Heim Nyhende BT-journalistar urolege for Riks-språket

BT-journalistar urolege for Riks-språket

Redaksjonsklubben i Bergens Tidende (BT) fryktar for det språklege mangfaldet i avisa på grunn av byråsamarbeidet med Aftenposten, Fædrelandsvennen, Stavanger Aftenblad og Adresseavisen.

 

Bakgrunnen er det nystarta byrået Riks AS, som skal levere såkalla nyttejournalistikk til dei fem Schibsted-avisene. BT-journalistane krev no at journalistane i det sentrale byrået får den same språkfridommen dei har i avisa, det vil seie at dei valfritt må få skrive på nynorsk eller bokmål.

– Noko anna vil endre Bergens Tidenes identitet som vestlandsavis og Vestlandets mediehus på ein uakseptabel måte, skriv klubben i ei samrøystes fråsegn til BT-redaktør Gard Steiro.

Les også kommentaren: Lukta av nynorsk 

Skepsis
Klubbleiarane i dei fem avisene var i utgangspunktet skeptiske til storsatsinga på felles featurestoff og frykta det kom til å redusere det journalistiske mangfaldet.

– Men no viser det seg at det ikkje berre blir mindre journalistisk mangfald, men også mindre språkleg mangfald, seier klubbleiaren i BT, Arild Berg Karlsen, til fagbladet Journalisten. For i Riks har BT-journalistane no fått vite at bokmål skal vere einaste målforma.

– Vår journalist på reiseliv har skrive både bokmål og nynorsk. Til dømes er nynorsk brukt når reiselivsreportasjane har vore frå nynorskområde i Noreg, seier han.


– Viktig, men komplisert
Redaktør Gard Steiro seier til Journalisten at nynorsk er viktig for avisa.

– For BT er det svært viktig at vi tar vare på begge målformene. Prinsippet er at journalistane her vel sjølve kva form dei vil bruke. Det har vi lang tradisjon for. Det har gjort BT til ei betre avis, seier Steiro.

Redaktøren peikar elles på at det kan vere komplisert å få plass til nynorsken i fellesstoffet når somme av avisene i samarbeidet har som prinsipp at dei ikkje skal ha nynorsk, det vil seie Aftenposten. (NPK)

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...