Heim Nyhende – Bruk oss meir

– Bruk oss meir

Politikarane kan få meir ut av nynorskorganisasjonane enn dei gjer i dag. – Vi kan hjelpe med så vel lov- og regelverk som med enkeltsaker, seier Vidar Høviskeland i LNK.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har god kontakt med folkevalde på nasjonalt, fylkes- og lokalnivå. Som oftast blir dei rådspurde om saker som gjeld kultur og skule, men det kjem òg spørsmål som gjeld kommunepolitikk på andre område.

LNK er ein av fleire organisasjonar som har nynorsk som eit satsings- og interesseområde. Ei rundspørjing hjå organisasjonane viser at mange allereie har ein viss kontakt med politikarar på lokalt så vel som statleg nivå. Men her er stort rom for forbetringar.

Språk og kultur
Nasjonalt Garborgsenter og Haugesenteret opplever ikkje noko stort press frå folkevalde som ønskjer råd og informasjon, men båe organisasjonane meiner at dei har kompetanse som kan kome politikarar til gode. Det kan dreie seg om å knyte den nynorske kulturen opp mot den yngre generasjonen eller noko så konkret som språkleg rettleiing.

Det Norske Samlaget har ein viss kontakt med sentrale politikarar. No er ikkje Samlaget først og fremst ein nynorsk interesseorganisasjon, men sjefsredaktør Tove Lie seier at dei blir rådspurde både om bokbransjen og om språkpolitikk. Ho meiner politikarane bør kjenne til nynorskrørsla, men at organisasjonane sjølve også må synleggjere at dei er ein viktig ressurs.

Ikkje peikefinger
Ho får langt på veg følgje av Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Mållaget opplever at det hovudsakleg er politikarar på nasjonalt nivå som vender seg til dei. Som oftast handlar det om å få fakta om vilkåra for nynorsken i forvaltninga, i skuleverket og liknande. Øvregård er oppteken av at det finst kunnskap i nynorskrørsla som dei folkevalde treng.

– Men det viktigaste er å kome med innspel til folkevalde som gjev dei løysinga på politiske utfordringar, i staden for å berre peike på kva som er gale, seier mållagsleiaren.

 

Førre artikkelFornøgd, men ikkje mett
Neste artikkelNynorsk – yeah!

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...