Heim Nyhende Det tettar seg til i nynorsktoppen

Det tettar seg til i nynorsktoppen

Os kommune fekk 135 fleire nynorskeelevar i 2017, og Hå kommune 67 fleire.

– Det gler meg at me har hatt ein så stor auke i nynorskelevar, seier ordførar Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (H) til Framtida.no.

Os kommune, rett sør for Bergen, manglar no berre 23 elevar før kommunen har passert talet på nynorskelevar i Stord.

Os kommune blei medlem av LNK tidlegare år, etter å ha hatt ein pause i nokre år.

– Me er ein nynorskkommune, og bruker nynorsk i kommunikasjonen med innbyggarane vår. Då er det òg naturleg å vera med i LNK, seier Os-ordføraren på klingande osamål.

Hå er størst

Jonas Skrettingland (KrF) er ordførar i Hå kommune, som no er blitt Noregs største nynorskkommune.Stord har lenge vore kommunen med flest nynorskelevar i Noreg. Men for første gong i historia er no Hå kommune på Jæren største nynorskkommune med 2512 nynorskelevar, fem fleire enn Stord.

– Det er veldig kjekt å høyra. Nynorsk er jo ein del av identiteten vår, seier Jonas Skrettingland (KrF), ordførar i Hå kommune.

Hå kommune er språknøytral, men eit langvarig medlem i LNK.

Usikkert etter kommunesamanslåing

I 2020 vil fleire kommunar slå seg saman. Slik det ser ut i dag, vil det vera nye Sunnfjord kommune som får flest nynorskelevar. I dag har dei fire kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal 3107 nynorskelevar.

Like bak kjem Bjørnefjorden kommune (Os og Fusa) med 2890 nynorskelevar og nye Ålesund med 2642 nynorskelevar. Nye Øygarden kommune (Øygarden, Sund og Fjell) har i dag 2543 elevar med nynorsk. Men veksten i talet på elevar med nynorsk varierer, så mykje kan enno endra seg.

Fleire nynorskelevar i seks fylke

I heile Noreg er det 76352 elevar med nynorsk som hovudmål i dette skuleåret. Det er ein ein nedgang på 197 elevar frå sist skuleår.

I Hordaland auka talet på nynorskelevar med 151. Det var òg auke i fem andre fylke.

Oppland hadde størst nedgang i talet på nynorskelevar, her blei det 101 færre elevar med nynorsk dette skuleåret. Seks andre fylke hadde òg nedgang i talet på nynorskelevar.

Talet på bokmålselevar gjekk opp frå 547551 i førre skuleår til 551214 elevar dette skuleåret.

Kommunane med størst vekst i talet på nynorskelevar:

  Elevar i 2017 Elevar i 2016 Auke
Os 2490 2355 135
2512 2445 67
Karmøy 1356 1305 51
Lindås 1481 1439 42
Sund 845 804 41
Ålesund 672 631 41
Stord 2507 2468 39
Vågsøy 620 588 32
234 206 28
Førde 1881 1853 28

Kommunane med størst nedgang i talet på nynorskelevar:

  Elevar i 2017 Elevar i 2016 Nedgang
Sandnes 174 284 -110
Klepp 1619 1673 -54
Tysvær 451 493 -42
Ål 506 545 -39
Sykkylven 877 916 -39
Aukra 312 348 -36
Bømlo 1699 1730 -31
Stryn 941 972 -31
Stranda 490 516 -26
Fjell 1082 1105 -23
Oppdatert: torsdag 14. desember 2017 14.35

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...