Heim Nyhende Ap meiner ny språklov vil svekkje nynorsken

Ap meiner ny språklov vil svekkje nynorsken

Familie- og kulturkomiteen på Stortinget behandlar i desse dagar framlegget til ny språklov. Arbeidarpartiet meiner forslaget frå regjeringa er dårleg nytt for nynorsken.

– Nynorsken er i ein trua posisjon av mange grunnar. Forslaget frå regjeringa til ny språklov svekkjer moglegheita til å halde posisjonen til nynorsken i hevd framover. Vi ville helst sett at vilkåra for nynorsken blei styrkte gjennom språklova, men regjeringa gjer det motsette. Det vil ikkje vi gå med på, seier kulturpolitisk talsperson Anette Trettebergstuen i Arbeidarpartiet til Nynorsk pressekontor. Staten må stille krav

Trettebergstuen peikar på at staten også i framtida må kunne stille krav til bruk av nynorsk i offentleg forvalting.

– Eit viktig verktøy har vore at ein skal kunne skrive på både bokmål og nynorsk som statleg tilsett, med mindre det er ein spesiell grunn til å sleppe. Den ordninga foreslår regjeringa å svekkje. Det vil på sikt bidra til at nynorsken forvitrar, seier ho.

Ho er klar på at dette er noko Ap vil kjempe for å halde.

– I tillegg vil vi òg at fylkeskommunane og dei nye regionane skal settast under same krav, seier ho. Ønskjer sanksjonar

Eit anna punkt Trettebergstuen og Ap etterlyser i forslaget til språklov, er moglegheita til å sanksjonere dersom lova ikkje blir følgd.

– Det ligg ikkje føre noko forslag om at den nye lova vil bli følgd opp med sanksjonar om den blir broten. Det ber vi regjeringa komme tilbake med eit forslag på, seier Ap-politikaren.

Ap ønskjer òg å styrke klageretten til elevar som ikkje får eksamen på nynorsk.

– Folk skal ha klagerett om dei ikkje får nynorskrettane sine og det skal òg gjelde for organisasjonar. Til dømes skal Elevorganisasjonen kunne klage på vegner av elevar dersom dei ikkje får halde rettane sine til nynorsk eksamen, avsluttar Trettebergstuen. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...