Heim Nyhende Heidra for ordkunst på kunstfeltet

Heidra for ordkunst på kunstfeltet

Kunsthistorikar og skribent Jorunn Veiteberg har gått sine eigne vegar i kunstverda, både fagleg og språkleg. Under Dei nynorske festspela fekk ho prisen «Årets nynorskbrukar».

 

Det skjedde under opningshøgtida for Dei nynorske festspela 25. juni. Veiteberg får prisen frå Nynorsk kultursentrum for «sin ufråvikelege vilje til å gjere nynorsk til eit elegant og velforma bruksspråk på alle delar av kunstfeltet», både i Noreg og andre land.

– Den store gleda ved å få ein pris er at ein blir sett – at det ein gjer betyr noko for fleire enn ein sjølv, seier Jorunn Veiteberg, som opphavleg kjem frå Stord.

LES OGSÅ: – Årets nynorskbrukar er Kaizers på kunstfeltet

Kunst i opposisjon
Veiteberg er dr. philos i kunsthistorie, livnærer seg som skribent i København og har ei deltidsstilling som gjesteprofessor ved Högskolan för design och konsthantverk i Göteborg.

Interessefeltet hennar krinsar rundt kunsthandverk – smykkekunst, keramikk, tre og tekstilar, men også reklame, plateomslag, fotografi og video er media som har oppteke henne. Doktoravhandlinga handla om norske plakatar i historisk perspektiv. Med andre ord er det område utover den «fine, borgarlege» kunsten Veiteberg har vore oppteken av.

– Eg trur det å høyre til ein språkkultur som ikkje er den dominerande nasjonalt har vore med å vekkje interessa mi for kunstformer som er i ein slags opposisjon til hovudkulturen, seier Veiteberg.

Ein del av identiteten
Ho var kanskje «litt eksotisk» då ho på 70-talet tok til på kunsthistoriestudiet med nynorsk som skriftspråk. Eksamenssvara hennar fekk aldri vere anonyme. Likevel, det å bruke nynorsk har aldri vore spørsmål om eit val.

– Eg trur det har med foreldra mine og bakgrunnen min å gjere. Eg har vakse opp i ein heim der nynorsk litteratur og språk var knytt til heile verdisettet til foreldra mine. Eg kjem frå ei nynorskkommune, og gjekk på nynorskskule til og med gymnaset. Det blir ein del av identiteten. Det å skifte språk ville ha kjentest som å ta avstand frå mitt eige miljø, og det har eg aldri hatt behov for, seier Veiteberg.

I karrieren har ho berre éin gong opplevd å måtte bruke bokmål på ein arbeidsplass. I andre samanhengar har det falle seg naturleg å bruke bokmål, sjølv om nynorsk har vore hovudregelen.

– Eg vil seie det å bruke nynorsk har gitt meg like mange oppdrag som det ikkje har gitt meg, seier ho.

LES OGSÅ: – Nynorsk er språket mitt

Kritiserer ekskluderande språk
Det internasjonale kunstspråket er spekka med frasar og vanskelege omgrep. Mange galleri er meir interessert i å gjere kunsten attraktiv for ein eksklusiv elite av samlarar, og då er eit lett forståeleg språk ikkje nødvendigvis det viktigaste.

– Mange galleri har ikkje det folkelege oppdraget knytt til formidling. Språket er ein måte å ekskludere på, seier Veiteberg.

Sjølv ser ho det som ei oppgåve å skrive om kunst på ein måte som gjer han tilgjengeleg for fleire.

– Har det nokre fordelar å vere nynorskbrukar i kunstverda?

– Nei, fordelen er meir av personleg art. Først og fremst har det gjort meg bevisst på forskjellen mellom skrift og tale. Vil du skrive godt må du arbeide med stilen og korleis du formulerer deg. 

Ho må tenkje og tyggje på stoffet, gjere det til sitt eige.

– Som nynorskbrukar er det lettare å ikkje berre klippe og lime, seier ho.

Kvinner i kunsten
For tida arbeider ho med ein monografi om Nora Gulbrandsen, Noregs første kvinnelege industridesignar. Kvinner i kunsten er eit tema som har oppteke Veiteberg heilt frå studietida. Ho har tidlegare skrive om målaren Catharine Kølle og bilethoggaren Ambrosia Tønnesen.

– Eg synest det er fint å avslutte det som ein trilogi, seier Veiteberg.

Ho har vunne fleire prisar for arbeidet sitt, mellom anna Hedersprisen frå Norsk Form. Ho tok sjølv mot prisen «Årets nynorskbrukar» i Ørsta under Festspela.

– Eg har hatt lyst til å reise til Dei nynorske festspela i årevis, men dei er alltid samtidig som der er avslutningsfest på skulen som mannen min og eg bur på. Men i år kan eg melde avbod med god grunn, seier prisvinnaren.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ny lærebok vil vise at nynorskopplæring er moderne

Lærarstudentar og norsklærarar som strevar med nynorsk får gjennom ei ny bok høve til å styrkje nynorskkompetansen sin. – Boka er sett saman av ulike...

Vel nynorsk for barnet ditt!

Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje...

Det nynorske næringslivet foreinar kreftene

Den nye medlemsorganisasjonen Nynorsk bedriftsforum skal vere eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter. Målet er å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik...

Unikt Aasen-materiale publisert på nett

Boksamlinga etter Ivar Aasen inneheld omlag 2 500 bøker. I januar i år tok Nynorsk kultursentrum til på arbeidet med å gå gjennom alle...