Heim Nyhende BT-journalist får nynorskpris

BT-journalist får nynorskpris

Njord V. Svendsen, som skriv for Bergens Tidende, får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2011.

Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media og ære ein dyktig journalist som eit godt føredøme for andre. Prisen går til ein journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsk innpass på nye område.

Her er noko av det juryen seier om prisvinnaren i 2011:

”Njord V. Svendsen har dei siste åra markert seg som ein av dei ypparste feature-, reportasje- og portrettjournalistane i Noreg uavhengig av målform. Det er difor ekstra gledeleg at han skriv på nynorsk.

Han er ein kresen stilist, og tekstane er gjennomgåande av høg litterær kvalitet: Han har utvikla ei eiga røyst som lesarar av Bergens Tidende no straks vil kjenne att. Dei er virtuose, men aldri prangande eller pompøse. Dei er jordnære, men til same tid undrande og spørjande.

Svendsen er særskilt god til å hente fram dei små augeblikka, slike som ofte elles går tapt i eit ofte hektisk mediebilete, men som gjerne fyller liva våre. Tekstane står seg over tid. Dei er ofte aktualitetsorienterte, men tapar seg heller ikkje, og det ligg ei fin spenning i nett dét”.

NRK-journalist Gro Molvær leia juryen og hadde elles med seg sjefredaktør Tom Hetland i Stavanger Aftenblad og forfattar Olaug Nilssen.

Det var 23 framlegg om 20 namn på lista over kandidatar til Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2011. Juryen hadde møte i Bergen 6. mai og var samrøystes i valet av tidlegare BT-journalist Njord V. Svendsen som vinnar. 
Tidlegare vinnarar av denne prisen er Linda Eide, NRK, Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen (no Klassekampen), Odd Reidar Solem, TV 2, Ronny Brede Aase, NRK og Astrid Brekken, NRK.

Prisvinnar Svendsen slutta i BT etter rundt seks år som frilansar ei veke før juryen bestemte at dei ville gi han prisen. Årsaka var at han ikkje fekk tilbod om fast jobb. Valet av Svendsen som prisvinnar bles dermed nytt liv i debatten om mellombels tilsette i media.

Les heile grunngjevinga frå juryen her.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Strategi for Nynorskkommunane (LNK) 2025-2029

Landstinget vedtok ny strategi for Landssamanslutninga av nynorskkommunar – LNK. Strategien bygger på prinsipprogrammet til LNK: • LNK skal leggja til rette for at medlemene kan vera...

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...