Heim Nyhende Avslører formelen bak sunnmørsk suksess

Avslører formelen bak sunnmørsk suksess

Det starta med tørrfisk og enda opp med digre båtar, tripp-trapp-stolar og Grandiosa. Næringslivshistoria på Sunnmøre er endeleg samla mellom to permar.

– Det mangla ei samla historie om næringsutviklinga på Sunnmøre, seier forfattar Eldar Øyehaug Høidal. Men no har han, Sunnmøre museum og Selja forlag gjort noko med det.

Boka «Gull av gråstein. Næringsliv på Sunnmøre gjennom 250 år» er eit resultat av at forfattaren var nyfiken. Til dagleg arbeider Eldar Høidal nemleg som historikar og regionkonservator ved Sunnmøre museum. Gjennom bokarbeidet har han fått høve til å oppdage nye samanhengar, og det viser seg at myten om sunnmøringen kanskje ikkje er heilt grunnlaus.

– Særpreget med den sunnmørske tilnærminga er å gjere ting rasjonelt, raskt og rimeleg, seier Høidal.

LES OGSÅ: – Dei bygde Sunnmøre

Telefonpionerar
Visste du til dømes at den aller første telefonlinja i Noreg kom i Ålesund? Eit par sunnmøringar møtte nemleg telefon-oppfinnaren Alexander Graham Bell på ei verdsutstilling i USA. Dei tok med seg den flunkande nye teknologien tilbake til Ålesund, og sørgde for at byen kunne skilte med Noregs første telefonsamtale allereie i 1876, same år som telefonen blei funnen opp. Historia er skildrande for den sunnmørske handlemåten, meiner Eldar Høidal.

– Det er typisk for sunnmøringar at dei ikkje er den første med å finne opp noko, men at dei er veldig flinke til å industrialisere og rasjonalisere ny teknologi, seier han og kjem med endå eit døme:

– Det var ikkje slik at sunnmøringen fann opp korgstolen, men han såg at det var noko han kunne starte opp med i sin eigen kjellar utan dei store investeringane. Han brukte ufaglært, men dyktig arbeidskraft og eksperimenterte seg fram til nye måtar å lage stolar på, fortel han.

Noko av grunnen til at dette var mogleg, er at det i sunnmørsbygdene ikkje var sterke fagtradisjonar og handverkarar som hegna om desse, slik som i byane. Ein stod dermed friare til å gjere det på sin eigen måte. Dette gjaldt både i møbelbransjen og i skipsindustrien.

LES OGSÅ: Gründer på fottur

Tette band mellom by og land
At Ålesund først fekk bystatus så seint som i 1848, kan ha vore med på legge til rette for eit blomstrande næringsliv i dei omliggjande bygdene. Jamne sosiale forhold har spelt ei viktig rolle, trur Høidal.

– Det var ingen gamle, etablerte rikmannsslekter som dominerte området, og det blei dermed ei anna jamvekt og tettare band mellom folk i bygd og by, forklarer han.

Høidal viser til at gamle byar som Bergen og Trondheim har fungert som ein moderniseringsbrems for omlandet, fordi dei la ein dempar på behovet for å skape nye arbeidsplassar i bygdene rundt.

LES OGSÅ: Her er verdas grønaste økonomi

 

Nedgangstider i verftsindustrien førte til nytenking hos Ulstein – noko som resulterte i skrogforma X-Bow. I dag har verftet levert opp mot hundre slike båtar. FOTO: Ulstein / Gull av gråstein

Ikkje berre pengar
Myten om sunnmøringen handlar ofte om ein flittig, nøysam, kreativ og praktisk person – med god forretningssans. Men det er ikkje berre pengar som er viktig. Myten om sunnmøringen handlar også om at han er gudfryktig, lesande – og gjerne syng lokalpatriotiske songar i kor, meiner Høidal.

– Sunnmøringane har alltid hatt ei stor kulturell drivkraft, seier historikaren, og viser til at Bjørkedalen var tidleg ute med ein sterk skriftkultur, som seinare utvikla seg til bok- og skulekultur i Volda.

– Det er kanskje ikkje tilfeldig at Ivar Aasen kom frå Sunnmøre. Han vaks opp med eit godt fotfeste i ein sterk åndskultur, peikar Høidal på.

Test deg sjølv – kva veit du om Ivar Aasen?

Manglar draget på damene
Eldar Høidal vender naturleg nok blikket bakover i boka om næringslivshistoria. Kva som derimot ventar sunnmøringane i framtida, vil han ikkje spå. Enkelte utfordringar ser han likevel, som at tradisjonsrike verksemder kjem på utanlandske hender.

Ei anna utfordring har snike seg fram i folketalsstatistikken dei siste åra. Det viser seg nemleg at Sunnmøre lir av kvinneunderskot. Ei av forklaringane er at næringslivet i regionen tradisjonelt sett har vore mannsdominert. Eldar Høidal trur likevel at kvinnene meir og meir er på veg inn i det sunnmørske næringslivet.

– Sjølv om mennene dominerer på golvet, blir kvinner i stadig større grad henta inn til dømes i personal- og marknadsavdelingar, særleg i dei store bedriftene. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...