Heim Nyhende Bokmålskrav gav mindre skuleklassar

Bokmålskrav gav mindre skuleklassar

 

I nynorskkommunen Sula på Sunnmøre har ei gruppe foreldre no kravd å få eigen bokmålsklasse for barna sine for å få ned elevtalet i kvar klasse.

Bokmål for førsteklassingar er noko heilt nytt på dei kantar. Men dei to førsteklassane ved den nybygde Langevåg skule på Sula sør for Ålesund hadde elles vorte på 28 elevar kvar til hausten. No blir det i staden tre førsteklassar, éin av dei ein bokmålsklasse på 14 elevar, skriv Sunnmørsposten.

Etter opplæringslova er det grunnlag for å opprette ein eigen parallellklasse viss minst ti foreldre krev at barna deira skal få opplæring på ei anna målform enn den som elles er opplæringsmålet ved skulen.

Leiaren i Sunnmøre Mållag, Terje Kjøde, seier til avisa at han meiner bokmålsklassen i nynorskland handlar meir om storpolitikk enn språkpolitikk.

– Daverande undervisningsminister Kristin Clemet (H) fjerna i 2003 makstalet for elevar i ein klasse og erstatta det med ei rund verbal formulering. Dette har det ikkje vorte god politikk av i praksis, seier den pensjonerte rektoren frå Ørsta.

Kjøde synest likevel det er freistande å tenkje seg Sula-grepet nytta med motsett forteikn i meir bynære strøk.

– Tja, kvifor ikkje gå motsett veg og krevje nynorskgrupper i fleire av randsonene til Ålesund, til dømes i Spjelkavik? Det hadde ikkje vore så heilt unaturleg, meiner Kjøde. (©NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...