Heim Nyhende App skal redde truga språk

App skal redde truga språk

Færre enn 200 menneske i verda snakkar språket iwaidja. Smarttelefon og lesebrett skal no vere med og halde det vesle språket i hevd.

Iwaidja er eit språk som er i bruk på øya Croker Island utanfor Northen Territory i Australia.  På skulen deira har dei åtte lesebrett, og der har dei no installert den splitter nye appen Ma! Iwaidja.

Appen har 1 500 oppslagsord, ein kan omsetje mellom engelsk og iwaidja og ein kan lytte til orda og lære seg rett uttale. Det finst også ei rekkje mykje brukte fraser som ein kan lære å seie og skrive. Med ein ordmakar kan ein leike seg med orda og lage eigne setningar og fraser.

– Urfolket i Australia er svært engasjerte brukarar av mobil teknologi, så ideen var å nytte seg av det, seier Bruce Birch, prosjektkoordinator for Minjilang Endangered Languages Publication til CNN.

Ma! Iwaidja er ein gratis app og er så langt lasta ned 350 gonger. Neste steg for appen blir å lage ein database som gjer at brukarar kan lage og dele eigne oppslagsord. Tanken er at ein også skal gjere denne delen meir munnleg, slik at brukaren kan spele inn ord i staden for å skrive.

Parallelt med dette jobbar Bruce Birch med tilsvarande appar for andre truga språk. Ei bok med fraser for språka Mawng og Kunwinjku skal vere klar neste år. I tillegg er ein tom app under utvikling, den skal brukarar kunne fylle sjølve med språkdata dei samlar sjølve, uansett språk. 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...