC-Startsida
  • vidareutvikla samarbeidet med Microsoft og andre relevante programvareprodusentar
  • byggja opp nettverk av nye samarbeidspartar som til dømes nynorskteatra
  • arbeida for medvitne haldningar til språk og kultur i barnehagane gjennom aktiv deltaking i stiftinga Pirion – mellom anna gjennom styrearbeid og driftsstøtte
  • Tidsskriftet Pirion (opplag 38 000 distribuert gjennom Fagbladet og gjennom direkte abonnement)
  • Nettstaden www.pirion.no (alle tidlegare utgåver gratis tilgjengelege)
  • Pirion-kurs for tilsette i barnehagar, SFO og småskule
  • utvikla samarbeidet med Magasinett (www.magasinett.no)  vidare, mellom anna gjennom styrearbeid og driftsstøtte
  • presentera www.magasinett.no som eit tilbod til elevar og lærarar i ungdomsskulen og i vidaregåande skule
  • arbeida for at kommunane vedtek målbruksplanar og lansera ein ny mal for planane og for oppfølging, evaluering og integrering i kommunale planverk – i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet
  • syta for at målbruksplanane også tek opp språk i barnehagane
  • drøfta verkeområdet for mållova, jf. nye organisasjons- og selskapsformer som vert tekne i bruk i offentleg sektor, og på bakgrunn av føringar i språkmeldinga ”Mål og meining”

2. Arbeid mot sentrale styremakter og andre samarbeidspartar i kommunesektoren

  • arbeida for at rammeoverføringane til kommunane og føringane for desse ikkje gjer språk og språkspørsmål til ein salderingspost i ein stram kommuneøkonomi
  • Kommuneproposisjonen 2008 hadde eit eige kapittel om språk – eit særs viktig signal til kommunane.  LNK bør vera ein medspelar for KRD og arbeida for at departementet følgjer opp denne satsinga
  • arbeida for at kommunane ikkje skal ha meirkostnader av di dei har valt nynorsk som administrasjonsspråk eller av di dei har språkleg delte parallellklassar/grupper i grunnskulen
  • arbeida for at staten, ut frå demokratiomsyn, tek opp att satsinga på ein ”klårt språk”-politikk, i tråd med dei signala fornyingsministeren har kome med
  • styrkja samarbeidet med dei kommunale organisasjonane – både på arbeidsgivar- og arbeidstakarsida
  • styrkja samarbeidet med dei politiske partia
  • arrangera fagsamlingar og fellestilskipingar for medlemene og andre (kommuneorganisasjonar, styresmaktene osv) om aktuelle tema for å spreia informasjon og å skapa positive haldningar
  • arbeida vidare med å utvikla prosjektet ”regionale treffplassar”, saman med ABC Startsida
  • synleggjera nynorsk marknadsmakt. LNK representerer ein halv million menneske som bur i nynorskkommunane, og om lag 100 000 tilsette i offentleg sektor
  • arbeida for å setja språkspørsmål på dagsordenen i nye samanhengar
  • arbeida for at fleire statlege etatar vert flytta til nynorskområde, og at dei tek i bruk nynorsk  som arbeidsspråk
  • arbeida for innføring av språkdelte lærebøker i vidaregåande skular
  • arbeida for å styrkja norskfaget i grunnskule og vidaregåande skule
  • arbeida for å få på plass att ei ordning med språkleg godkjenning av lærebøker på eitt eller anna nivå – i samarbeid med Språkrådet
  • vera ein aktiv samarbeidspartnar for Kunnskapsdepartementet gjennom deltaking i Forum for nynorsk i skolen
  • arbeida for at læremiddel for flyktningar og innvandrarar vert gjorde tilgjengelege på nynorsk, og arbeida for at Kunnskapsdepartementet blæs liv i den kontaktgruppa som tidlegare arbeidde med slike saker
  • arbeida for at nynorsk språk og kultur vert sett på dagsordenen i prosessar kring regionalisering og kommunesamanslåingar
  • arbeida for å sikra nynorskbruk også innanfor dei nye organisasjons- og selskapsformene som vert tekne i bruk i staten
  • gje fråsegner om og fremja landssamanslutninga sine synspunkt og interesser i samband med språk- og kultursaker elles
  • føra vidare prosjektet ”LNK i Europa”, under føresetnad av ekstern finansiering

3. Kontakt med medlemene og informasjonsarbeid

  • gje ut LNK-avisa inntil seks gonger i året. I tillegg til å informera om kva organisasjonen steller med, skal avisa synleggjera medlemene i landssamanslutninga.
  • utvikla nettstaden www.LNK.no vidare
  • stimulera til samarbeid mellom medlemene gjennom å skipa til konferansar, fagsamlingar og kurs
  • laga pressemeldingar om tilskipingar, fråsegner osv.
  • ha aktiv kontakt med medium og relevante styremakter for å få fram sakene våre
  • utvikla samarbeidet med lokalavisene vidare
  • dela ut ein pris for god offentleg målbruk
  • samarbeida med KRD om kriteria for og utdelinga av prisen ”Årets nynorskkommune”
  • ny oppdatert versjon av fordelskortet
  • arbeida vidare med strategisk nettverksbygging som kan synleggjera nynorskkulturen. Viktige samarbeidspartar er kulturorganisasjonar, kulturfestivalar, universitet og høgskular.

4. Økonomi/administrasjon

  • byggja opp ein eigenkapital på rundt 10 % av omsetnaden
  • føra vidare dei rekrutteringsstrategiane som er vedtekne
  • arbeida for auke i statstilskotet
  • vidareføra dei økonomiske samarbeidsavtalane som gjeld fram til 2010/2013.
  • vurdera nye økonomiske samarbeidspartnarar
  • føra vidare den noverande organisasjonsstrukturen, men vurdera alternative løysingar dersom praktiske, økonomiske eller strategiske omsyn skulle tilseia det
Førre artikkelRekordmange på skuleval
Neste artikkelVedtekter for LNK

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

No kan du nominera årets nynorskkommune 2024

Kultur- og likestillingsdepartementet skal dela ut prisen «Årets nynorskkommune» 2024. Prisen, som er på 200 000 kroner, går til ein kommune eller fylkeskommune som...

Mange universitet oppfyller ikkje krava i språklova

Universitetet i Oslo, NTNU og Nord universitet er blant universiteta som ikkje oppfyller krava i språklova ifølgje Språkrådet. I 2023 var det berre nokre få...

Landstinget skal arrangerast i verdas største nynorskkommune

Landssamanslutninga av nynorskkommunar, LNK, har avgjort at landstinget i 2025 skal arrangerast i Øygarden kommune. Øygarden kommune vest for Bergen er med sine kring 40.000...

Stortingsvalet må bli eit språkval

Når dei politiske partia no meislar ut politikken dei skal gå til val på må dei hugse på nynorsken. Det må bli like lett å...