– 2017 blei eit vendepunkt for oss fordi alle dei største prosjekta våre no kan realiserast.
– Stortinget og Vinje kommune gjorde vedtak som inneber at Vinje-senteret blir bygt, vi skaffa oss ei viktig samling av litteraturhistorisk materiale, og vi blei 20 fast tilsette, Nynorsk kultursentrum er ein kulturinstitusjon i vekst seier direktør Ottar Grepstad.
Talet på unike brukarar av digitale tenester frå Nynorsk kultursentrum auka med 39 prosent til 496 100, og institusjonen passerte 20 000 følgjarar i sosiale medium. – Allkunne runda 25 000 publiserte artiklar, og både på dei åtte nettstadene våre og i sosiale medium gav vi nynorskbrukarane mykje meir digitalt innhald på sitt eige språk, seier redaktør Per Magnus F. Sandsmark i Allkunne.
Besøket ved arrangement og utstillingar var derimot middels. Talet på gjester fall med 33 prosent frå rekordåret 2016 til 27 100 i 2017. Av dette stod Aasen-tunet for 20 000 og Hauge-senteret for nær 7000. – Vi er svært nøgde med at Hauge-senteret for første gong hadde over 4000 gjester på arrangement i Den kulturelle skulesekken, seier dagleg leiar Geir S. Netland i Hauge-senteret.
Barn og unge ein spesialitet
Barn og unge er vår spesialitet, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet. Kvart år utgjer barn og unge mellom 30 og 40 prosent av gjestene. Slik var det også i 2017.
Mykje nytt stoff for denne målgruppa blei publisert på nettstadene, den årlege utstillinga av barnekunst samla bidrag frå fleire hundre barn i fem kommunar, Fleire forfattarar skreiv nye barnesongar for Aasen-tunet, som samarbeidde med Norsk Folkemuseum om ei aktiviserande krimgåte under Dei nynorske festspela.
I 2017 hadde Nynorsk kultursentrum arrangement eller utstillingar i 47 kommunar i åtte fylke og har med det vore til stades i heile 175 kommunar over heile landet. – Er det noko som fortener eit utropsteikn, er det dette, seier direktør Ottar Grepstad. – Med ein slik aktivitet, avdelingar i tre fylke og samlingar frå heile landet er Nynorsk kultursentrum ein reelt nasjonal kulturinstitusjon.
Nytt innhald på og om nynorsk
– Vi skal vere til nytte for andre, vi skal vere pålitelege, og vi skal utvikle ny kunnskap, seier Ottar Grepstad.
I 2017 gjorde Nynorsk kultursentrum det både gjennom arrangement, utstillingar og publikasjonar. Aasen-tunet laga temautstillinga «Sannare enn røynda?» om fakta og fiksjon i skjønnlitteraturen, saman med universitet og høgskular arrangerte Hauge-senteret seminaret «Lyrikk, samfunn og krise», Hauge-senteret supplerte basisutstillinga med verdshistoria om lyrikk i skrift og song gjennom 4000 år, og direktøren publiserte ein lengre artikkelserie om reformasjonen i Dag og Tid.
– I 2017 brukte vi mykje tid på å leggje det faglege grunnlaget for Vinje-senteret, og fram mot 200-årsjubileet for A.O. Vinje i 2018 prioriterte vi hans verk, seier Ottar Grepstad. «Vinje-bibliografien» om skrifter av og om A.O. Vinje blei utgitt, ei større samling av historisk litterært materiale blei kjøpt, og med det har Vinje-senteret no fleire originalbrev frå A.O. Vinje som tidlegare har vore på private hender.
Meir i vente
– Noko av det viktigaste vi gjorde i 2017, vil først vise att om fleire år, seier Grepstad. Saman med Sunnhordland Museum dokumenterte Nynorsk kultursentrum dei eineståande samlingane til forfattaren og kulturhistorikaren Einar Økland.
Etter drøfting i råd og styre utarbeidde Nynorsk kultursentrum notatet «Språk- og kulturpolitisk perspektivmelding» til regjeringa sitt arbeid med ny kulturmelding. Fleire store utgreiingar og publikasjonar er i arbeid. I 2018 skal Nynorsk kultursentrum for første gong arrangere tre festivalar på tre månader, følgje opp 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og feire sitt eige 25-årsjubileum,
– Vi er like sikre som før på at den beste ideen enno ikkje er tenkt, så vi skal prøve å overraske også i 2018, seier direktør Ottar Grepstad.
Nynorsk kultursentrum 2017
- Arrangement og utstillingar i 47 kommunar i åtte fylke: Aukra, Aurland, Balestrand, Bergen, Bokn, Bremanger, Bømlo, Drammen, Eid, Flora, Fræna, Førde, Gjøvik, Gran, Haram, Hareid, Herøy, Hole, Hornindal, Kvinnherad, Leikanger, Lenvik, Lillehammer, Luster, Lærdal, Molde, Nord-Aurdal, Oslo, Ringerike, Sel, Sogndal, Stord, Stryn, Sula, Sveio, Tysvær, Ullensvang, Ulstein, Ulvik, Vanylven, Vestre Toten, Vik, Vindafjord, Vinje, Volda, Ørsta, Årdal
- 27 080 gjester på arrangement og utstillingar, 496 131 unike nettstadbrukarar og 20 181 følgjarar i sosiale medium
- 24 stiftarar og partnarar, mellom dei fem fylkeskommunar, heile målrørsla og mange universitet og høgskular
- 20 fast tilsette, 38 deltidstilsette og 30 frivillige
- Eig og driv Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret, Vinje-senteret, Dei nynorske festspela, Ulvik poesifestival, Litteraturdagane i Vinje (frå 2018), nettleksikonet Allkunne og åtte andre nettstader
- Medeigar i Norsk Barneblad
- Forvaltar Vinje-fondet for nynorsk i pressa på oppdrag frå Kulturdepartementet
- Leier arbeidet i Nynorsk Forum, International network of language museums og forskingsprosjektet «Museum som minnepolitiske aktørar»