Heim Nyhende 2017 eit vendepunkt for Nynorsk kultursentrum

2017 eit vendepunkt for Nynorsk kultursentrum

– 2017 blei eit vendepunkt for oss fordi alle dei største prosjekta våre no kan realiserast.

 

– Stortinget og Vinje kommune gjorde vedtak som inneber at Vinje-senteret blir bygt, vi skaffa oss ei viktig samling av litteraturhistorisk materiale, og vi blei 20 fast tilsette, Nynorsk kultursentrum er ein kulturinstitusjon i vekst seier direktør Ottar Grepstad.

Talet på unike brukarar av digitale tenester frå Nynorsk kultursentrum auka med 39 prosent til 496 100, og institusjonen passerte 20 000 følgjarar i sosiale medium. – Allkunne runda 25 000 publiserte artiklar, og både på dei åtte nettstadene våre og i sosiale medium gav vi nynorskbrukarane mykje meir digitalt innhald på sitt eige språk, seier redaktør Per Magnus F. Sandsmark i Allkunne.

Besøket ved arrangement og utstillingar var derimot middels. Talet på gjester fall med 33 prosent frå rekordåret 2016 til 27 100 i 2017. Av dette stod Aasen-tunet for 20 000 og Hauge-senteret for nær 7000. – Vi er svært nøgde med at Hauge-senteret for første gong hadde over 4000 gjester på arrangement i Den kulturelle skulesekken, seier dagleg leiar Geir S. Netland i Hauge-senteret.

Barn og unge ein spesialitet

Barn og unge er vår spesialitet, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet. Kvart år utgjer barn og unge mellom 30 og 40 prosent av gjestene. Slik var det også i 2017.

Mykje nytt stoff for denne målgruppa blei publisert på nettstadene, den årlege utstillinga av barnekunst samla bidrag frå fleire hundre barn i fem kommunar, Fleire forfattarar skreiv nye barnesongar for Aasen-tunet, som samarbeidde med Norsk Folkemuseum om ei aktiviserande krimgåte under Dei nynorske festspela.

I 2017 hadde Nynorsk kultursentrum arrangement eller utstillingar i 47 kommunar i åtte fylke og har med det vore til stades i heile 175 kommunar over heile landet. – Er det noko som fortener eit utropsteikn, er det dette, seier direktør Ottar Grepstad. – Med ein slik aktivitet, avdelingar i tre fylke og samlingar frå heile landet er Nynorsk kultursentrum ein reelt nasjonal kulturinstitusjon.

Nytt innhald på og om nynorsk

– Vi skal vere til nytte for andre, vi skal vere pålitelege, og vi skal utvikle ny kunnskap, seier Ottar Grepstad.

I 2017 gjorde Nynorsk kultursentrum det både gjennom arrangement, utstillingar og publikasjonar. Aasen-tunet laga temautstillinga «Sannare enn røynda?» om fakta og fiksjon i skjønnlitteraturen, saman med universitet og høgskular arrangerte Hauge-senteret seminaret «Lyrikk, samfunn og krise», Hauge-senteret supplerte basisutstillinga med verdshistoria om lyrikk i skrift og song gjennom 4000 år, og direktøren publiserte ein lengre artikkelserie om reformasjonen i Dag og Tid.

– I 2017 brukte vi mykje tid på å leggje det faglege grunnlaget for Vinje-senteret, og fram mot 200-årsjubileet for A.O. Vinje i 2018 prioriterte vi hans verk, seier Ottar Grepstad. «Vinje-bibliografien» om skrifter av og om A.O. Vinje blei utgitt, ei større samling av historisk litterært materiale blei kjøpt, og med det har Vinje-senteret no fleire originalbrev frå A.O. Vinje som tidlegare har vore på private hender.

Meir i vente

– Noko av det viktigaste vi gjorde i 2017, vil først vise att om fleire år, seier Grepstad. Saman med Sunnhordland Museum dokumenterte Nynorsk kultursentrum dei eineståande samlingane til forfattaren og kulturhistorikaren Einar Økland.

Etter drøfting i råd og styre utarbeidde Nynorsk kultursentrum notatet «Språk- og kulturpolitisk perspektivmelding» til regjeringa sitt arbeid med ny kulturmelding. Fleire store utgreiingar og publikasjonar er i arbeid. I 2018 skal Nynorsk kultursentrum for første gong arrangere tre festivalar på tre månader, følgje opp 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og feire sitt eige 25-årsjubileum,

– Vi er like sikre som før på at den beste ideen enno ikkje er tenkt, så vi skal prøve å overraske også i 2018, seier direktør Ottar Grepstad.

Nynorsk kultursentrum 2017

  • Arrangement og utstillingar i 47 kommunar i åtte fylke: Aukra, Aurland, Balestrand, Bergen, Bokn, Bremanger, Bømlo, Drammen, Eid, Flora, Fræna, Førde, Gjøvik, Gran, Haram, Hareid, Herøy, Hole, Hornindal, Kvinnherad, Leikanger, Lenvik, Lillehammer, Luster, Lærdal, Molde, Nord-Aurdal, Oslo, Ringerike, Sel, Sogndal, Stord, Stryn, Sula, Sveio, Tysvær, Ullensvang, Ulstein, Ulvik, Vanylven, Vestre Toten, Vik, Vindafjord, Vinje, Volda, Ørsta, Årdal
  • 27 080 gjester på arrangement og utstillingar, 496 131 unike nettstadbrukarar og 20 181 følgjarar i sosiale medium
  • 24 stiftarar og partnarar, mellom dei fem fylkeskommunar, heile målrørsla og mange universitet og høgskular
  • 20 fast tilsette, 38 deltidstilsette og 30 frivillige
  • Eig og driv Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret, Vinje-senteret, Dei nynorske festspela, Ulvik poesifestival, Litteraturdagane i Vinje (frå 2018), nettleksikonet Allkunne og åtte andre nettstader
  • Medeigar i Norsk Barneblad
  • Forvaltar Vinje-fondet for nynorsk i pressa på oppdrag frå Kulturdepartementet
  • Leier arbeidet i Nynorsk Forum, International network of language museums og forskingsprosjektet «Museum som minnepolitiske aktørar»

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...