Heim Nyhende 35 millionar til offentlege friluftslivsområde

35 millionar til offentlege friluftslivsområde

Stortinget har løyvd 35 millionar kroner ekstra til tilrettelegging av statlege friluftslivsområde som del av regjeringas tiltakspakke for auka sysselsetjing.

Det totale beløpet til denne type tiltak er dermed 57 millionar kroner.

Aktuelle tiltak i friluftslivsområda vil vera å byggja toalett og bryggjer, opparbeide tur-, gang-, og sykkelstigar gjennom områda, laga parkeringsplassar i tilknyting til områda, gjera områda tilgjengelege for funksjonshemma og setja opp informasjonstavler.

På landsbasis er omkring 2.000 område sikra gjennom statleg eigarskap, og det er utarbeidd ei rekkje forvaltningsplanar med sikte på at viktige friluftsområde kan bli betre opparbeidde og meir tilgjengelege for folk flest.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) har fordelt tiltaksmidlane mellom fylka på grunnlag av innmelde behov. Dei innmelde behova kom opp i 150 millionar kroner. Størst tildeling går til Vestfold, Vest-Agder, Hordaland og Møre og Romsdal.

I tillegg har DN tildelt pengar til skjøtsel og tilrettelegging av tidlegare forsvarseigedommar.

Også Friluftsrådenes Landsforbund og dei interkommunale friluftsråda er styrkte med to millionar kroner, som del av tiltakspakka. Dette for hurtig å kunne gjennomføre tilretteleggingstiltaka.

Målet med tiltakspakka er at pengane skal auke sysselsetjinga og dempe verknaden av den internasjonale finansuroa på norsk økonomi. Ho skal i hovudsak gå til aktivitetar som kan bli gjennomførte våren og sommaren 2009. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...

Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon

I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman...

Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve...