Heim Nyhende Byter ut bokmål med nynorsk

Byter ut bokmål med nynorsk

Etter ti år med bokmål som opplæringsspråk for innvandrarar byter Voss no til nynorsk. Også andre kommunar kjem etter.

 

 

Det skriv avisa Hordaland torsdag. Kommunalsjef Else Berit Kyte fortel til avisa at det var mangel på læremiddel på nynorsk som gjorde at ein starta å bruke bokmål for ti år sidan. Ei betring i denne situasjonen er noko av bakgrunnen for at dei no skal bruke nynorsk igjen.

– For det fyrste er dei nynorske læremidla blitt mykje betre. Dessutan opplever me òg eit sterkt ynskje frå brukargruppene om nynorsk opplæring. Ikkje minst frå foreldre med skuleborn. Dei opplever at det er vanskeleg å hjelpe borna, som lære nynorsk på skulen, når språket er ulikt det dei sjølv har lært.

LES OGSÅ: Nynorsk for vaksne innvandrarar

Rektor ved Voss vaksenopplæringsenter fortel at den første nynorskgruppa skal starte rundt 10.mars 2016. Ho saknar dog betre læringsmatriell på nynorsk, eit materiell ho ikkje meiner er fullgodt i dag.

– Medan opplæringlova gjer det lovpålagt å ha undervisningsmateriell klart samstundes på nynorsk og bokmål, er det ikkje noko tilsvarande krav for vaksenopplæringa. Me frykter difor at det kan bli ein del ekstraarbeid med å leggje til rette opplæringa. Men me har ein svært dyktig lærarstab, og kryssar fingrane for at det skal gå bra, seier Odrun Vellene Vevatne til avisa.

LES OGSÅ: Vil at innvandrar skal få lære nynorsk

Det er for gale
Ullensvang er ein av dei neste kommunane som skal stemma over om ein skal innføra nynorsk i vaksenopplæringa. Det skjer i kommunestyret i 14.desember. Om vedtaket går gjennom med fleirtal kjem kommunen til å bytta målform i 2017. Trass i at Ullensvang er ein nynorskkommune har dei til no berre brukt bokmål i vaksenopplæringa. Også her har årsaken vore for få læremiddel på nynorsk.

– Det er for gale. Me har etterspurt det lenge, og ser no at det er fleire kommunar som vil byta språk. Eg meiner det er eit statleg ansvar å sikra læremiddel på begge målformer, seier ordførar Solfrid Borge til Framtida.no. Ho er også styreleiar i Landsamanslutninga av nynorskkommunar.

Også i Ullensvang har brukarane ytra ynskje om å byta frå bokmål til nynorsk. Kommunen har i dag kring 100 elevar på vaksenopplæringa.

– Dei har barn på skulen som lærer nynorsk, og når foreldra skal hjelpa dei med leksene blir det ein klinsj. Eg meiner det er viktig at nynorskkommunane no står saman og byter målform til nynorsk. Då blir det eit større press for å få gode læremiddel også på nynorsk.

LES OGSÅ: – Mållaget må ta sin del av skulda for nynorsksvekkinga

40 kommunar med nynorsk
Noregs Mållag sette i haust i gang NyNorsk-kampanjen for få fleire kommunar til å skifta til nynorsk. Etter vedtaket på Voss er det 40 kommunar med nynorsk opplæring.

– Dette er svært gledeleg. Folkeveksten kjem i heile landet av utanlandsk innvandring, og god norskundervising er avgjerande for god integrering. I kommunar med mykje nynorsk, bør vaksne innvandrarar læra det språket ungane lærer på skulen, og som vert brukt elles i kommunen, seier , seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Sjå kva kommunar som har nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar!

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...