Heim Nyhende ÅRSMELDING FOR LNK (2003-2004)

ÅRSMELDING FOR LNK (2003-2004)

I INNLEIING
– Innleiing

II OPPFØLGING AV ARBEIDSPROGRAMMET

– Nynorsk for barn og unge
– Nynorskopplæring
– Nynorsk og data
– Språk, identitet, kultur og kommunal utvikling
– Medlemskontakt og informasjon
– Pris for offentleg målbruk

III FAKTA OM LNK
– Skipingsmøte og landsting
– Medlemstal
– Styret
– Økonomi
– Administrasjon
– Samarbeid

I INNLEIING

Nynorsk språk er under sterkt press for tida. Både frå statleg administrativt hald og frå politiske krinsar har det kome urovekkjande signal om lite kunnskap om og negative haldningar til norsk språk. Dette skjer samstundes som presset frå engelsk vert meir og meir tydeleg innafor område som forsking, eksportretta næringar og underhaldningsindustri.

Meldingsåra 2003 og 2004 har vore spennande og utfordrande for LNK. Me har vidareutvikla den prosjektorienterte arbeids- og organisasjonsforma som vart innført i år 2000. Denne måten å arbeida på har fungert bra, samstundes som han fører til lettare økonomistyring og ein meir fleksibel organisasjon.

Dei siste åra har medlemstalet i LNK vore stabilt med rundt 100 medlemer.
Det er framleis minst 25 kommunar og tre fylkeskommunar som ”burde vore” medlemer i LNK, men som ikkje er det. Den økonomiske stoda i Kommune-Noreg er dessverre slik at både nyrekruttering og det å halda på gamle medlemer etter kvart blir meir og meir utfordrande. Både rådmenn og politikarar leitar med lys og lykter etter budsjettpostar som ikkje er lovpålagde, for å sleppa å kutta meir enn høgst nødvendig i dei postane som er lovpålagde.

Tilskotet over statsbudsjettet har ikkje vorte auka i meldingsåra, trass i at styret ved fleire høve har dokumentert uløyste språkpolitiske oppgåver der staten bør kjenna eit medansvar.
Ut frå dette har styret arbeidd målretta for å gjera organisasjonen mindre avhengig av medlemskontingenten. Strategien har vore å skapa alliansar som kan arbeida saman med oss på dei ulike ansvarsområda våre. Me rettar ein stor takk til dei økonomiske samarbeidspartnarane våre som har gjort det mogleg å auka ambisjons- og aktivitetsnivået i LNK utan at det har ført til meirkostnader for medlemene våre.

Landssamanslutninga arbeider ut frå at språket er ein viktig del av identitets- og nasjonsbygginga i Noreg. Ideen er at dersom dei to målformene våre får høve til å utvikla seg side om side og på like vilkår, har me lagt grunnlaget for ein språkleg dynamikk som kan skapa kulturell vekst og sjølvkjensle i heile landet.

Eit alternativ syn er å rekna språk som eit reint praktisk kommunikasjonsmiddel – og mest berre det. Det kan sjå ut som om denne måten å tenkja på har vunne terreng dei siste åra.

Til toppen

II OPPFØLGING AV ARBEIDSPROGRAMMET

I arbeidsprogrammet heiter det at LNK skal arbeida for å få utvikla nynorsk bruksspråk innanfor alle sektorar. I handlingsprogrammet er arbeidet med nynorsk og IKT, nynorsk for barn og unge og det å visa samanhengar mellom språk, identitet, kultur og kommunal utvikling prioritert.

Til toppen

Nynorsk for barn og unge
LNK oppretta i 2001 stiftinga Pirion saman med Noregs Mållag. Stiftinga gjev ut bladet Pirion, ein fargeklatt av ei inspirasjonskjelde for tilsette i barnehagar, førskulelærarar og andre interesserte. Bladet kjem ut fire gonger i året. Hausten 2004 vart det semje mellom Fagforbundet og LNK om å prøva ut felles distribusjon av Pirion og Fagforbundet sitt fagblad til alle medlemer i forbundet sin oppvekstseksjon. Ordninga kjem truleg i gang i løpet av 2005 og fører til at Pirion får eit opplag på over 30 000. LNK har òg fått støtte frå Utdanningsforbundet til å utvikla Pirion vidare.
I meldingsåra har det elles vore ei rekkje Pirion-kurs rundt om i landet.

LNK er medstiftar i nettidsskriftet Magasinett og har i meldingsåra fått støtte frå Fagforbundet til å marknadsføra tilbodet for elevar og lærarar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. LNK har òg fått støtte frå Utdanningsforbundet for å utvikla tidsskriftet vidare. LNK samarbeider elles nært med Norsk Barneblad og Bokklubben Blåmann mellom anna gjennom annonsering i LNK-avisa.

Til toppen

Nynorskopplæring
Informasjon og tilbod om kurset ”På saklista – nynorsk språk- og dokumentlære” vert sendt til medlemene ein gong i året. Heftet er gjeve ut i samarbeid med Fagbokforlaget.
Informasjon og tilbod om kurset ”På saklista – nynorsk språkbruk i statsforvaltninga” vert sendt ut annakvart år. Heftet er gjeve ut i samarbeid med Det Norske Samlaget.
LNK har til no hatt ein stab av kurshaldarar rundt om i landet. Me har fått gode tilbakemeldingar på både hefte, kurs og kurshaldarar, men altfor få gjer seg nytte av kursa. Det fører til at det vert vanskeleg å halda oppe motivasjonen og kontinuiteten hos kurshaldarane.
Styret ønskjer å bruka dei komande åra til å prøva ut ein ny modell, der kommune- og statstilsette får tilbod om ”På saklista”-kursa gjennom eit formalisert samarbeid med høgskulesystemet, både når det gjeld marknadsføring, og på kurshaldarsida. I 2005 er det meininga å gje ut ein ny og oppdatert versjon av ”kommune”-heftet.

Om lag 40 av medlemskommunane våre har no arbeidd fram/vedteke målbruksplanar. Dei fleste byggjer på malen som LNK sender ut, men oftast med lokale justeringar og tillegg. LNK oppmodar kvart år kommunane om at målbruksplanen, eller konklusjonane i målbruksplanen, vert arbeidde inn i kommuneplanen.

LNK har elles eit godt samarbeid med Kommuneforlaget om utarbeiding av nytt materiell for folkevaldopplæring på nynorsk.

Wigestrand Forlag i Stavanger gav hausten 2004 ut boka ”Norske landskap” i nært samarbeid med LNK.

Til toppen

Nynorsk og data
Nynorsk og data har vore eit hovudsatsings-område for LNK sidan år 2000. Etter kvart ser me resultata av dette. I november 2003 lanserte Microsoft Norge ein nynorskversjon av kontorstøttepakken Office og er no i gang med å omsetja sjølve operativsystemet Windows. Officepakken vart omsett til nynorsk av Nynodata i Bø. Det vert viktig frametter å følgja opp Microsoft Norge slik at norske kommunar blir gjorde kjende med at desse programma faktisk finst på nynorsk.

Gjennom ein samarbeidsavtale med Fagforbundet har LNK fått høve til å løyva midlar til omsetjing av programvarepakken ”Open Office”. Desse programma er baserte på open kjeldekode og er utvikla både for Linux og for Windows-miljø. Kommunane kan bruka desse programma gratis, og me ser at stadig fleire kommunar, særleg innafor skulesektoren, gjer seg nytte av denne løysinga.

I oktober 2004 arrangerte LNK konferansen ”Breiband i Distrikts-Noreg”, saman med Teleavisen. Konferansen samla om lag 250 deltakarar og er den største tilskipinga LNK har hatt til no. Allmenngjering av breibandteknologi i det offentlege og hos private vil truleg føra til at me kjem til å organisera arbeid og fritid på heilt andre måtar enn i dag. Datamaskinen og storskjermen vert den samlande underhaldnings- og kommunikasjonssentralen i heimen, og eit nytt og viktig språkdomene kjem til å veksa fram – eit domene der nynorsk og bokmål kjem til å vera under svært sterkt press frå verdsspråket engelsk.

På arbeidsområdet nynorsk og data står det mange utfordringar att:
Det har vore vanskeleg å få gjennomslag for å få utvikla ein seriøs kvalitetssikra nettbasert kunnskapsbase på nynorsk – eit nynorsk leksikon på Internett. I meldingsåra hadde LNK mellom anna møte med kommunalkomiteen på Stortinget (saman med Det Norske Samlaget) og kulturstatsråden om denne saka. LNK arbeider saman med Nynorsk Kultursentrum og Det Norske Samlaget for å realisera leksikonet, og styret ønskjer å leggja stor vekt på dette prosjektet i tida som kjem.

Me har enno ikkje fått gjennomslag for eit krav om at det må koma inn språklege føringar i forskriftene til ”Lov om offentlige anskaffelser”.

Til toppen

Språk, identitet, kultur og kommunal utvikling
I handlingsprogrammet står det at LNK skal synleggjera samanhengane mellom språk, kultur og identitet og lokal næringsutvikling.

Styret har følgt opp dette ved å gjera kulturbasert næringsutvikling til hovudtema for landstingkonferansen 2005 og ved å knyta neste landsting saman med Vågåseminaret i august 2007.

Vidare har styret valt å sjå samanhengar mellom språk, identitet og utvikling ved å knyta LNK opp mot den regionaliseringsdebatten som no går for fullt. Kommunestruktur, regionalisering, identitet og språk var hovudtema for konferansedelen av landstinget i 2003 og for ”Jupiter-konferansen” som LNK skipa til i mai 2004, saman med Kommunalbanken.

Styret har i meldingsåra dessutan arbeidd med nye verkeområde for mållova og for kva konsekvensar utforminga av den norske språkpolitikken fører med seg. Dette har mellom anna ført fram til LNK-konferansen ”Kven styrer språket” i mars 2005.

I meldingsåra har LNK kome med høyringsfråsegn til framlegget til ny biblioteklov, til Kvalitetsutvalet sitt arbeid, til kulturmeldinga og til bokbransjeavtalen.
Organisasjonen har òg engasjert seg i diskusjonen rundt endring av portotakstar for aviser og for meir og betre nynorsk undervisningsmateriell for framandspråklege.

Hausten 2004 la styret fram ein ny rapport om LNK i Europa. Rapporten dokumenterer andre språkorganisasjonar som arbeider med tilsvarande problemstillingar som LNK i sine respektive land.

Medlemskontakt og informasjon
Den første utgåva av LNK-avisa kom i mars 2002 og er no inne i fjerde årgangen. Avisa er nok framleis den viktigaste kontaktkanalen mellom LNK og medlemene, sjølv om nettstaden LNK-nytt.no vert besøkt meir og meir. Avisa kjem ut seks gonger i året og vert send direkte til alle kommunestyrerepresentantar og etatsleiarar i kommunen. I tillegg vert bladet sendt til alle skular, barnehagar og bibliotek i ”våre” område, til forskingsinstitusjonar, aviser og tidsskrift og til alle stortingsrepresentantar.
Nettstaden www.LNK-nytt.no vert oppdatert kvar dag (ikkje i juli). Nettstaden har i dag om lag x treff kvar månad.

Det vert rutinemessig sendt ut pressemeldingar om tilskipingar, prinsipielle fråsegner og aktuelle saker som organisasjonen arbeider med. Desse opplysningane vert òg lagde ut på www.LNK-nytt.no

Til toppen

Pris for offentleg målbruk
Styret i LNK deler ut ein pris for god offentleg målbruk. Prisen kan gå til ei offentleg verksemd som har arbeidd for å fremja nynorsk språk, men kan òg gjevast til einskildpersonar som er markerte nynorskbrukarar i det offentlege rommet. Den første prisen vart delt ut i 1993. Prisen skal markera det positive haldningsskapande arbeidet som LNK ønskjer å driva. Prisvinnarar til no er:

* Ullensvang herad
* Vågå reiselivslag
* Fylkesmannen i Rogaland
* Fjell kommune
* Sogn og Fjordane Idrettskrins
* Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM)
* Arne Brimi
* Lotteritilsynet

Til toppen

III FAKTA OM LNK

Skipingsmøte 1993
Landssamanslutninga av nynorskkommunar vart skipa på Bryne i 1993.

Landstinget 1995
Landstinget 1995 vart halde i Ullensvang herad 7. til 9. juni 1995. 42 medlemer var representerte. I alt var det 95 personar til stades.

Landstinget 1997
Landstinget 1997 vart halde i Ål 26.–28. mai 1997 og samla i alt 89 deltakarar. 49 medlemer var representerte.

Landstinget 1999
Landstinget 1999 vart halde i Førde 1. og 2. juni 1999. 84 deltakarar var til stades, og 44 medlemer var representerte.

Landstinget 2001
Landstinget 2001 vart halde på Bryne 7. og 8. juni 2001. 81 deltakarar var til stades, og 37 medlemer var representerte.

Landstinget 2003
Landstinget 2003 vart halde i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda 24. og 25. april. 101 deltakarar var til stades, og 41 medlemer var representerte.

Til toppen

Medlemstal
Per 1. februar 2005 hadde LNK 102 medlemer. Av desse er det:
– 92 kommunar
– 3 fylkeskommunar
– 7 interkommunale tiltak

Sidan sist landsting har tre kommunar meldt seg ut av landssamanslutninga, medan to har meldt seg inn. Kommunane grunngjev utmeldingane med skral kommuneøkonomi. Ved fleire høve har rådmannen administrativt meldt kommunen ut av LNK, medan kommunestyra etterpå har gjort politiske vedtak om å halda på medlemskapen.

I 2003 peika ein av medlemene på at regionråda i praksis har betalt dobbel kontingent – sidan både rådet og medlemene i rådet vart fakturerte. I 2004 endra derfor styret rutinane, slik at alle regionråd der ein eller fleire av medlemene er med i LNK, no får tilbod om gratis medlemskap i organisasjonen. Tilbodet gjeld om lag 20 regionråd, men berre fire av desse takka ja før 1. februar og er med i statistikken. Styreleiar og dagleg leiar har i meldingsåra vore på to rekrutteringsturar der dei presenterte LNK for 16 kommunar.

Medlemstalet viser ein svak nedgang av betalande medlemer. Rundt kvart årsskifte – når kommunane arbeider med budsjetta sine – får me fleire utmeldingar. Dei fleste av desse kjem ”på plass att” – når ein ser at utmeldinga ikkje fører til kortsiktige økonomiske innsparingar. Etter vedtektene i LNK får ei utmelding verknad først to fulle kalenderår etter at slik melding er komen inn til styret.

Til toppen

Styret
Styret har vore samansett slik:
– Leiar Jan Magne Dahle, Ørsta kommune/Møre og Romsdal fylke
– Nestleiar Astrid Myran Aarvik, Årdal kommune/Lærdal kommune
– Styremedlem Rune Øygard, Vågå kommune
– Styremedlem Øystein Strømme Rasmussen, Odda kommune
– Styremedlem Gunnar Siqveland, Hå kommune
– 1. vara Gunn Berit Gjerde, Hareid kommune
– 2. vara Velaug Veum, Sogn og Fjordane fylkeskommune
– 3. vara Oddvar Haugland, Vindafjord kommune

Styret har i perioden hatt sju møte og behandla 106 saker.
Styrehonorar er utbetalt med: kr 10 000 per år for styreleiar og kr 1 000 per møte for styremedlemer.

Til toppen

Økonomi
Rekneskapstala for 2003 og 2004 syner eit overskot på til saman kr 64 313. I 2003 vart det eit overskot på kr 21.313, medan rekneskapen for 2004 syner eit overskot på kr 39.036.
Dette har ført til at målet om ein eigenkapital på kr 200.000 no er nådd. Sidan omsetnaden i organisasjonen har auka monaleg dei siste åra, har styret vurdert det som naturleg å auka kravet til eigenkapital til kr 300.000, slik det går fram av handlingsprogrammet.
Statstilskotet har lege fast i perioden, med berre mindre justeringar.

Tilskot frå ulike økonomiske samarbeidspartnarar har auka monaleg i perioden og har i dag ein bruttoverdi på om lag 680.000 kvart år. Alle samarbeidsavtalar vart reforhandla i 2004 og gjeld ut 2006.
Økonomien til landssamanslutninga er tilfredsstillande, og likviditeten er bra. Driftsmodellen som styret har valt, gjer det lett å ha god kontroll med driftsutgiftene i organisasjonen.

Til toppen

Administrasjon
LNK held til i Pilestredet 8 i Oslo. Lokala leiger me hos Dag og Tid, som me òg har eit nært kontorteknisk samarbeid med. Me har elles eit godt kontorteknisk samarbeid med Nynorsk Pressekontor, som har kontor i same høgda.

Vidar Høviskeland har vore dagleg leiar i LNK sidan 1. januar 1998. Høviskeland arbeider delar av tida frå kontoret sitt på Tysnes. Styret har ved fleire høve evaluert denne ordninga og konkludert med at ho har fungert bra. Høviskeland er frikjøpt tilsvarande om lag 10 % stilling i samband med politiske verv i heimkommunen.

Berre dagleg leiar er fast tilsett i LNK, medan storparten av dei nye tiltaka, ekstraordinære arbeidsoppgåver og drifta elles er prosjektorganisert. Styret vurderer heile tida om dette er den beste organisasjonsforma, og har fram til no konkludert med at modellen skal førast vidare.

I meldingsåra har Berit Krogh, Elna Rivedal, Åsne Oftedal Holte, Gerhard Stoltz, Aud Marit Hauge, Einar Schibevaag, Jan Olav Fretland, Atle Faye og Nils-Erik Girard Lomheim vore med som prosjektmedarbeidarar.

Varden revisjonskontor har vore revisor.

Til toppen

Samarbeid
Styret har prioritert samarbeidet med dei nærskylde organisasjonane gjennom deltaking i samarbeidsorganet Nynorsk Forum.

LNK er medstiftar i Nynorsk Kultursentrum, og ønskjer å ha eit nært samarbeid med Ivar Aasen-tunet. Jan Magne Dahle er LNK sin medlem i rådet i Nynorsk Kultursentrum, medan Vidar Høviskeland er varamedlem.

Einar Schibevaag har representert LNK i styret for stiftinga Pirion, medan Vidar Høviskeland sit i styret for stiftinga Magasinett. Det vert for tida arbeidd med å gjera styra i desse to stiftingane personidentiske.

LNK har vore til stades på landsmøta til Noregs Mållag og Landslaget for lokalaviser (LLA).

LNK har ein aksje i Norsk Plan – selskapet me kjøper ein stor del av informasjonstenestene våre frå.

LNK har avtale med Dag og Tid om rabatt på lysingar. Me har vidare avtale med Hotell Bondeheimen i Oslo og Hordaheimen i Bergen om rabatt på overnattingar.

Det ligg elles føre ein samarbeidsavtale mellom LNK og Norsk Plan AS som definerer driftsmodellane for LNK-avisa og www.LNK-nytt.no

I 2004 fekk LNK utvikla eit fordelskort som er distribuert ut til alle medlemer. Kortet gjev rett til rimelege overnattingar på Best Western Hotell Bondeheimen i Oslo og Best Western Hotell Hordaheimen i Bergen. Dessutan gjev kortet rabatt på reiser med Fjord Line. Det er meininga at desse korta skal utviklast vidare, og det vil bli sendt ut ny utgåve av kortet i 2005.

Arbeidet med å skaffa nye strategiske samarbeidspartnarar har vore prioritert i meldingsåra. LNK har per i dag langsiktige økonomiske samarbeidsavtalar med KLP-Forsikring, Kommunalbanken, Fagforbundet, Best Western Hotell Bondeheimen, Bladet Sunnhordland og med Fjord Line AS. Til saman har desse avtalane ein bruttoverdi per år på rundt kr 680.000, men sidan ein del av dette er knytt til rabattar på overnatting og reiser/konferansar, vert ikkje heile verdien dokumentert i rekneskapen.

Til toppen

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...